Børsane verda over rasar etter at USAs president Donald Trump innførte toll mot mange land førre veke.
Mange kan derfor sjå at sparepengane krympar i dag.
– Vi har opplevd økt pågang både i førre veke, over helga, og no, seier Anders Granstad i Nordea.
Anders Granstad er nestleiar for personmarknaden i Nordea.
Foto: NordeaFleire har spørsmål og bekymring knytt til marknaden. Mange ønsker råd om dei skal endre på sparinga si.
– Det er forståeleg at folk er urolege når dei ser svingingar i marknaden og høyrer om økonomisk usikkerheit.
– Ikkje sel i panikk
– Vi råder kundane til å halde hovudet kaldt og tenke langsiktig med sparepengane sine, men samstundes gå tilbake på sin spare- og investeringsplan og sjå om den framleis står seg og at det ikkje er endringar i han, seier Granstad.
Generelt vil han anbefale kundane å halde seg til den langsiktige investeringsplanen og ha ei breitt samansett portefølje.
– Det er det beste våpenet mot urolege marknadar, seier Granstad.
Sondre Kvernen Nordnes er forvaltningssjef i SpareBank 1. Han seier at også dei opplever auka pågang frå kundane.
– Mange er urolege for sparepengane sine.
Dette er noko av det folk lurer på:
- Bør eg bytte fond?
- Bør eg selje alt?
- Bør eg kjøpe meir no?
– Dette er heilt naturlege spørsmål å stille seg, men for dei aller fleste er ikkje dette tida for å gjere store endringar, seier Nordnes.
Sondre Kvernen Nordnes, forvaltningssjef i SpareBank 1.
Foto: Sparebank 1Han seier at viss ein sel i panikk så risikerer ein å vere ute av marknaden når det plutseleg snur igjen.
– Mange prøver å time marknaden, men det er nesten umogleg, sjølv for profesjonelle.
Er det grunn til å stresse?
– Eg trur dei fleste blir stressa av å logga inn på mobilbanken og sjå fonda sine vere ein del mindre verdt i dag enn dei var for ei veke sidan, seier Nordnes
Han seier at ein ikkje bør stresse over det.
– Dersom ein vil ha god avkastning over tid, så må ein tole at det svingar. Klarer du å kome deg gjennom denne perioden utan panikk, så vil du truleg takke deg sjølv i etterkant.
Granstad i Nordea seier at mange av kundane er trygge i dei risikovurderingane dei har gjort. Sjølv om mange ringer dei, så er det ikkje slik at dei blir «ringt ned».
– Vi merkar oss at kundane har blitt meir motstandsdyktige og erfarne i å handtere svingingar i marknaden.
Rår både unge og eldre til å investere i aksjefond
Lars Erik Moen er sjefsporteføljeforvaltar i Danske Bank. Han er ikkje redd for å rå unge til å investere i fond med tanke på pensjon mange år fram i tida, trass i veldig verdifall no.
Lars Erik Moen, sjefsporteføljeforvaltar i Danske Bank.
Foto: Sturlason AS Polyfoto– Viss du har ein lang investeringshorisont så er det klart at du får veldig mykje betre avkastning ved å sitte med aksjar over tid. Ingen hadde putta ei krone inn i eit aksjefond viss ein trudde ein kunne få like mykje pengar ved å sitte med dei i banken, seier Moen.
Det same gjeld dersom du er 60 år og skal gå av med pensjon om sju år.
– Eg meiner at sju år er så lang tid at det framleis er interessant å investera i aksjemarknaden. Ser ein på dei nedgangane som har vore tidlegare, så er det få gonger du ikkje har fått meir att etter sju år. Eg trur faktisk aldri det har skjedd, eg, at du ikkje har kome i pluss etter sju år, seier Moen.
Han anbefaler å lage ein langsiktig spareplan.
– Få klarer å time både nedgang og oppgang. Difor tener dei fleste på å legge ein spareplan og å halde seg til han, uansett korleis marknadane utviklar seg, seier Moen.
Publisert 08.04.2025, kl. 06.34