Politiet i Møre og Romsdal har sidan februar etterforska saka der ei kvinne i 70-åra frå Romsdal blei lurt med til Tyrkia og svindla for eit millionbeløp.
I april melde politiet at ei dansk kvinne var pågripen i samband med saka.
No er ho blant anna tiltalt for grovt bedrageri.
Ifølge tiltalen skal den norske kvinna ha blitt lurt til å gjere banktransaksjonar som førte til eit tap på 3,5 millionar.
Det er Statsadvokaten i Møre og Romsdal som har tatt ut tiltalen. Den tiltalte har sete fengsla i Danmark sidan ho blei arrestert.
Skal ha hevda at ho var frå politiet
Det heile skal ha starta med at kvinna i 70-åra hadde blitt ringt, og seinare oppsøkt i bustaden sin i Romsdal, av personar som hevda dei var frå Kripos og Interpol.
Politiet har tidlegare opplyst at gjerningspersonane skal ha hatt tett kontakt med kvinna over fleire dagar.
– Den tiltalte lata som om ho var ei polititenestekvinne frå Interpol. Ho fekk den fornærma til å tru at kontoen hennar var hacka og at ho måtte samarbeide med politiet for å få pengane tilbake, står det i tiltalen.
Ifølge tiltalen skal den fornærma kvinna også ha blitt lurt til å kjøpe ei leilegheit i Tyrkia, under eit påskot om at det skulle avdekke bedragarane som hadde tatt pengar frå kontoen hennar.
Vidare står det at bedrageriet blir sett på som grovt fordi det har ført til ei betydeleg økonomisk skade og at det er gjort av fleire i fellesskap, eller har eit systematisk eller organisert preg.
Politiet blei først varsla om hendinga av eit familiemedlem av kvinna.
Lurt med til Tyrkia
Den fornærma kvinna skal også ha blitt instruert til å ikkje kontakte familien eller andre, og å reise til Tyrkia utan å fortelje nokon kvar ho var.
12. februar reiste kvinna til Tyrkia, ho var tilbake i Noreg 18. februar.
Den danske kvinna er også tiltalt for brot på straffelova § 254. Dette for at ho skal ha lurt kvinna til å reise til Tyrkia, gjennom å late som om ho var frå politiet.
– Ho skapte også frykt for påståtte kriminelle gjerningspersonar og økonomisk tap. Ho fekk den fornærma til å tru at det ikkje var andre val enn å etterkome instruksane om å reise.
Saka skal opp i Nordmøre og Romsdal tingrett på nyåret. Det er så langt uklart korleis den danske kvinna stiller seg til tiltalen.
Den tiltalte kvinna skal få oppnemnd ein forsvarar. Det er enno uklart kven dette blir.
Gjennom Kripos har politiet samarbeidd tett med internasjonale politistyresmakter som Interpol og Europol.
I tillegg har politidistriktet samarbeidd med politi både i Danmark og Tyrkia i etterforskinga av saka.
– Viktig
Peter Engebjerg er bistandsadvokaten til kvinna i 70-åra frå Romsdal.
– Vi synest at det er tatt ut ein tiltale som dekker dei straffbare forholda som vi meiner at ho er utsett for, seier han.
– Det var også viktig for ho at det blei tatt ut tiltale for fråtaking av fridom, legg han til.
Advokat Peter Engebjerg.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKPublisert 17.12.2025, kl. 10.05 Oppdatert 17.12.2025, kl. 10.29















English (US)