Lastebil stod bom fast på skjenene – så kom toget

3 hours ago 1



Hendinga skjedde like før klokka halv ni tysdag morgon.

Ein lastebil fekk trøbbel da han skulle køyre over togskjenene ved Evanger stasjon i Voss herad.

Der blei den ståande bom fast og kom seg verken fram eller tilbake.

Ragnar Karevoll blei vitne til da toget køyrde seg fast. Sjølv skulle han levere nokre barn på ein skole med minibuss.

– Eg såg at han stod og kava med kjetting. Han var veldig oppkava, seier Karevoll.

Karevoll måtte køyre vidare for å hente barna, men når han kom tilbake hadde også eit tog dukka opp.

– Da tenkte eg at dette kunne gått skikkeleg gale, seier han.

Føraren av passasjertoget som var på veg mot lastebilen på skjenene hadde heldigvis sett lastebilen i tide.

Evanger.

Tog stansa nokre meter frå lastebilen.

Foto: Ragnar Karevoll / privat

– Fekk tatt ein nødbrems

– Vi skal vere veldig glad for at dette gjekk bra, seier Siv Egge Westin, kommunikasjonssjef i Vy.

Ho kan fortelje om dramaet som gjekk føre seg på innsida av lokomotivet.

– Togføraren såg lastebilen og fekk tatt ein nødbrems i tide til å ikkje treffe lastebilen, seier ho og held fram med:

– Vi er veldig glad vi hadde ein vaken og merksam førar på plass som handterte dette kjempegodt, seier Westin.

Togføraren hadde altså ikkje blitt varsla om hendinga, og kunne derfor ikkje vite at det stod ein lastebil fast på skjenene.

Bremselengde på fleire hundre meter

Westin seier skadepotensialet er stort. Toget var eit stort passasjertog på fleire tonn som går mellom Voss og Bergen.

I tillegg har toget fleire hundre meters bremselengde i stor fart.

– Var bommen oppe eller nede da lastebilen sat seg fast?

– Det veit eg ikkje, men eg vil rekne med at det er ein av dei tinga som politiet sjekkar ut, seier ho.

Siv Egger Westin

Siv Egger Westin er kommunikasjonssjef i Vy.

Foto: Mads Kristiansen / Vy

Ho seier at det går bra med lokføraren.

– Men det er klart at det er ei ubehageleg oppleving, seier ho.

Ho har følgande råd dersom du blir ståande mellom bommane.

– Køyr ned bommen. Og om du står fast, så er det viktig å komme seg ut av køyretøyet og vekk frå kinna så raskt som mogleg, seier ho.

Ho seier trafikken ikkje blei særleg påverka av hendinga. 20 minutt etter at bilbergar kom til staden like etter klokka 9, var lastebilen fjerna.

Publisert 13.01.2026, kl. 16.03 Oppdatert 13.01.2026, kl. 16.10

Read Entire Article