Leif Gunnar Smerud blir etter alt å dømme arvtakaren til Martin Ho i løpet av dagen, bekrefter klubben.
– Det er berre småting som gjenstår, og om alt klaffar i dag så trer han inn i stillinga med ein gong, opplyser medieansvarleg Mette Hammersland til NRK.
Leif Gunnar Smerud landar på Bergen lufthamn i dag klokka ni.
Smerud hadde eit kort opphald som hovudtrenar for kvinnelaget til Crystal Palace i engelsk toppfotball i vår. Tidlegare, frå 2014 til 2023 var han hovudtrenar for det norske U21-herrelandslaget.
Stavanger-mannen fekk ein del mediemerksemd då han tredde inn som hovudtrenar for «Nødlandslaget» i Nations League i 2020.