Lokale Høgre-toppar utfordrar leiinga: Vil stramme inn sjukelønnsordninga

1 hour ago 1



Når Høgre samlar seg på Gardermoen landsmøte i februar, blir det debatt om sjukelønnsordninga.

Lokale Høgre-toppar vil ikkje frede ordninga, og meiner ho må strammast kraftig opp.

– I arbeidet med å få ned sjukefråværet, kan ikkje sjukelønna fredast, seier gruppeleiar i Harstad Høgre, Nina Dons-Hansen til NRK.

Karensdagar er blant tiltaka som har vore drøfta tidlegare, men som fleire av lokalpolitikarane meiner må på bordet igjen.

– Troms Høgre har foreslått at ein i vurderinga av sjukelønnsordninga også vurderer å innføre ein eigendel dei første dagane, seier leiar for Troms Høgre, Benjamin Furuly, til NRK.

Leiar for Høgre i Innlandet, Hanne Alstrup Velure, meiner vi må sjå på det eigenmeldt sjukefråværet for å få ned korttidsfråværet.

– Eg meiner sjukelønnsordninga i Noreg er for raus, blant anna dette med eigenmeldingsdagar, altså fire gongar tre dagar, eller tre gongar åtte dagar for IA-verksemder. Det kan vi ikkje halde fram med, seier ho.

Vil ha reform og forlik

Ordninga har vore freda under Erna Solberg, men i januar opna nestleiar Henrik Asheim for at det kan komme kutt.

– Dersom vi skal diskutere sjukelønnsordninga, for å betre den og få ned sjukefråværet, kan vi ikkje avvise at kutt i ordninga kan bil aktuelt, sa han til NRK.

En mann med mørk dress i et TV-studio.

Nestleiar i Høgre Henrik Asheim.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Saman med stortingsrepresentant Anna Molberg foreslo å invitere dei andre partia på Stortinget for å få til eit forlik om sjukelønnsordninga for å få ned sjukefråværet.

Han fekk støtte frå påtroppande Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide, som sa ho ville ha ei reform av ordninga.

Eigenmeldingar og karensdagar

Debatten om sjukelønnsordninga er ein av dei debattane om arbeidslivet i Noreg som skaper høgast temperatur.

I dag har arbeidstakarar som blir sjuke rett på 100 prosent lønn i opptil eitt år. Men sjukefråværet er høgt i Noreg, og avstanden til nabolanda våre aukar.

I tillegg til kutt i talet på eigenmelde sjukedagar og ta tilbake ordninga med karensdagar, er det fleire av dei som peikar på rolla til fastlegane, og at ein i større grad bør bruke gradert sjukmelding for å få ned korttidsfråværet.

  • En kvinne i en beige jakke deltar i en samtale mens hun gestikulerer med hendene. Bakgrunnen viser en gate med mennesker som går forbi, samt butikker og utemøbler. Det er klart vær og aktiviteten gir en følelse av en travel by. Kvinnen holder en mikrofon og ser ut til å være i ferd med å gi et intervju. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    William Jobling / NRK

    Hanne Alstrup Velure, fylkesleiar Innlandet Høgre

    Eg meiner sjukelønnsordninga i Noreg er for raus, blant anna dette med eigenmeldingsdagar, altså fire gongar tre dagar, eller for IA-verksemder tre gongar åtte dagar. Det kan vi ikkje halde fram med.

  • Ingeborg Tennes, Høyre, byrådssekretær for byutvikling i Oslo, foran freskomaleri i Rådhuset.

    Olav Juven

    Ingeborg Tennes, nestleiar Oslo Høgre

    Vi legg bak oss tiår med ulike tiltak for å få sjukefråværet i Noreg ned. Utan at det har fungert. Når vi no skal sette oss ned og sjå på kva endringar vi ønsker oss for å få ned sjukefråværet, kan ikkje innstrammingar vere teke av bordet før vi ser på heilskapen i dette.

  • Benjamin Nordberg Furuly, gruppesekretær i Troms og Finnmark Høyre.

    Jonas Løken Estenstad

    Benjamin Furuly, leiar for Troms Høgre

    Utviklinga vi ser ser i Noreg i dag, med høgt sjukefråvær, er ikkje økonomisk berekraftig, og kan ikkje fortsette. Troms Høgre har foreslått at ein i vurderinga av sjukelønnsordninga også vurderer å innføre ein eigendel dei første dagane. Det trur vi kan bidra til at vi får ein meir berekraftig helsestat framover.

  • En kvinne med lys, krøllete hår står i et rom med grønne vegger og gardiner. Hun har på seg en mørk genser og en beige blazer, med et emblem på jakken. I bakgrunnen er det en stor, mørk trebord med stoler og møbler med lær. Rommet har store vinduer med hvite gardiner, som slipper inn naturlig lys.

    Tom Ole Buaas / NRK

    Anne Strømøy, fylkesordførar Vestfold

    Eg meiner gradert sjukmelding bør vere hovudregelen. På langtidssjukefråværet må arbeidsgjevar i større grad inn i biletet enn i dag. Og vi må også sjå å portvaktarrollene til fastlegane og styre ho ytterlegare. I tillegg må vi gi større økonomisk tryggleik for personar som har lange sjukdomsforløp som strekk seg over tolv månader.

  • En person iført en lys jakke står i en gate med bygninger i bakgrunnen. Det er en grå himmel, og biler kan ses i veikanten. Omgivelsene tyder på en urban setting. Det er også synlige veiskilt og nyanser av høstfarger i vegetasjonen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Tora Jarnæs Vold / NRK

    Nina Dons-Hansen, gruppeleiar i Harstad Høgre

    I arbeidet med å få ned sjukefråværet, kan ikkje sjukelønnsordninga fredast. Men politikarane må sjå heile biletet når vi skal få ned sjukefråværet. Fastlegane må få nye verktøy for å gjere gradert sjukmelding til hovudregelen. Fokuset må også vriast til forebygging.

  • Fylkesordfører Hans-Jacob Bønå (H)

    Erlend Hykkerud / NRK

    Hans Jacob Bønå, fylkesordførar i Finnmark

    Eg har fleire tiår bak meg med eiga verksemd. Eg meiner det er ganske urimeleg at det alltid er arbeidsgjevar og staten som må ta heile rekninga. Dersom sjukelønnsordninga skal vere berekraftig, må vi få til ein litt breiare spleis. Eg har i hovudsak fokus på det som går på korttidsfråværet, det såkalla tredagarfråværet.

Publisert 29.01.2026, kl. 20.55

Read Entire Article