– Ja, der fekk du det, seier Katrine Lunde til NRK og ler høgt.
Spørsmålet vi stiller er om dette er det hemmeleg trikset som har gjort ho til verdas beste handballmålvakt.
45-åringen varsla før VM i Tyskland og Nederland at dette blir hennar siste meisterskap med flagget på brystet.
Landslagsprofilen som deltar i sitt 25 meisterskap for Norge har herja mellom stengene så langt.
I dei tre av fire kampane ho har vokta det norske buret er ho tre gonger blitt kåra til banens beste spelar.
BANAS BESTE: Katrine Lunde er så langt kåra til banens beste spelar i tre kampar i VM.
Foto: Beate Oma Dahle / NTBI kampen der Norge valsa over Brasil hadde ho ein redningsprosent på elleville 67 prosent.
Lunde har tidlegare avslørt at ho heilt sidan starten av handballkarrieren har analysert motstandarane og skreve det ned i ei bok.
Men målvakta kan og fortelje om eit anna fast ritual ho må gjennom før kamp.
– Eg tar jo koffeintyggis når eg spelar kamp, avslører Lunde til NRK og forklarar vidare;
– Eg føler det er greitt å ha litt ekstra når kampen starta, så det er grunnen til det. For meg funkar det, seier 45-åringen.
Tatt av i engelsk fotball
Trenden med koffeintyggis blir brukt av fleire og har tatt heilt av i Premier League-miljøet.
Ein studie viser nemleg at 97 prosent av profesjonelle fotballklubbar i England administrerer koffein til spelarane, ifølge The Athletic.
– Jaja, det bruker eg! Det er veldig vanleg, sa landslagsprofil Kristoffer Ajer til Nettavisen tidlegare i år.
KOFFEIN: Landslagsspelar Kristoffer Ajer gjere også som Lunde og tek tyggis før kamp.
Foto: Fredrik Varfjell / NTBTil liks med Ajer har Lunde nytta seg av tyggis med koffein i mange år. Men effekten av tyggisen er ikkje den einaste grunnen til at Lunde tyr til dette før kamp.
– Eg drikker ikkje kaffi, så synst det er veldig greitt med tyggis i staden for.
Og ifølgje Lunde er ho ikkje den einaste som tar seg ein tyggis før kamp.
– Det er mange som brukar det. Om man har tyggis eller drikker ting eller kaffi, det er jo litt forskjellig alt etter kva man føretrekker.
Ekstremt utbreitt
Hans Kristian Stadheim har skrevet doktorgrad ved Norges idrettshøgskule om effekten av koffein på idrettsutøvarar. Han har også publiserte fleire vitskapelege artiklar om tema.
Han er ikkje i tvil.
– Den generelle effekten av koffein, det er jo at du blir meir overvaken, altså du får betre konsentrasjon. I enkelte studiar, som har sett på presisjon, ser vi at du blir betre fokusert. Og så er det jo idretten, der det også handlar om å tole meir smerte, slik at du kan gå litt hardare i konkurransar, fortel Stadheim til NRK.
– Ikkje så dumt for verdas beste målvakt?
– Det er ingen tvil om at å bruke koffein for ein handballmålvakt trur eg kan vere prestasjonsfremmande. Ved å klare å halde seg skrudd på heile tida og vere til stades i kampen og halde det på det nivået gjennom heile kampen. Og for dei som spelar ute på bana, då vil det også vere viktig for å ta returløpa og orke å ta dei når du byrjar å bli sliten.
Fram til 2004 var koffein på dopinglista til WADA, Verdas antidopingbyrå. Stadheim fortel at ein studie som vart gjort under dei olympiske leikar same år fann spor av koffein i urinen til 85 prosent av utøvarane.
– Eg trur det er ekstremt utbreitt, men eg trur nok det er veldig variasjon knytt til kor profesjonalisert bruken er, seier forskaren som til dagleg er trenar på privatlandslaget Team Dæhli.
ERFARING: Katrine Lunde har vokta det norske målet i 25 år.
Foto: Paul S. Amundsen / NTBHan trur mykje av suksessen til koffein ligg i at det har få eller ingen store biverknadar.
– Det som kan vere ei lita utfordring, det er jo at ein del av kampane går seint på døgnet og at det vil gå ut over søvnkvaliteten din og restitusjonen din.
Tom for favoritttyggisen
Stine Skogrand er også storforbrukar av koffeintyggis og har brukt det i mange år, men vedgår at det har oppstått eit problem i dette meisterskapet.
– No er jo favorittyggisen til meg og Katrine gått ut. Den er vi tom for, så no skal vi prøve ein ny type, så får vi sjå om det gir same effekt. Vi har fått ein ny som vi skal ta dobbel dose av for å få same effekt, fortel Skogrand.
VILLDYR: Stine Skogrand og Noreg har valsa over motstandarane i VM. Her frå møtet mot Tsjekkia.
Foto: Beate Oma Dahle / NTBEffekten av tyggisen er ho derimot usikker på.
– Eg veit faktisk ikkje for å vere heilt ærleg. No er det lenge sidan eg har prøvd utan, så om det verkar som det skal, det veit eg ikkje. Det kan godt hende det er litt placebo.
For Maren Aardahl har den populære tyggisen måtte vike for energigel.
– Eg har også brukt det, men man kan og bli litt kvalm av det, og det blir eg. Så då brukar man andre ting.
Forsvarskjempa, som i dette meisterskapet har stoppa det meste av motstandarane sitt angrepsspel, er ikkje i tvil.
– Veit ikkje om det er placebo eller ikkje, men det spelar ingen rolle, det funkar veldig bra.
Publisert 09.12.2025, kl. 12.17


















English (US)