Lykke er redd for rakettar – fleire hundar får avslappande medisinar

3 hours ago 4



– Ho blir skjelven og stressar skikkeleg. Så prøver ho febrilsk å gøyme seg bak TV-benken, seier Espen Grøstad.

Den vesle hunden hans blir frå seg av frykt når ho høyrer og luktar rakettar.

– Lykke må skånast så godt vi klarer. Vi har prøvd fleire ulike medisinar for å prøve å hjelpe henne, seier Grøstad.

Veterinærar opplever at fleire hundeeigarar ber om avslappande medisinar til dyret sitt for å takle nyttårsaftan.

– Mange desperate eigarar ringer oss, fordi hunden deira er veldig redd. Dersom du fryktar at hunden din kan bli skremt og treng medisin, er det lurt å kontakte veterinær nå.

Det seier veterinær Camilla Lilleholt ved Agder Dyreklinikk.

I denne saka kan du lese om korleis kjæledyret ditt kan få ei meir harmonisk feiring.

  • en hund som sitter på et bord (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Hunden Lykke treng ekstra avslappande når rakettene blir skotne opp.

    Foto: Håvard Axel Kator / NRK
  • en mann som kysser en hund (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Når Lykke blir redd for smellane er eigar Espen Grøstad der med mykje kjærleik.

    Foto: Håvard Axel Kator / NRK
  • En person som holder en hund (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Espen Grøstad og Lykke er trygge på kvarandre og har fått ei betre nyttårsfeiring.

    Foto: Håvard Axel Kator / NRK

Livredd for rakettar

Det starta med ein høg lyd for nokre år sidan.

Sidan den gongen har den ni år gamle dansk-svenske gardshunden hatt rakettane som fiende.

– Vi må gi henne medisinar heile året for å førebygge frykta. Når nyttår nærmar seg set vi i tillegg på ein duftspreiar med tryggleiksferomon for auka roande effekt, seier Grøstad.

en person som holder en sprøyte (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Dersom hunden din er frykteleg nervøs på nyttårsaftan kan du be veterinæren om å skrive ut ein resept på avslappande middel. Men, rekn gjerne litt tid for å finne rett medisin for hunden din.

Foto: Håvard Axel Kator / NRK

Familien har brukt fleire tusen kroner på åtferdstrening og på å finne den beste medisinen for Lykke.

Og mørke gardiner.

– Når klokka blir kvart på tolv må enten kona eller eg ta med oss hunden inn på eit rom med dunkel belysning. Her må vi sitte og lytte til radioen saman med Lykke, mens rakettane smeller seg ferdig der ute.

– Blir ikkje det litt stussleg feiring for dykk?

– Det tenker vi ikkje på eingong for det er den beste måten å hjelpe henne på, seier Grøstad og stryk Lykke over hovudet.

Les veterinær Lilleholt sine råd for korleis du kan skåne kjæledyret ditt på nyttårsaftan.

Blir hunden eller katten redd for rakettane?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Desperate eigarar

Veterinærforeininga peikar på at auken i bruken av medisinar kan henge saman med at fleire bur i byar, og at fleire hundar er sensitive.

– Skarpe lydar står på lista over det ein bør øve på med kvalpen. Viss nyttårsaftan blir eit sjokk så får du gjerne ein hund med eit problem for alltid, seier leiar for Smådyrpraktiserende Veterinærers Forening, Hilde Røssland.

Ei anna årsak til at fleire hundar får avslappande medisinar kan vere at eigarane er flinke til å be om hjelp.

Det seier veterinær Camilla Lilleholt ved Agder Dyreklinikk.

– Dagens hundeeigarar undersøker mykje sjølv, og eg synest det er bra at fleire brukar medisinar når det trengst. Da slepper hundar unødvendig stress.

Ifølge Lilleholt blir om lag 50 prosent av alle hundar og 20 prosent av alle kattar redde på nyttårsaftan.

– Hos rundt 20 prosent av hundane er frykta så sterk at ho utviklar seg til fobi.

En mann og en kvinne sammen med en hund.

Veterinær Camilla Lilleholt saman med hunden Lykke og eigar Espen Grøstad. Lilleholt hjelper mange hundar som er redde for rakettar.

Foto: Håvard Axel Kator / NRK

Roleg julemusikk

For Lykke er besøket hos veterinæren endeleg ferdig, og ho drar utolmodig i bandet.

– Vi legg alltid opp til ein lang tur på dagtid, og eit stort måltid for å gjere henne søvnig før feiringa startar, seier Grøstad.

– Blir de i familien også stressa når Lykke strevar?

– Ja, det er klart vi kjenner på det for vi ser jo kor redd ho blir. Men, medisinane, roleg julemusikk og kos hjelper mykje, seier han.

en person og en hund (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

9 år gamle Lykke er ein kosehund, men når det smell i rakettane blir ho vettskremt. Da er eigar Espen Grøstad god å ha.

Foto: Håvard Axel Kator / NRK

Publisert 30.12.2025, kl. 12.00

Read Entire Article