Må statuen ned no?

2 hours ago 3



«Vårsøg» har blitt kåra til den vakraste visa i Noreg.

Aleksander Rybak, Jonas Benyoub, Nils Petter Molvær, Multicyde, koreanske JTL, Sigmund Groven, Henning Sommerro og radioprogrammet «Nattønsket» – alle har dei ein musikalsk versjon av diktet.

No er diktaren bak «Vårsøg» skulda for overgrep mot barn, 24 år etter sin død.

På Nordmøre har det rysta bygda som har bygd heile identiteten på diktaren.

Infoskilt som tilrår folk å besøke Hyldbakk-heimen Kleiva

Midt i sentrum står dette infoskiltet som tilrår folk å besøke Hyldbakk-heimen Kleiva. Ved trappa i biletet er det skilta tursti opp til diktartunet. På andre enden av storgata står bysta av Hans Hyldbakk.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Ur-diktet

Det er eit spenn i livet til diktaren Hans Hyldbakk:

Han debuterte som diktar i 1918, men måtte vente heilt til 1977 før han slo gjennom nasjonalt.

Han blei fengsla for skinkesteling i 1918, og hamna i fyllearresten i Kristiansund i 1992.

Mann sitt og skriv

Hans Hyldbakk på diktarheimen Kleiva.

Foto: Hans Hyldbakk med sjølvutløysar / Nordmørsmusea

Under krigen gøymde antinazisten Hans Hyldbakk tekstane sine i ein blekkboks i ei steinur. Da freden kom i mai 1945, grov han dei fram.

Éin av dei var «Vårsøg» – eit bilete på nettopp freden:

No skin det sol e høgste Svealiå
No bli det vår, det kjeinne e så vel

«Vårsøg» handlar også om at ein skal vere takksam for sommaren som var, når hausten kjem.

I haust var det bekmørkt i Surnadal.

– Riv ho ned

John Sogge voggar på ei to veker gamal jente, eit stykke bortafor det som inntil nyleg heitte Hotell Vårsøg.

Bak han står bysta av Hyldbakk.

– Eg blir jo irritert over at slike blir glorifisert. Om det stemmer at han har forgripe seg på barn, må me jo få fjerna den statuen, seier den ferske faren.

Mann med fersk baby i sete framfor kommunehuset og banken i Surnadal.

John Sogge med fersk arving.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Han legg til at nesten alt i Surnadal er knytt til Hans Hyldbakk.

– Me har alltid høyrt mange rare rykte om han. Men me har jo andre dyktige karar her, som Henning Sommerro. Ja, me får heller få opp ei byste av han, seier Sogge.

Mange rykte rundt diktaren har svirra i mange tiår. Kvifor bygde bygda så mykje rundt han?

en mann og kvinne som går utenfor en bygning

Hans Hyldbakk vaktar dei fleste tenestene rundt kommunehuset.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Gravskjending

Eit steinkast unna Hyldbakk-statuen, midt i sentrum, bur Holger Skei (80) i eit enormt gult gardshus frå 1800-talet. Han liker særs dårleg det som no skjer i bygda.

– Eg tykkjer det er gravskjending, seier Skei.

Han meiner at nokon vil rive ned ettermælet til diktaren.

– Han drakk seg full ofte, ja, og eg trur han var krevjande person då han var på sjukeheimen. Men no har han vore død i 24 år, kvifor rippe opp i dette? spør han.

et eldre par som sitter på en sofa

Holger og Kirsti Skei tok seg av det meste rundt Hyldbakk dei siste åra kunstnaren levde.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Skei er nok den levande personen som har vore mest saman med Hans Hyldbakk.

– Eg må be deg om å ikkje rote med dette no. Det er betre til fortare det blir stilt, seier han, før han byrjar å fortelje.

Diktarheimen

Det er bratt opp til Kleiva, som diktaren bygde rett før krigen (etter å ha tapt ei rettssak om å få ta over den enkle husmannsplassen han vaks opp på).

Frå Kleiva er det utsyn over heile bygda, her song Hans Hyldbakk salmar ned om søndagsmorgonane, og frå her klauv han opp og ned til sentrum.

Det var kanskje difor han blei såpass sprek, og fekk leve innom både 1800-, 1900- og 2000-talet. Diktaren hadde aldri klokke, bil eller førarkort, og var knapt utanfor bygda.

Hyldbakk fekk heller aldri kone eller familie, og donerte pengane sine til kommunen. Dei har blant anna blitt brukte til å byggje utescene ved diktarheimen.

en statue av en person

På utescena står den andre statuen i Surnadal av Hans Hyldbakk. Den er skoren med motorsag.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Denne haustdagen få dagar etter at bomba sprakk, har ein pensjonist tatt den populære turen opp til Kleiva og skodar ned på bygda. Mannen er ikkje glad for oppstyret.

– Eg synest ikkje det skulle blitt dratt fram. Det er for lenge sidan. Offera er jo 70-80-åringar. Eg veit ikkje kva som har gått føre seg, men det var jo rykte, seier han.

– Det er eit karakterdrap. Han fekk jo kongens fortenestemedalje i gull.

Ordføraren

Det var ordførar Hugo Pedersen (Sp) som sleppte bomba i slutten av september:

– Eg som ordførar har det siste året blitt kontakta av, og hatt samtalar med, fleire personar som har fortalt at dei har blitt utsette for seksuelle overgrep då dei var mindreårige, kunngjorde han.

Han hadde berre vore ordførar i nokre månader da det våren 2024 kom signal om overgrep.

Ordførar på kontor framfor eit større NRK fjernsynskamera med kameralampe. Persienner trukke ned, framfor datamaskin.

Ordførar Hugo Pedersen etter dei gjekk offentleg med varsla.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Det er veldig alvorlege ting. Fortalte av nolevande personar. Det var ei veldig vanskeleg sak.

Ordføraren ser prega ut. Han har ordført skuldingar mot ein person som døydde for 24 år sidan, og som ikkje kan ta til motmæle.

Fleire eldre eg har snakka med meiner ein framleis burde legge lokk på dette, når det var på 1950-, 60- og 70-talet hendingane skal ha skjedd?

– Mi vurdering var at det finst offer i dag som har det veldig vondt. Og det er dei eg følte at fortente å få anerkjenning og å bli trudd på. Det er ei vond sak, det er det.

Kommunen oppretta også ein telefon «for utsette, pårørande, eller andre råka» av overgrep.

For mange tiår sidan skal fleire i bygda ha varsla skule og lærarar om vonde ting som hadde hendt. Det skal ha blitt dyssa ned, ifølge kjelder NRK har snakka med.

en gruppe mennesker som står utenfor

Diktaren blir vist fram og hylla frå bygda – som ei årleg hending.

Foto: Tidens Krav / Nordmørsmusea

Hylla

Trass rykta har Surnadal skjenka Hyldbakk statue både ved kommunehuset og på diktarheimen. Hyldbakk-bilete heng i storsalen på både kommunehuset og kulturhuset.

I tillegg har han hatt både festival og hotell kalla opp etter diktet sitt.

  • Et skilt på en murvegg

    Vårsøg Hotell har ikkje fjerna alle logoar etter det blei omdøypt til Hotel Surnadal

    Foto: Webjørn S. Espeland / NRK
  • en vegg med bilder på

    I kommunestyresalen er det eit Hyldbakk-bilete av heimen til diktaren. I storsalen på kulturhuset eit anna Hyldbakk-bilete.

    Foto: Webjørn S. Espeland / NRK
  • Et nærbilde av en tavle

    Litt gatedekor i Surnadal

    Foto: Webjørn S. Espeland / NRK
  • et nærbilde av en bok

    Festival

    Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Det var dåverande kultursekretær Dordi Skuggevik som i 1982 var pådrivar for å få opp statuen i sentrum.

en eldre mann som holder en tegning

Skuggevik (80) med eit bilete av seg sjølv og Hyldbakk tidleg på 1980-talet.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Hyldbakk hadde gitt oss vår historie og røter med 11.000 sider lokalhistorie av høg kvalitet. I tillegg uttrykte han vår kjærleik til heimstaden i særs høgtståande lyrikk og språk.

I staden for ein bronsehjort ved kommunehuset, blei det altså hovudet til Hyldbakk. Sjølv om det var mykje folkesnakk.

en statue av en person

På sokkelen står det utdrag av Surnadalssongen som Hyldbakk skreiv. Skulptøren Tore Bjørn Skjølsvik har blant anna laga smått ikoniske statuar av Rex Rodney, Oddvar Brå, Nils Arne Eggen, «Fotballspilleren» i Ålesund, «Klippfiskkjerringa» i Kristiansund og «Gatebarnas far» ved Plata i Oslo.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Alle eldre folk visste kva Hans heldt på med. Alle forstod at opp til Kleiva skulle ein ikkje sende barna sine aleine, hevdar Skuggevik.

– Så korleis kunne du trykke på for denne bysta?

– Vi kjente ikkje detaljar. Ingen offer hadde stått fram, berre rykte. Men det blei tømt ein boks med raudmåling over bysta, som var stort arbeid å få vekk.

Hyldbakk-bysta årsak til ekstra stort tog i Surnadal

«Diktar’n skulle avslørast for evig og alltid», skreiv avisa. Sjølv uttalte Hyldbakk: – Eg har fått hovudet mitt på stake.

Faksimile: Driva 19.5.1983 / NRK

Ein liten klunk

Det er eit pussig klipp i NRK-arkivet frå 100-årsdagen til Hans Hyldbakk i 1998. Jubilanten sit på ein benk heime på Kleiva, festkledd i dressjakke og strikkegenser.

Tre menn på ein benk, Hyldbakk festkledd og med ei flaske Nyco med brunt innhald.

Da Dagbladet intervjua Hyldbakk på 100-årsdagen, sa han blant anna om Lewinsky-saka: – Han Clinton ser ikkje forskjell på moral og oral.

Faksimile: NRK-arkivet / NRK

Midt i intervjuet finn han fram ei flaske med lilla etikett. Det er Nyco fruktsalt mot halsbrann, men innhaldet ser ut som brunt brennevin.

– Hans Hyldbakk synest både boka og 100-årsdagen fortener ein liten klunk, seier reporteren.

Bileta viser at diktaren ikkje tar seg ein spesielt liten klunk. Ved sida hans sit biograf Svein Sæter.

– Det er no sjampanjebrus det da, seier han til avmålt humring.

27 år seinare fortel Sæter at Hyldbakk ikkje drakk med måte.

Han var vrang i fylla, kunne vere stor i kjeften og anna. Han var nok det vi i dag kallar ein periodedrankar.

en mann som står på en åker med sau rett bak seg...

Svein Sæter har skrive to bøker om og med Hans Hyldbakk. Han blei først godt kjent med Hyldbakk da han var 99 år. – Eg vaks opp i nabokommunen. Difor gjekk nok mange av rykta meg hus forbi. Som journalist tar eg heller ikkje alle rykte for god fisk, seier Sæter.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Det som berga han var truleg at han hadde dårleg råd. Han drakk når han hadde noko, og så var det tomt. Sjølv ikkje den gong blei du feit på å vere frilansar i avisene og lokalhistorikar, seier Sæter.

Sæl er den som i sitt indre
ser si eiga rikdom sol,
sjølv om berre ho kan tindre
gjennom sprit og alkohol.

Hans Hyldbakk i «Kong Alkohol», 1986

Mann med sixpence drikk øl

Hans Hyldbakk heime på Kleiva 99 år gamal i 1997.

Foto: Lars Eivind Bones / Bones

Forfattar Svein Sæter peiker på ein annan ting:

– Det som slo meg i samtalane med Hans, er at han levde i 103 år utan nokon gong å komme til vissheit om si eiga seksuelle legning.

Gjennombrotet

Forfattar Edvard Hoem har kalla Hans Hyldbakk ein av songarane i det norske landskapet, saman med Jakob Sande. Dikta deira er rytmiske og melodiske.

Hoem hevda at det krevjande dialekt-språket til Hyldbakk stengde vegen til det store publikum, men at sambygdingen Henning Sommerro opna vegen opp att.

en gruppe menn som står ved siden av en maskin

Spellemannprisen 1978 der gruppa Vårsøg både spelte og vann. Henning Sommerro th. tonesette 30 dikt av Hans Hyldbakk på 1970-talet.

Foto: Vidar Knai / NTB

19 år gamal tonesette Sommerro i 1971 diktet «Vårsøg», og seks år seinare kom visa inn på Norsktoppen.

Da blei diktet til 79 år gamle Hyldbakk kjent for heile Noreg.

musikalske.net

Norsktoppen – 19. august 1977. Sommerro kunne blitt mangemillionær da den same melodien blei stor i Korea.

Faksimile: musikalske.net

Henning Sommerro fortel at han ikkje blei overraska over skuldingane og at noko lenge har ulma i bygda. Han blei sjølv åtvara av mora om Hans Hyldbakk.

– Eg skulle ikkje bevege meg opp til Hans utan å ha med meg nokon, meinte ho, fortel Sommerro.

Han har sjølv gjennom åra spurt rundt om kva som er sant og ikkje sant i alle rykta.

– Men det var liksom aldri svar å få, det var ingen som visste noko. Så det vart liksom tidd i hel.

– Langt frå helgen

Venen Holger Skei var sjølv innom diktaren fleire gonger som ung bærplukkar, utan å oppleve ubehagelege ting.

en gruppe mennesker som jobber utenfor

Henning Sommerro, Hans Hyldbakk og Holger Skei under innspeling av kortfilmen «Kleivakongen» i 1985.

Foto: Tidens Krav / Nordmørsmusea

– Kva tenker du om å fjerne statuen ved kommunehuset?

– Nei! Det synest eg er heilt banalt. Ein må skilje mellom dei svake sidene til Hyldbakk og livsverket hans. Det kom ei bok der Prøysen ikkje blei godt omtalt etter sin død, men dei stengde ikkje Prøysen-stua av den grunn.

– Det er ein viss forskjell på å bli omtalt som homofil og bli skulda for overgrep?

– Ja. Eg veit ikkje kor mykje overgrep det var. Det går an å påstå kva som helst no, etter at han er død får han ikkje til å forsvare seg.

Skei meiner det hadde vore vesentleg betre om Hyldbakk hadde fått forklare seg i ei rettssak medan han levde.

– Det blei jo også prata om for femti år sidan om at han hadde ei spesiell seksuell legning. Det gjekk rykte, men det var ikkje nokon som visste noko meir. Så blei det stilt.

– Om det berre hadde roa seg no også, seier venen.

– Brenn diktarheimen

Arva som Hyldbakk gav til Surnadal kom med klare føringar, blant anna når det gjaldt vedlikehald av diktarheimen Kleiva. Det blei også oppretta eit fond som skulle dele ut ein Kleiva-pris til lokale kulturberarar.

Frp-politikaren, islamkritikaren og kulturmennesket Dordi Skuggevik (80) har fått den prisen, og kjente Hyldbakk godt.

en mann som står i en skog

Skuggevik meiner at det no er den gamle tida som krasjar med den nye tida.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

I dag har 80-åringen eit friskt forslag:

– Sett fyr på diktarheimen Kleiva og brenn han opp. Men la statuen stå.

Ho meiner at staden der overgrepa skal ha skjedd bør bli til oske, som ei slags reinsing. Statuen ho sjølv var med på å få opp, skal derimot stå for å hylle kunstnaren, og:

– Minne oss om brestane me alle har. Den som sjølv føler seg rein og perfekt kan kaste den første stein.

– Korleis trur du det er for offera å gå forbi den bysta?

– Eg meiner ein må skilje mellom kunstnaren og mennesket. Og det er ikkje lett å vere menneske, ikkje sant.

Kva bør skje?

Tidlegare stortingspolitikar Jenny Klinge (Sp) frå Surnadal synest det er vanskeleg å seie kva kommunen skal gjere med Hyldbakk-identiteten sin.

Jenny Klinge smiler med skjerf

Jenny Klinge meiner saka minnar om utfordringa med Michael Jackson. Kan ein skilje mellom kunstnaren og personen?

Foto: Jan Erik Finsæther

Som varaordførar gjekk ho dagleg forbi statuen, og er einig med dei som meiner at han ikkje lenger bør stå der.

– Eit alternativ kan jo vera å plassere statuen på ein mindre sentral plass. Eg meiner det er mogleg å verdsette den kulturelle arven vi har etter Hyldbakk samtidig som vi ikkje driv med noko glorifisering av han, seier Klinge.

Ho har full forståing for at det no kjem eit oppgjer.

– Og vi må kunne tale ope om forferdelege ting. I den framtidige forteljinga om Hyldbakk bør vi kunne balansere mellom respekt for kunstnaren og verket hans og respekt for offera.

Surnadal har altså fått sin Michael Jackson og sin Knut Hamsun. Korleis løyse det?

  • Tom Erik Sørensen og Henning Sommerro

    Mari Langva / NRK

    Henning Sommerro, komponisten som «breaka» Hyldbakk

    – Huff, det der får dei styre med i Surnadal, eg skal ikkje blande meg med kva som skal skje med statuen.

    – Det blir i alle fall ikkje fleire arrangement på Kleiva, og den hyllinga må naturlegvis slutte heilt. Men statuen står no der, samstundes skjønnar eg at det er vanskeleg for dei som har vore utsette for ting å gå forbi den.

  • en mann som står foran en statue foran en bygning

    Webjørn S. Espeland / NRK

    Jan Leif Furuhaug, pensjonert etatsjef.

    – Bysta bør få lov til å stå der ho står.

    – Han karen der har etterlate seg ein arv som er verdt å ta vare på. Og dette skjedde for ganske mange år sidan, og det skjedde i ei spesiell tid.

    Han peiker blant anna på at da forbodet mot homofili blei oppheva i 1972, var Hyldbakk 74 år gamal.

  • en kvinne med langt blondt hår

    Astrid Meland, kommentator VG, bur i Surnadal

    Eg veit eigentleg ikkje, når eg tenker meg om.

  • en person som står på et podium

    Webjørn S. Espeland / NRK

    Nils Petter Tonning, kommunestyret (Frp)

    – Eg har lyst til å fjerne statuen, med tanke på dei som er berørte. Han står jo ganske sentralt her. Statuen må leggast ned og fjernast til vi får ei avgjerd på kva dei vil gjere med han.

    – Me må tenke på dei som er berørte av dette no, som må gå forbi alt som vedkjem Hyldbakk her i Surnadal.

Offer

Ingen av dei som har varsla om overgrep har til no ønska å la seg intervjue av NRK. To personar har stått fram i lokalavisene.

– Eg hatar kroppen min. Seksualiteten er forstyrra, og eg har vore redd menn. Eg hata å dusje på skulen og har i stor grad halde meg unna sosiale samankomstar, sa éin av dei to intervjua.

Overgrepa det er varsla om er det som i dag ville blitt kalla seksuelle handlingar.

Vedkommande sa at han ikkje har noko imot at folk syng «Vårsøg» og les bygdebøkene til Hyldbakk, men at «forgudinga må ta slutt» og at bysta må bort snarast.

Eit tun med raudt og gult hus, samt ei utescene med utstikt over bygda, spreidde furuer, vakkert haustlys

Etter avsløringane byter festivalen Vårsøghelga namn. Den tradisjonsrike Kleivakvelden her på diktarheimen blir tatt ut av programmet.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Vakthald

Nyleg vedtok ein i Surnadal å setje ned ei gruppe for å sjå på kva ein skal gjere med statuen ved kommunehuset, samt alle dei andre hyllingane av Hyldbakk i bygda.

Det har også blitt sett på om ein skal sette inn ekstra vakthald, etter forslaget om å brenne ned staden.

Bør Surnadal ta ned statuen i sentrum?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Ballongen som eksploderer

I samtaleboka frå 100-årsdagen går det tydeleg fram at Hyldbakk levde ei beite:

– Eg kjem i hau da han onkel Ola i 1905 skulle i veg og skyte svenskar. Da fekk eg stor beundring for han.

Før Hyldbakk på neste side seier:

– Amerikanarane er på krigsstien no, og vil ha med seg alle i krig mot han Saddam Hussein.

en person som holder en pinne

Hans Hyldbakk på diktarheimen 99 år gamal.

Foto: Lars Eivind Bones / Dagbladet

På sida etter seier Hyldbakk noko som no er aktuelt:

– I kristendomen er det synd og styggedom alt som høyrer kroppen til. (...) Bedehusfolket påstår enda at utgliding og umoral kjem av at folk er for nakne. Eg påstår det motsette.

– Om det ikkje var så mykje hemmelegheitskremmeri, ville det ikkje vore så mykje overgrep og valdtekt. Det er ballongen som eksploderer, dette.

Sa Hyldbakk 27 år før han sjølv altså blei skulda for overgrep.

en mann som skyver en rød vogn med et rødt hjul

Hans Hyldbakk på eldre dagar.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Kjelder:

Einar Sæter og Svein Sæter: «Hans Hyldbakk – Samtale med ein 100-åring», Samlaget, 1998.
Svein Sæter (red.): «Vårsøglandet», Samlaget, 2008.

Publisert 26.11.2025, kl. 11.44

Read Entire Article