– Ungane mistar frukosten i barnehagen og eg kjem for seint på jobb. Det går rett og slett ikkje rundt.
Malene Sundquist ifrå Lofoten har to små barn, og ein sambuar som er fiskar og er fire veker på havet i gongen.
Som mange andre kjenner ho på tidsklemma i kvardagen, men i sommar dukka det opp eit problem som har gjort ting verre.
– Det er ei stor belastning med ein tunnel som set ein stoppar i kvardagen. Ein kjenner seg fanga og jaga av den klokka heile tida.
Malene bur på Napp på Flakstadøya i Flakstad kommune i Lofoten.
Ungane går i barnehage på Leknes i Vestvågøy. Der er også jobben hennar, den nærmaste matbutikken og legekontoret.
For å kome seg dit må dei gjennom Nappstraumtunnelen. Men den er ikkje alltid open.
Den nær 1,8 kilometer lange Nappstraumtunnelen på E10 er bygd på tidleg 90-talet. Tunnelen lev ikkje lengre opp til dei moderne standarane, og må oppgraderast med nye tryggingssystem og havariplassar.
Difor starta Statens vegvesen arbeidet 18. august og stengde tunnelen med kolonnekøyring ein gong i timen frå kvar side.
Det skapar utfordringar for lokalbefolkninga og næringslivet.
Marlene Sundquist seier om dei ikkje får hjelp frå foreldre og familie, må ho ta ut ferie for å få ting til å gå rundt.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRKMüslibar og riskjeks
– No er det berre 14 minutt til eg må vere tilbake til den andre tunnelkøen, seier Sundquist medan ho køyrer gjennom undervasstunnelen.
Ho skal hente i barnehagen på Leknes.
I bilen har ho müslibar og riskjeks til dei dagane dei ikkje når tunnelen sine opningstider og kan bli ståande i fleire timar.
– Det seier litt om situasjonen, når me må ha matlager i bilen, for å overleve, seier ho.
Sundquist anslår at ho brukar om lag to timar på kolonnekøyring om dagen. Det er tid ho ikkje har.
Ute av tunnelen har ho mellom 10–15 minutt til å hente barna i barnehagen og vere tilbake ved tunnelopninga igjen.






Malene kikar på klokka, vil ho rekke det?
Brynjar Myrtveit Osgjerd– Om me ikkje får hjelp frå foreldre og familie, som me er fullstendig avhengig av, så må eg enten ta ulønt-permisjon frå helsefagjobben, eller ferie, seier Sundkvist.
Om dei ikkje rekk den kolonnen er det ein time å vente til neste, det blir for seint for dei små.
– Det er liksom alltid på minuttet, seier ho.
Ordførarane reagerer på trafikkavviklinga.
Johnny Finstad, ordførar Vestvågøy, seier at dei vart førespegla kontinuerleg følgebilkøyring, han er skuffa over korleis det har blitt.
– Det får konsekvensar for dei som til dømes har barnehageplassar, har sjukehusbesøk, har andre ting som skjer på Vestvågøy.
Han meiner at lokalsamfunnet tek den største kostnaden og at det er ikkje berre småbarnsfamiliar som blir ramma av få gjennomslepp.
Jonny Finstad
Ordførar i Vestvågøy kommune for Høyre
– Dei hadde eit val om å bygge eit nytt tunnellaup, det blei litt dyrare for dei. Dermed valde dei heller å delvis lamme lokalsamfunnet gjennom to år.
Også ordførar i Flakstad kommune, Einar Benjaminsen, som ligg på andre sida av straumen meiner Vegvesenet ikkje leverer det dei hadde førespegla.
– Første dagen hadde dei nærare 40 telefonar frå innbyggarar, særleg i Flakstad, men også elles nokon utanom, som reagerte på systemet som slepp igjennom trafikk éin gong i timen, seier Benjaminsen.
Einar Benjaminsen
Ordførar i Flakstad kommune for Flakstad distriktsliste
– Uthaldeleg
Framme ved barnehagen, spurtar Sundquist inn og få minutt etter kjem ho springane ut med dei to små.
I dag måtte skoa til minstemann vere att i barnehagen. Det vart ikkje tid til å ta dei på.
Ungar, bilbelte og barnestol er sikra.
Det er berre få minutt att til tunnelkøen byrjar å bevege seg att, og denne gongen kjem dei til å rekke det.
– Det er vel estimert at det skal ta to og eit halvt år. Det er uthaldeleg sånn som det er no.






Me rakk det akkurat
Brynjar Myrtveit OsgjerdProsjektleiar Jan Eliassen i Statens vegvesen fortel at dei har planlagt trafikkavviklinga med faste gjennomslepp for å gjere det føreseieleg, men skjønar at det er ei utfordring for lokalbefolkninga som brukar tunnelen mykje.
Etter fleire tilbakemeldingar har dei difor endra på dette.
I rushtida om morgonen og på ettermiddagen har dei no gjennomslepp ein gong i kvarteret. Men utanom det er det framleis kolonnekøyring kvar time.
Det meiner Sundquist er dumt for dei som har fritidsaktivitetar.
– Eg har jo sagt mange gonger i stressande situasjon til sambuarar at eg ønsker ikkje å bu her meir fordi det er så stressande. Det er eit jag over meg heile dagen.
– Arbeidet er nødvendig
Utfordringa er at det ikkje finst omkøyringsmoglegheiter, og entreprenørane treng eit arbeidsvindauge for å halde framdrifta, ifølge prosjektleiaren.
Han seier dei ikkje kan kontinuerleg gjennomslepp heile tida på grunn av arbeidet i tunnelen, og av omsyn til sikkerheit.
I tillegg meiner dei at faste tidspunkt er meir føreseieleg, og ein er garantert å kome med.
– Om me skulle ha delt opp i kontinuerleg køyring, så kan det hende du kjem for seint til køen. Det er faktisk heilt opp i 100 bilar, og om du då kjem bakarst, så kan du risikere å ikkje kome med. Då blir det opphoping og mykje kø.
Jan Eliassen
Prosjektleiar i Statens vegvesen
Vegvesenet har forståing for at ventetid skaper problem, men tunnelsikkerheitsforskrifta gjer arbeidet nødvendig.
– Tunnelsikkerheitsforskrifta er krystallklar på at dette arbeidet er nøydd til å bli utført. Det må gjerast.
Publisert 09.11.2025, kl. 17.13

















English (US)