Meteorologen: – Vêrgudane held ein paraply over Noreg denne veka

2 weeks ago 15



I Brussel i Belgia er det venta opp mot 30 mm nedbør dei neste dagane. Til samanlikning får regnbyen Bergen rundt 3 mm.

Vêrgudane held nemleg ein paraply over landet, melder meteorologane. Berre Sør-Spania og Portugal får mindre nedbør enn Noreg denne veka.

Årsaka til det tørre vêret er rett og slett at vi slepp unna ei lågtrykksbane som har treft resten av Europa. Det er ikkje så uvanleg, og skjer eit par gongar i året.

– Men det er litt artig, sidan Noreg er kjent som eitt av dei våtaste landa i verda. Når vi då hamnar på det tørre, er det litt spesielt, fortel statsmeteorolog Magnus Ovhed.

regn-bergen-080823r-ho

Fram til fredag er det relativt tørt i regnbyen Bergen. Her frå ein våt sommardag i fjor.

Ingen Portugal-temperaturar

Det blir likevel litt nedbør i Sør-Vest og i Nord. I området frå Stavanger og ned mot Sør-Agder kan det bli opp mot ti millimeter fordelt på heile veka. Det same gjeld heilt nord i landet.

– Det blir neppe noko meir enn ti millimeter fordelt over heile veka, så det er relativt små mengder, seier Ovhed.

Men til trass for den tørre veka, kan vi nok ikkje vente oss Portugal-temperaturar med det første.

Varmast blir det i Midt-Noreg, der temperaturane kan bikke ein ti-tolv grader.

– Det blir lite nedbør, men ei relativt kjølig veke over det ganske land, seier Ovhed.

Kaldast blir det i Finnmark.

Statsmeterolog Magnus Ovhed

Statsmeteorolog Ovhed held til i Tromsø, men skal ein tur til Oslo i helga: – Der kan det bli over ti grader, så det er sommartemperatur for meg.

Foto: Privat

Til helga kan vi vente oss litt fuktigare temperaturar, men ikkje noko radikale mengder nedbør. Så vi treng ikkje bekymre oss for at vi «får igjen» for den tørre veka.

Når det gjeld vind ser det ikkje ut til å bli nokon stad som får noko spesielt med vind.

– Litt kuling i periodar vil det bli langs norskekysten, men det er heilt normalt, seier Ovhed.

Publisert 15.04.2024, kl. 11.32 Oppdatert 15.04.2024, kl. 11.42

Read Entire Article