Riksrevisjonen: Brot på Grunnlova og kritikk til departementet i NSM-saka

2 weeks ago 20



– Dette er ei svært spesiell sak. Riksrevisjonen har aldri vore borti noko liknande, seier riksrevisor Karl Erik Schjøtt-Pedersen i ei pressemelding.

Karl Erik Schjøtt-Pederse

Riksrevisor Karl Erik Schjøtt-Pedersen.

Foto: Ole Gunnar Onsøien / NTB scanpix

Riksrevisjonen skriv at dei i samband med godkjenninga av rekneskapen til NSM for 2022, fekk beskjed om at flyttinga av verksemda skulle skje innanfor ordinært budsjett.

– NSM opplyste aldri til oss at dei hadde gått inn ein låneavtale, trass i at dei er forplikta til å informere revisor om forhold som er vesentleg for rekneskapen, seier Schjøtt-Pedersen.

Riksrevisjonen sine korte konklusjonar om saka er desse:

  • NSM har inngått eit lån utan Stortinget sitt samtykke og i strid med løyvingsreglementet.
  • Det er ikkje opplyst om låneforpliktingar i årsrekneskapen.
  • Verken Justis- og beredskapsdepartementet eller NSM har informert Riksrevisjonen om låneforpliktinga.
  • Departementet har ikkje i tilstrekkeleg grad følgt opp NSMs flytting og leigeavtalen i sine etatsstyringsmøte.

8. desember i fjor vart det kjent at NSM hadde inngått ein låneavtale på 200 millionar kroner med det John Fredriksen-kontrollerte selskapet Norwegian Property.

No konkluderer Riksrevisjonen med at lånet var i strid med Grunnlova, dette fordi staten kun kan bruke pengar dersom dette er bestemt av Stortinget.

Låneavtalen førte til at NSM-direktør Sofie Nystrøm gjekk av.

– Fortent kritikk

Leiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, Peter Frølich (H), meiner justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) ikkje har hatt god nok kontroll med NSM.

Høgre meiner dette er fortent kritikk frå Riksrevisjonen, seier Frølich.

Åpen høring på Stortinget om 25. juni-rapporten. Peter Frølich (H) er saksordfører.

Leiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen Peter Frølich (H).

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Vi forventar at Mehl tek til seg kritikken og følgjer opp Riksrevisjonen sine konklusjonar.

Riksrevisjonen kjem med fleire anbefalingar til Justisdepartementet:

  • Dei bør sørge for at NSM har ei forsvarleg økonomiforvaltning, og at dei har den naudsynte forståinga for krava i økonomireglementet., slik at rekneskapen gir eit dekkande bilde av den økonomiske situasjonen i verksemda
  • Sørge for at NSM så raskt som råd tek i bruk statlege rekneskapsstandarder
  • Informere Riksrevisjonen i tide om forhold som er relevante for deira revisjon, og gjere dei underliggande etatane merksame på at dei har plikt til å gi frå seg informasjon som er naudsynt for revisjon og kontroll

Publisert 30.04.2024, kl. 14.06 Oppdatert 30.04.2024, kl. 14.29

Read Entire Article