Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj møter USA sin president Donald Trump i Florida.
– Eg trur Putin meiner alvor om fred. Eg trur presidentane i Ukraina og Russland ønsker å sikre ein avtale, seier Trump melder Reuters.
Trump seier også at ein tryggingsavtale vil komme på plass, og at han ikkje har sett ein tidsfrist. Under møtet er det fredsplanen for Ukraina som står i fokus.
Før møtet snakka Trump med Russland sin president Vladimir Putin. Ifølgje Kreml skal presidentane ha ein ny telefonsamtale etter møtet, melder Reuters og AFP.
Kreml hevdar at ein midlertidig våpenkvile «berre vil forlenge konflikten». Dei meiner at Ukraina må ta ei avgjerd om Donbas for å «avslutte krigen», melder AFP.















English (US)