Nye samtaler mellom USA og Iran kan skje «veldig snart», skriv Pakistans president Shehbaz Sharif på X.
Pakistan har vore ein viktig del av forhandlingane for å få i stand ei avtale mellom USA og Iran og få ein slutt på krigen.
Også Iran stadfestar at det no finst eit utkast til ei avtale.
– Utkastet til avtale mellom Iran og USA inneber at Washington D.C. og deira allierte ikkje skal gå til åtak på Iran og deira allierte. Til gjengjeld lover Iran å ikkje gå til førebyggande åtak mot USA eller deira allierte.
Det skriv det statskontrollerte iranske nyheitsbyrået Fars sundag morgon, ifølge Reuters.
Donald Trump kom til Det kvite hus 22. mai, i staden for å dra i bryllaupet til sonen. Mange tolka det som eit teikn på at det kunne koma nyheiter om Iran-krigen i løpet av helga.
Foto: Jose Luis Magana / FR159526 AP,NTBIfølge det statskontrollerte nyheitsbyrået Tasnim står det også i utkastet at:
- USA vil droppa sanksjonar mot iransk olje
- Israel må stoppa åtak mot Libanon
I tillegg skal det vera ein frist på 30 dagar for å diskutera opning av Hormuzsundet og 60 dagar for forhandlingar om atomprogrammet til Iran, ifølge Tasnim.
USA eller Israel har førebels ikkje sagt noko om innhaldet.
Varsla snarleg avtale
Laurdag meldte USAs president Donald Trump at eit gjennombrot kunne vera like rundt hjørnet.
– Ei avtale er i stor grad forhandla fram, skreiv presidenten på sitt eige sosiale medium Truth Social.
Fleire statsleiarar i Midtausten har vore involvert i samtalene, ifølge Trump.
Faksimile: @realDonaldTrump/Truth SocialIfølge presidenten stod att det framleis å snakka om nokre detaljar, før avtala så må verta formelt godkjend av USA, Iran og dei andre landa som har vore med på forhandlingane.
– Resultata frå desse forhandlingane gir grunnlag for optimisme for at eit positivt og varig resultat er innan rekkevidde, seier den pakistanske utanriksministeren Ishaq Dar sundag morgon.
Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan har sundag morgon diskutert situasjonen med Trump og fleire statsleiarar i Midtausten, skriv Reuters.
Interessert i det som skjer i verda? Høyr utanriksredaksjonens podkast:
Publisert 24.05.2026, kl. 08.28 Oppdatert 24.05.2026, kl. 08.46











English (US)