Nei, Bernt Hagtvet. Dagsrevyens innslag med Amrit Kaur var ikkje laurdagsunderhaldning.

1 week ago 15



Knut Magnus Berge, redaktør NRK Nyheter Foto: Anne Liv Ekroll, NRK

Nei, Bernt Hagtvet, Dagsrevyens innslag med Amrit Kaur var ikkje laurdagsunderhaldning.

Publisert: 25.04.2024 11:15

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

20 år gamle Amrit Kaur blei vald til ny leiar i Raud Ungdom forrige helg. Og debatten var i gang. Var det eit kupp eller eit demokratisk val av ny leier, eventuelt begge delar?

Kva står ho for, kva skjer i Raudts ungdomsorganisasjon? Valet av Kaur blei breitt og kritisk dekka av norsk presse, også NRK. Kaur måtte svare for seg i nyheitssaker og i debatt – mellom anna i Politisk Kvarter og mot Fpu-leiar Simen Velle i Dagsnytt 18.

Kven er så denne 20-åringen som utløyste all støyen? Det var utgangspunktet for laurdagsportrettet, ein sjanger som gir mogelegheit for bruk av litt andre verkemiddel enn nyheitsreportasjen. Verkemiddel som har vist seg effektive for å breidde ut det samla biletet av ein person.

Det var ikkje laurdagsunderhaldning eller «pludrerier», som Bernt Hagtvet skriv i Aftenposten. I saka må Kaur svare for sitt syn både på kommunismen, på væpna revolusjon og på Hamas.

Også andre verkemiddel enn revolverintervjuet kan nyttast for å få fram kva Kaur står for.

Eit forsliten ordtak i journalistikken heiter «show, don’t tell», og det er i denne tradisjonen portrettet står. Det er også journalistikk.

For portrettet er meir subtilt, det kjem tettare på. Kor djupt loddar den politiske analysen? I kva grad utgjer denne nyvalde 20-åringen ein politisk trugsel, slik det blir hevda? Eg meiner at reportasjen i Laurdagsrevyen kasta lys over begge problemstillingar.

Kunne vi gjort ei tilsvarande reportasje med ein nynazist? spør Hagtvedt retorisk.

Nei, det har eg vanskeleg for å sjå.

Det er skilnad på å dekke kva som skjer med ungdomsorganisasjonen til eit parti som er representert i den norske nasjonalforsamlinga, og til dømes å sleppe til personar som ytrar seg i strid med norsk lov.

Read Entire Article