No ser ein resultatet av regjeringa sin flyktning-innstramming

1 week ago 13



Etter stor pågang er talet på ukrainske flyktningar på sitt lågaste sidan krigen starta. UDI-direktøren meiner det gjer pusterom

 Frode Sunde / TV 2
BARNETEIKNINGAR: Nasjonalt ankomstsenter i Råde tok i mot eit stort antal flykningar i 2022. Sidan då har talet på månadlege flyktningar gått ned. Foto: Frode Sunde / TV 2

Publisert 19.04.2024 06:15

Hausten 2023 kom det over 4000 ukrainske flyktningar til Noreg kvar einaste månad. 

Det er mykje meir enn dei andre nordiske landa, og på eit tidspunkt tok Noreg i mot om lag 60 prosent av alle nordiske ankomstar. 

Sidan då har det snudd, og i februar og mars kom 1350 ukrainske flyktningar, viser tal frå Utlendingsdirektoratet. 

Færre vel Noreg

Frode Forfang er direktør i Utlendingsdirektoratet, og seier årsaka til nedgangen kan skuldast fleire faktorar. 

–Det kan ha samanheng med dei innstrammingane og dei signala om at ein ynskjer færre til Noreg, seier Forfang. 

 Frode Hoff / TV 2
NEDGANG: Direktør i UDI Frode Forfang melder om stor nedgang i ukrainske flyktningar Foto: Frode Hoff / TV 2

Tidlegare i år varsla regjeringa at dei ville setta inn fleire tiltak for å få ned talet på flyktningar frå Ukraina til Noreg. 

Dette gjaldt mellom anna å kutta i støtte for flyktningar som ville bu privat og ikkje i mottak, og å auka butidskravet for å få rett til eingongsstønad. 

Forfang påpeikar at talet på flyktningar i Norden har gått litt ned, men at mange land har ein uendra situasjon frå i haust.

Altså er det framleis mange ukrainske flyktningar, men færre som vel Noreg.

– Gjer oss pusterom

Sjølv om talet har gått ned, er det framleis 40 til 50 flyktningar frå Ukraina som kjem til Noreg kvar dag. 

Det er lågare enn dei 150 kvar dag i haust, noko UDI-direktøren meiner er bra for mottakssentera. 

– Det gjer oss eit lite pusterom, både med tanke på ein innleiande mottakssituasjon, men òg for kommunane som skal busetta.

Forfang går av som direktør i UDI seinare i år.

Han har hatt stillinga sidan 2012, og har opplevd to ekstreme flyktningsituasjonar på den tida. 

 Jonathan Nackstrand/AFP
FLYKTNINGAR: Mange flyktningar kom til Noreg via sykkel frå Russland i 2015. Foto: Jonathan Nackstrand/AFP

Først under flyktningkrisa i 2015, og sju år seinare etter Russland sin invasjon av Ukraina. 

65-åringen meiner Noreg er mykje betre rusta for mottak av flyktningar enn i 2015.

– Viss det kjem mange i løpet av nokon dagar eller veker, så vil apparatet alltid settast på prøve. Det er kostbart å ha eit apparat ståande klart til den typen ankomstar, men me er betre førebudd enn i 2015, slår Forfang fast. 

Read Entire Article