Nordmenn blir stadig eldre, men på Stortinget går det andre vegen

6 days ago 3



I 1950 ville Morten Kolbjørnsen (66) vore ein av dei erketypiske representantane på Stortinget.

Førre veke sat han fint i pensjonisttilværet i Lillestrøm. No skal han inn på Stortinget.

Men i år blir det litt færre jamaldra kollegaer for politikaren som snart fyller 67 år.

Gjennomsnittsalderen på Stortingsrepresentantane har nemleg aldri vore lågare. Samstundes blir befolkninga berre eldre og eldre.

– Det kan bli eit demokratisk problem, seier forskar Jana Birke Belschner ved Universitetet i Bergen.

Historisk ungt på Stortinget

Den tidlegare obersten i forsvaret på Rena sa ja til å stå på andreplass for Hedmark Framstegsparti. Frp gjorde eit brakval og Kolbjørnsen vart ein av to direktemandatar frå Innlandet.

Morten Kolbjørnsen

Sidan måndag har Kolbjørnsen brukt ein time kvar dag på å takke for gratulasjonar.

Foto: Knut Røsrud / NRK

– Eg blei pensjonist i 2019, så å sitte på Stortinget blir eit heilt anna tilvære.

Kolbjørnsen blir ein av 15 personar på haustens storting som er 60 år eller eldre.

Mine viktigaste saker blir å forbetre forsvaret, landbruket som er viktig for beredskapen, og pensjon.

I den andre enden har vi 19 år gamle Frøya Skjold Sjursæther i MDG.

Til hausten skal bergensaren representere Hordaland, som den yngste på Stortinget.

– Det er veldig stas å få lov til å løfte ungdomsgenerasjonar inn i Stortinget, sa Sjursæther dagen derpå. Ho engasjerer seg spesielt i klima, natur, sosiale forskjellar og Palestina.

Frøya Skjold Sjursæther utenfor Stortinget

Til hausten får ho millionlønn på Stortinget og skal bu i kollektiv med to venninner i Oslo.

Foto: Privat

Ho er ein av 20 representantar som er 30 år eller yngre på Stortinget til hausten.

Noreg hadde allereie ein av dei yngste parlamenta i verda. No blir dei som styrer landet enda litt yngre.

– Kan bli eit demokratisk problem

Gjennomsnittsalderen på Stortinget blir no for første gong under 45 år. Etter NRK sine berekningar er den på 44,9, for å vere nøyaktig.

Går vi tilbake til 1950 så var gjennomsnittsalderen på Stortinget 53 år. Vi må fram til 1958 før vi fekk ein stortingsrepresentant under 30 år, og frå der tok det nesten ti år til neste under 30 kom inn.

  • to menn som går i stortingssalen med dress, medan det sit mange menn i forsamlinga

    Under Stortingsdebatt på 60-talet var det ei god blanding av menn med og utan hår i salen.

    Foto: Scanpix Per Svensson
  • en gruppe mennesker som sitter i et rom

    Ei relativt homogen gruppe på Stortinget i 1963, med snittalder på 54 år og 91 prosent menn.

    Foto: Aage Storløkken / NTB
  • Reiulf Steen og Gro Harlem Brundtland

    Då Gro Harlem Brundtland gjorde entre på Stortinget i 1974 var ho 35 år og godt under snittet på 49.

    Foto: Henrik Laurvik / NTB
  • Kjell Magne Bondevik med malt ansikt

    26 år gamle Kjell Magne Bondevik vart valt inn som representant for Møre og Romsdal i 1973, og var då ein av dei yngste.

    Foto: Erik Thorberg / NTB
  • tre menn i dress sit føre eit skilt med teksten «valg 81»

    Ein 53 år gammal Kåre Willoch kom til makta i 1981, då med ganske lik demografi som sine kollegaer.

    Foto: NTB
  • en person med langt hår

    Erna Solberg hadde ei lysande politisk karriere føre seg då ho entra Stortinget som 28-åring i 1989.

    Foto: Bjørn-Owe Holmberg / NTB
  • ei gruppe menneske som poserer for et bilde føre slottet i Oslo

    I perioden 1993–1996 var snittalderen på Stortinget for første gong nede på 45 år.

    Foto: Scanpix
  • HISTORISKEBILDER Siv Jensen 1997

    I 1997 kom 28 år gamle Siv Jensen inn på Stortinget som ein rakett.

    Foto: Erik Johansen / Scanpix
  • ei kvinne som smiler til kameraet

    Ved årets Stortingsval skreiv Frøya Skjold Sjursæther historie som den første 19-åringen på Stortinget.

    Foto: Christel Higraff / NRK

Jana Birke Belschner forskar på demografien sin innverknad på politikken, og meiner det er positivt med fleire unge på tinget. Det kan bidra til at fleire unge stemmer ved val, og det er gunstig at dei har ei lang karriere føre seg.

– Det er mange politiske utfordringar som har langsiktige konsekvensar. Då er det fint at folk med ei lang politisk karriere føre seg kan vere med å bestemme.

Belschner ser ingen farar med mange unge politikarar på tinget, sjølv om dei har mindre livserfaring enn dei med grå hår og tenke-rynker mellom bryna.

Ho meiner derimot det kan bli eit demokratisk problem å mangle den eldre representasjonen.

Ei aldrande befolkning, med større yngre representasjon

30 prosent av den norske befolkninga er 60 år eller eldre. Men framover vil berre 9 prosent av stortingsrepresentantane vere det same.

Dette kan vere eit problem når vi tenker på at Stortinget skal spegle att folket.

Belschner meiner ein kan miste ein del verdifulle erfaringar dersom det blir færre eldre som styrer landet. Ho peikar på tema som krig og fred, helse og pensjon.

Det kjenner Kolbjørnsen seg igjen i.

– Det har noko med verkelegheitsoppfatninga å gjere. Det er til dømes vanskeleg å forstå kor hardt det er å oppdra barn før du sjølv har det.

Han synest det er bra med eit bredt spenn på Stortinget, men skulle gjerne sett fleire pensjonistar der.

– Folkemessig burde det vore 20 pensjonistar på Stortinget.

Færre kvinner

Når det nye tinget er sett vil det vere 69 kvinner på Stortinget, åtte færre enn ved førre periode.

– Det er vi litt overraska over, for til no har kvinneandelen berre gått opp, seier Belschner.

Jana Birke Belschner, Chr. Michelsen Institutt (CMI)

Unge blir tatt meir på alvor no enn før, men spesielt unge kvinner må kjempe litt meir for å få gjennomslag, seier forskaren.

Foto: Chr. Michelsen Institutt (CMI)

At det blir færre kvinner på tinget i år, speglar ikkje nødvendigvis strøymingar i samfunnet elles. Men at Frp no får 47 mandat er delar av årsaka.

Frp har tradisjonelt hatt færre kvinnelege representantar.

Noreg er framleis blant dei landa med størst kvinneleg representasjon i parlamentet i verda, med sine 41 prosent. Men at dei no blir færre kan påverke kva saker som får fokus og gjennomslag, meiner Belschner.

– Dette kan til dømes påverke korleis ein prioriterer tema som likestilling og abort. Så vi får sjå korleis det slår ut i politikken.

Pensjonistlivet sett på vent

No må Kolbjørnsen trekke seg ut av pensjonisttilvære, opp Løvebakken og inn i korridorane på Stortinget. Der vil ha møte mange unge fjes i korridorane.

66-åringen, som fyller 67 år om nokre dagar, trur han er godt førebudd.

– Den største utfordringa blir at det blir mykje å sette seg inn i. Det er ein del dokument som man må lese igjennom og vere forberedt på. Og så blir det vel mykje kontorarbeid – det er eg ikkje så glad i.

Publisert 11.09.2025, kl. 15.43 Oppdatert 11.09.2025, kl. 17.06

Read Entire Article