Ny rapport: Oppdrettstorsk er den største risikoen for kysttorsken

1 day ago 3



– Torsken er meir nysgjerrig. Han liker å nappe om han ser det er små taurestar og er absolutt meir nyfiken enn for eksempel laksen.

Det seier Børge Nikolaisen. Han er driftsleiar for torskeoppdrettsselskapet Norcod sitt anlegg i Meløy i Nordland.

Historia om kommersielt torskeoppdrett i Noreg starta allereie på 1970-talet. Seinare kollapsa satsinga i møte med biologiske og økonomiske vanskar.

No er næringa på veg opp igjen.

Fordi næringa ikkje er like utbreitt som lakseoppdrett, er det forska mindre på kvitfiskens rolle og potensielle utfordringar i møte med liv i norske fjordar.

Havforskningsinstituttet (HI) si nye risikovurdering peiker på fleire moglege problem.

– Det vi har konkludert med denne gongen er at det er rømming og gyting i merd som utgjer dei største risikokjeldene, seier forskar Nina Sandlund.

Ein liten babytorsk som spreller i vatn

Torsken blei sett ut i merden til Norcod i november, og skal vere der i rundt 18 månadar.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Ho er ei av to forskarar ansvarleg for arbeidet med Havforskningsinstituttet si nye risikovurdering.

– Vi er bekymra for dei eventuelle langtidseffektane det vil ha om oppdrettstorsken får blande seg med den ville kysttorsken, seier Sandlund.

– Veldig uheldig

Dei siste åra har det vore få, men store rømmingar frå anlegga.

I 2022 rømte om lag 87.000 oppdrettstorsk frå ODE sitt anlegg Alida i Møre og Romsdal. I 2023 rapportere fiskarar i Meløy at dei tok opp fleire titals kilo rømt oppdrettstorsk kvar dag.

Driftssjef Nikolaisen seier at då dei opplevde rømming tilbake i 2021 var det ei not som låg og gnog mot ein kjetting, slik at det vart ei rift i nota.

Børge Nikolaisen, driftsleder, Norcod på lokaliteten Frosvika

Børge Nikolaisen, driftsleiar, Norcod på lokaliteten Frosvika seier dei brukar små ubåtar med kamera på og nyare nøter for å hindre rømming av oppdrettstorsk.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

– Det var veldig uheldig. Det er uheldig for næringa, og uheldig for dei som jobbar med fisken her. Så vi vil for ein kvar pris unngå rømming.

– Tenker du at de har eit urettferdig rykte?

– Nei, det synest eg ikkje. For det har vore hendingar, og det må ein ta ansvar for. Så må ein vise at ein gjer noko med det, lærer av det og blir betre.

Kva genetiske konsekvensar ei rømming kan få for kysttorsken, er avhengig både av mengda rømt fisk og korleis kysttorsken i området har det.

– Frå lakseoppdrett veit vi at talet på rømlingar er høgare enn det som vert rapportert, og det er truleg også tilfelle for oppdrettstorsk, seier forskar Sandlund.

En person står foran en vegg med rammede fiskeillustrasjoner. Vedkommende har på seg en svart genser med rysjedetaljer. Omgivelsene er en smal gang med mykt lys og nakne, lyse vegger. Det er flere kunstverk hengende på veggen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Forskar ved Havforskningsinstituttet Nina Sandlund.

Foto: Therese G. Pisani / NRK

Og det er ikkje berre snakk om at stor oppdrettstorsk stikk av frå anlegget. Eit anna problem oppstår når befrukta egg «rømmer».

Egg på avvege

Ein del oppdrettstorsk gyter i merdane. Etter gyting, kan dei befrukta egga flyte ut og utvikle seg vidare på same måte som egget til ein kysttorsk.

– Slike «rømmingar» er vanskelege å talfeste, men vi veit at dei skjer. Det er observert både kjønnsmoden og gyteklar oppdrettstorsk i merdane, seier forskaren.

Forskarane har ikkje nok kunnskap om kva genetiske eigenskapar som vert overført frå oppdrettstorsk til villtorsk.

– Men ut frå erfaringa med lakseoppdrett, er det grunn til å tru at dei
kan ha negativ effekt, seier Sandlund.

Om kysttorsken i området er i god form, vil påverknaden av rømt oppdrettstorsk truleg vere mindre enn om torsken i området er svak.

Trass i at det er knytt stor usikkerheit til kva effekt rømt oppdrettstorsk kan ha, seier forskarane bak rapporten at det er viktig å hindre rømming og utslepp av befrukta egg.

– Vi veit at næringa jobbar aktivt med tiltak mot dette, men vi ser også at det er eit stykke igjen til dei er i mål.

Oppdrettstorsk hos Nofima i Tromsø

Rømming og gyting i merd er dei største miljørisikoane knytt til oppdrettstorsk, viser rapporten til Havforskningsinstituttet.

Foto: Dan Henrik Klausen

Ifølge forskarane, er mengda oppdrettstorsk så langt så lita, at risikoen for påverknad er størst på lokalt nivå.

Fordi det framleis er så få lokalitetar, er dei heller ikkje bekymra for sjukdom.

Men auka i produksjon er stor.

Meir oppdrettstorsk kan gje meir sjukdom

Frå 4976 slakta oppdrettstorsk i 2022, til 14.683 tonn i 2024, viser tal frå Havforskningsinstituttet.

– Med dagens oppdrettsvolum så vurderer vi risikoen som lav.

Men dersom produksjonen av torsk aukar utover mengda det er tatt høgde for i risikovurderinga, antar Sandlund at situasjonen kan endre seg.

– Ved ei større auke i produksjonen, er det sannsynleg at det vil oppstå meir sjukdom også hos oppdrettstorsken, seier ho.

Det er godkjente oppdrettsanlegg som ikkje er i drift enno, som til slutt vil gi opp mot 165.000 tonn fisk.

Folk jobber på torskeoppdrettsanlegget til Norcod utenfor Meløy

I Norcod skiftar dei blant anna ut nøter midt i utsetjinga av oppdrettstorsk for å hindre rømming.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Tilbake på torskeoppdrettsanlegget utanfor Meløy trur driftssjef Børge Nikolaisen at det er mogleg å drive trygg torskeoppdrett i norske fjordar.

– Eg har klokkartru på det. Vi skal jobbe vidare og sette oss gode mål, så har eg tru på at det kan bli veldig bra. Det kan vere berekraftig.

Det er det fleire som trur.

Kontinuerleg utvikling

– Det skjer kontinuerleg utvikling i heile næringa.

Det seier Falk Øveraas. Han er samfunnskontakt for Noregs største torskeoppdrettar Ode på Vestlandet, men representerer også hele næringa for Sjømat Noreg.

– Vi har spesialdesigna nøter for torsk, som reduserer risikoen for rømming. Og så har vi innovative løysingar innanfor lys, som gjer at vi har god kontroll på gyting. Ser vi på resultata i dag, samanlikna med 15 år sidan, så er forbetringa heilt enorm.

Eit oppdrettsanlegg for torsk. Vi ser servicebygget og båtar som legg til kai ved det. På veggen står det eit skilt med namnet på selskapet Ode på.

Ode er størst i Noreg på oppdrettslaks, ifølge samfunnskontakt i Ode, Falk Øveraas.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Han tar atterhald om at han ikkje har lese risikoanalysen til HI enno då rapporten ikkje var publisert, men seier næringa sjølv ser fram til rapporten. Ifølge han er poenget med ei slik analyse å skildre risikoar.

– Og så er det forvaltninga som vurderer kva for risiko som er akseptabel. Dette er ein heilt naturleg del av korleis vi utviklar torskeoppdrett vidare, seier Øveraas.

– Kva tenker du om at det likevel skjer rømming, og at det er gyting i merdane som spreier seg ute i havet?

– Enkelthendingar, vil jo alltid kunne oppstå. Det viktigaste er at retninga er veldig tydeleg. Kontrollen er kraftig forbetra, og vi jobbar tett saman med forskingsmiljø og forvaltninga for å styrke det ytterlegare.

Publisert 09.12.2025, kl. 06.00 Oppdatert 09.12.2025, kl. 06.42

Read Entire Article