– Me prøver å få så mykje me kan bort frå sjøen, seier førsteinspektør Trond Bakken i sjøtenesta til Fiskeridirektoratet.
Litt etter litt kjem restane av det gamle kamskjel-anlegget opp frå djupet ved øya Huglo heilt ytst i Hardanger-fjorden, like aust for Stord.
Fiskeridirektoratet er på tokt med båten «Fjordgyn».
– I dag tek vi opp eit såkalla kamskjelgjerde, eit havbeiteanlegg som var populært på 80- og 90-talet.
Ryddinga av plast frå havbotn skjer i samband med aksjonen Rein Hardangerfjord, kor mellom anna Sjøforsvaret stiller med 50 personar.
Fiskeridirektoratet bruker båten «Fjordgyn» til å rydda opp i havet utanfor Huglo. Her tek dei opp eit gammalt oppdrettsanlegg. På dekk er Trond Bakken.
Foto: Olav Røli / NRKGjerde for å stoppa krabbene
Han fortel at det har stor betydning for havet å fjerna gjerda, som består av mykje plast, tauverk og vaierar.
Kamskjeldyrking var eitt av fleire satsingsområde i Noreg innan marine næringar.
– Det ein prøvde i første omgang, var å setja ut mykje kamskjel på eit avgrensa område, seier Arne Duinker, som er forskar ved Havforskningsinstituttet.
Delikatessa kamskjel var av stor interesse for krabbene, noko som førte til at ein sette opp store gjerde av plast og metall.
Arne Duinker, forskar ved Havforskningsinstituttet.
Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK– Glad eg har fått hjelp
Men problema stod i kø, og ingen fekk det til å bli lønnsamt.
– Det var relativt arbeidskrevjande å følgja opp desse gjerda med dykking, mellom anna, og kanskje fekk ein ikkje dei resultata ein ønskte seg på vekst, seier Duinker.
Gjerdet som Trond Bakken og resten av mannskapet tar opp frå sjøen i Hardangerfjorden, er om lag 400 meter langt.
Her er anlegget på havbotn.
Foto: Fiskeridirektoratet / FiskeridirektoratetUtanfor øya Huglo i Hardangerfjorden var det slutt på kamskjeldyrking i 2013.
NRK har vore i kontakt med han som dreiv anlegget i si tid.
Han fortel at det var vanskeleg å få det til med kamskjel-dyrking, og at økonomien var dårleg.
– Me kom så langt at me leverte litt, men det vart ikkje dei store mengdene. No er eg veldig glad for at eg har fått hjelp av Fiskeridirektoratet til å rydda opp, seier han.
Her vert eit 400 meter langt gjerde henta opp frå sjøen utfor øya Huglo i Hardanger-fjorden. Ein gong vart det brukt til kamskjeloppdrett.
Foto: Olav Røli / NRKMogleg å gjera næringa lønnsam
Tidlegare var det ikkje krav om økonomisk garanti ved oppstart, men no er det andre reglar.
– Desse prosjekta vart sette i gang før me hadde eit lovverk som var sterkt nok til å sikra at dersom du skal få løyve til å starta opp, så skal du òg ha ressursar til å rydda opp etter deg, seier fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen.
Frank Bakke-Jensen seier at det er nødvendig å rydda opp på havbotnen.
Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRKDet som berre vart ein draum for mange før i tida, er no vorten realitet for nokon. I Akvakulturregisteret, finst det i dag 14 aktive kommersielle løyve til skjel av ulike artar.
Duinker meiner det er mogleg å gjera kamskjelnæringa lønnsam i Noreg.
– I framtida er det behov for å produsera meir mat frå havet. Denne typen mat kan me dyrka nedst i næringskjeda utan å tilsetja fôr. Me har eit ansvar for å prøva det ut og få det til.
Han fortel at dei no testar å setja ut kamskjel over eit stort område med låg tettleik.
– Då unngår ein problema med krabber og bruk av gjerde, seier havforskaren.
Publisert 19.09.2025, kl. 21.27 Oppdatert 19.09.2025, kl. 21.39