– Vinne!
Sander Skotheim er kontant på kva målet er for mangekampen i VM. Det einaste usikkerheitsmomentet er manglande konkurransetrening etter skaden han fekk under Bislett Games i juni.
– Eg skal ikkje seie eg er skråsikker på gull, men eg kjem inn med årsbeste. Eg skal gi mitt beste og viss ikkje det held så held det ikkje. Men eg har lyst på den sigeren, seier Skotheim til NRK.
Noreg har hatt ein svak meisterskap til nå, utan ein einaste medalje. Nå er Skotheim den som truleg har størst sjanse til å redde den norske meisterskapen og unngå eit medaljelaust VM for første gong sidan 2015.
Men før Skotheims draum om gull kan bli realisert, må 23-åringen gjennom ti hinder i tikampen under VM i Tokyo.
På denne vegen har han eit aldri så lite ess i ermet: Excel-dokumentet til faren.
– Ja, eg og pappa har sett opp eit skjema. Me har sett opp eit skjema som me trur held til rundt bronse, eit skjema som me trur held for gull og eit som går til 9000 poeng.
- Kva må til for å sikra gullet? Ta ein sniktitt på Skotheims gullskjema nedanfor:
Skotheim, som ikkje kom seg over lista under OL i Paris i stavøvinga, kallar sesongen i år for «redemption season». Ei enkel omsetjing: Han ønskjer å slå tilbake.
– Pappa har full kontroll. Han har eit Excel-ark der han har skrive inn alt eg har og kva dei fire–fem næraste konkurrentane har, seier Skotheim.
- Natt til laurdag startar Sander Skotheim tikampen med 100 meter. Det startar 02.20, og det heile følger du på NRK1.
– Hadde vore vanvitig
Skotheim seier at eit B-skjema er mest nærliggjande å sikta seg inn på. Det seier noko om ambisjonsnivået til 23-åringen. For etter far og sons kalkuleringar held dette til gull.
Men, dei har også eit draumeskjema. Eit skjema rundt verdsrekord.
Denne rekorden har Kevin Mayer frå Frankrike med 9126 poeng. Sander Skotheim har den norske rekorden som lyder på 8909 poeng, satt i Austerrike i år.
– Det hadde vore vanvitig, seier Skotheim med eit glis når han får spørsmål om kva det hadde betydd for han å ta verdsrekorden.
Den førre norske rekorden hadde Markus Rooth på 8796 poeng frå OL i Paris. Der vann Rooth gull. Han stiller ikkje i VM-et i år etter å ha drege på seg ein alvorleg skade under trening i vekene før VM.
STORE DRAUMAR: Sander Skotheim er på plass i Tokyo og har tydelege ambisjonar.
Foto: Vegard Grøtt / BildbyrånAlt kan vera mogleg i VM, meiner Skotheim, men for å vera realistisk skrur 23-åringen forventningane ørlite granne ned. Han meiner verdsrekorden til Mayer frå 2018 ligg tynt an først til neste år.
– Viss eg får ein skade- og sjukdomsfri vinter så vil eg vere skuffa viss eg ikkje gjer det neste år nesten, seier Skotheim og legg til:
– Viss du legg saman persane mine så får du 9238 poeng. Det er jo 100 poeng over verdsrekorden. Så det handlar berre om å sette det saman eigentleg. På eit fulltreff så er det allereie inne. Det å halde nivået er ikkje motivasjon. Motivasjonen er å bli betre.
Innan rekkevidde for verdsrekord
Den tidlegare høgdehopparen Stefan Holm meiner Skotheim nærast kan bli så god han sjølv ønsker.
– Eg tenker han har veldig gode sjansar til å faktisk vinne heile greia og kanskje kome opp i 9000 poeng.
SVEVA HØGT: Stefan Holm er ein av Sveriges største friidrettslegender gjennom tidene. Han vann mellom anna OL-gull i 2004 i høgde. Her eit bilete frå 2008.
Foto: REUTERS– Kor god trur du han kan bli dei neste åra?
– Så bra som helst. Kan han halde fram med å bli enda betre, så kvifor ikkje ein verdsrekord?
– Trur du han kan ta verdsrekord?
– Fortset han utviklinga, så er den definitivt innan rekkevidde, svarar Holm.
– Eg lev i den trua eg også
Trenaren Eirik Røe begynner å le etter å ha høyrd intervjuet med Skotheim.
– Han er offensiv, seier han med eit stort smil.
– Er han kjepphøg?
– Han har jo god sjølvtillit, men det har jo gått bra i år. Så han har fått stadfestingar på at han er på rett spor. Ein skal jo vere litt offensiv også, skal ein ikkje det?
DRAUMEDUO: Elev Sander Skotheim (til venstre) og trenar Eirik Røe har allereie oppnådd mykje under deira samarbeid. Her frå OL i Paris.
Foto: Beate Oma Dahle / NTBDen personlege rekorden til Skotheim i tikamp er på 8909 poeng. Røe vel likevel ikkje å legge nokon dempar på forventingane om at han kan ta verdsrekorden.
– Det handlar om å ha kontinuitet i arbeidet me gjer og unngå skader og bli sjuk, da trur eg me skal nærme oss fort. Eg lev i den trua eg også. Det er det som er målet, seier Røe.
- Få med deg VMs største godbitar:
Publisert 19.09.2025, kl. 20.23