Martin Uldal er kjent som ein av dei raskaste skyttarane i verda.
Det var ikkje tilfelle i svenske Östersund i går.
Berre fem av 102 utøvarar brukte lengre tid på skyteseriane enn 24-åringen frå Birkeland.
– Det er faktisk flautt, seier Uldal sjølv.
To skytemodusar
I fleire av dei individuelle løpa har Uldal brukt meir tid på skytinga enn før. Ifølge han sjølv har han to modusar. Eit offensivt og eit defensivt.
– Om eg køyrer defensivt, så er det ikkje måte på kor lang tid eg kan bruke. Eg blir berre meir og meir passiv, og det skal eg slutte med. Sjølv om det fungerer, seier han.
I Östersund blei lysta til å få 20 treff avgjerande for valet om defensiv skytemodus.
– Eg er ikkje så vand med å skyte så presist som eg gjorde, og da går sekunda veldig fort.
Likevel blei det andreplass på normaldistansen, berre slått av landsmannen og overraskingsmannen Johan-Olav Botn. Pallplassen var eit langt steg mot OL.
Martin Uldal (til venstre) saman med vinnar Johan-Olav Botn og svenske Sebastian Samuelsson som blei nummer tre.
Foto: Reuters– Vil vektleggast ved OL-uttak
NRK sin ekspertkommentator Marte Olsbu Røiseland meiner Uldal er inne i OL-troppen per i dag.
– Absolutt. Men dei har berre gått eitt individuelt løp i verdscupen, seier ho.
Truleg er normaldistansen i går den einaste nordmennene deltar i før OL. Neste moglegheit er i Nove Mesto to veker før vinterleikane. Olsbu trur dei norske står over den verdscuphelga.
– Å levere ein god normal på det einaste normalprogrammet dei skal gå før OL blir aldri feil. Det kjem nok til å bli vektlagt når OL-laget skal takast ut, seier eksperten.
NRK-ekspert Marte Olsbu Røiseland har gode råd til Uldal når det gjeld å sikre mogleg OL-plass. – Eg håpar han klarer å tenke på seg sjølv. Så må han berre fortsette å prestere, og fortsette å gjere gode gjennomføringar, seier ho.
Foto: Anders Boine Verstad / NRKÅtvarar Uldal
Olsbu Røiseland har merkt seg Uldals defensive skyteteknikk. Ho åtvarar mot å tenke for mykje på resultat.
– Det er fort gjort å gjere noko feil når ein gjer noko ein ikkje har trena på. Han er jo ein god skyttar når han er offensiv. Det er ein balansegang han må finne litt ut av.
Kjemper om seks OL-plassar
For OL i Italia er sesongens store mål. Men Noreg har berre fire plassar på kvar distanse.
Landslagssjefen har sagt dei truleg sender seks utøvarar til OL.
– Det blir sjukt trongt. Og ein pallplass tel mykje, seier Uldal sjølv.
– Det blir eit rotterace. Ein av oss kjem til å ryke til Hochfilzen av dei som er her nå. Etter det skal ein til ryke, seier vinnaren i går Botn.
Førre sesong sette Martin Uldal uoffisiell verdsrekord, etter å ha brukt 12,5 sekund på ein ståande serie under parstafetten i Nove Mesto:
Til helga ventar nye moglegheiter i Östersund, med sprint laurdag og jaktstart søndag.
– Det eg har vist til nå, hjelper nok mest for å behalde plassen på verdscuplaget. Det er framleis mange renn før OL, seier Uldal.
Landslagstrenar Egil Kristiansen var fornøgd med dei norske resultata i Östersund, med fire nordmenn blant dei fem beste. Uttaka framover mot OL kan bli tøffe.
– Vi har to renn til her i Östersund, så får vi sjå. Vanskeleg blir det uansett, seier Kristiansen.
God sesongstart
Uldal har levert tilnærma prikkfritt i verdscupstarten i Sverige. I tillegg til andreplassen i går, leverte han ein sterk etappe under stafettsigeren laurdag.
Og han var beste nordmann på fellesstarten under sesongstarten på Beitostølen. Der blei han berre slått av franskmennene Éric Perrot og Émilien Jacquelin.
– Det har vore ein god start på sesongen, og det var akkurat det eg håpa på, seier den sindige sørlendingen.
Martin Uldal var den ellevte raskaste i sporet i Östersund. Og han var ein av tre som skaut feilfritt.
Foto: ReutersPublisert 04.12.2025, kl. 12.14 Oppdatert 04.12.2025, kl. 12.26


















English (US)