Nynorsk så godt som borte frå norske kinoar

3 hours ago 1



Å hugse sist ein såg ein kinofilm med nynorsk teksting, skal godt gjerast for norske kino-gjengarar.

Det kan ha vore heilt tilbake i 2011, då den norske filmen «Få meg på for faen» gjekk på kino. Eller då barnefilmen «Richard Storken» blei vist i 2017.

Det er Språkrådet som har gjort oppteljinga og kome fram til at berre 8 av filmane som er vist på kino dei siste 17 åra var teksta på nynorsk.

I 2008 blei det ei sak då den norske distributøren av den brasilianske filmen «Tropa de elite» ville tekste den på nynorsk:

– Det er jo faktisk eit kjempestort problem. Nynorsk og bokmål er to likeverdige og likestilte skriftspråk. Begge er norske. Og det er naudsynt at begge er synlege i norskspråkleg kino. Det seier direktør Åse Wetås i Språkrådet, som etterlyser fleire filmar med nynorsk teksting.

– Men trur du det er interesse for nynorskteksting der ute i kommunane?

– Cirka ein tredel av kommunane er nynorskkommunar, i tillegg til alle dei språknøytrale kommunane som skal bruke både bokmål og nynorsk. Det finst eit stort publikum der ute som gjerne vil sjå film og kino med nynorskteksting, seier Wetås.

Og fleire kommunar har alt meldt si interesse for meir nynorskteksting på kino.

– Kinoar i nynorskkommunar melder inn til oss at dei ønskjer både nynorsk teksting og film-materiell på nynorsk, seier Espen Lundberg Pedersen, administrerande direktør i Film og Kino.

  • En bevæpnet politimann retter et våpen mot en mistenkt person som sitter på bakken. Bakgrunnen viser en delvis nedslitt vegg med skrivelser og nummer. Det er vegetasjon rundt stedet. Hendelsen gir inntrykk av en operasjon knyttet til politiarbeid.

    Den brasilianske krimfilmen «Tropa de elite» frå 2008 blei teksta på nynorsk.

    Foto: HO BERLINALE / AFP / NTB
  • To personer står i fokus, delvis skjult av slørede ansikter. De er iført hverdagsklær og ser mot kameraet. En mørk bakgrunn med uskarp natur kan skimte i bakgrunnen. Det er en flaske synlig i den ene personens hånd.

    Filmkomedien «Få meg på, for faen» frå 2011 handlar om 15 år gamle Alma og hennar seksuelle oppvakning. Filmen er basert på boka av same namn, skriven av nynorskforfattar Olaug Nilssen.

    Foto: Marianne Bakke / Motlys/Norsk Film Distribusjon
  • Drømmen om MGP jr

    Den danske filmen «Drømmen om MGP jr.» blei teksta på nynorsk då den kom på kino i Noreg i 2015.

    Foto: Kontxt Film / KontxtFilm
  • En person holder en kniv over en annen som ligger i sengen. Rommet er svakt opplyst, med en lampe og blomstrete tapet. Den liggende personen er delvis dekket med et sengeteppe. Handlingen utspiller seg i en privat setting.

    «Hevn» frå 2015 var nynorsk-teksta. Siren Jørgensen og Frode Winther hadde to av hovedrollene i denne vestlands-filmen.

    Foto: Euforia Film
  • Melussina (Maria Bonnevie) kan se menneskers skyld i Skammerens datter

    «Maria Bonnevie spelte hovedrolla i Skammerens datter» frå 2015. Filmen hadde nynorsk teksting. Det same hadde oppfølgaren frå 2019.

    Foto: Nepenthe Film / Nordisk Film Distribusjon AS
  • Spurv/storken Richard og storkemamma fra animasjonsfilmen Richard Storken

    Den norsk-tysk-belgisk co-produserte animasjonsfilmen «Richard Storken» frå 2017, var teksta på nynorsk.

    Foto: Euforia / Den siste skilling

– Kan bli utfordrande for bokmålsbrukarar

På Høgskulen i Sogndal ønskjer studentane meir synleggjering av nynorsk.

– Det er spesielt viktig for dei som har nynorsk som sitt skriftspråk. Men det er minst like viktig for dei som er vant til å bruke bokmål, seier Kamilla Ølmheim.

– Syns du det burde vere meir nynorsk teksting på kinofilmar?

– Ja det syns eg absolutt. Spesielt dei områda som har nynorsk som hovudmål, burde ha nynorsk teksting på kino. Det tenker eg er heilt naturleg, seier Eskil Hisdal.
– Kan det vere noko problem med nynorsk teksting?

– Nei ikkje der dei uansett brukar nynorsk som hovudmål. Men det kan jo bli utfordrande for dei som skriv og en vane med å bruke bokmål. Men den treninga har dei berre godt av.

– Ekstra kostnadar

Det er norske filmdistributørar som har ansvaret for teksting av kinofilmar. Per i dag er det ingen krav om at dei tekstar filmane på nynorsk. Eit slikt krav må kome frå Norsk filminstitutt (NFI), som gir tilskot til filmprosjekt i Noreg.

Distributørar NRK har vore i kontakt med seier dei droppar nynorsk fordi det ikkje er eit krav.

Det einaste kravet NFI stiller når det gjeld språk er at filmane blir gjort tilgjengeleg på norsk språk og med norsk tekst. Det er ingen krav om kva målform som skal brukast.

– NFI er positive til meir nynorsk, og vil oppmode produsentar og distributørar til å tekste fleire filmar på nynorsk. Men det er opp til produsentane og distributørane å ta avgjersla, fortel Terez Hollo-Klausen, avdelingsdirektør ved Norsk filminstitutt.

– Har du forståing for at distributørane droppar nynorsk så lenge det ikkje er eit krav?

– Ja, det har eg. Men før vi eventuelt tek initiativ til ei sånn endring, så er det naturleg å undersøke kva kostnadar det vil medføre.

Med eit slikt krav må filmdistributørane lage to versjonar med teksting, både på nynorsk og bokmål. Det gjeld også promo- og reklamemateriell.

– Det blir ein ekstra kostnad for produsentar og distributørar, og det stiller krav til budsjetta deira. Så det blir ei kostnadsvurdering, seier Hello-Klausen.

Språkrådet vil også at strøymetenestene tekstar meir på nynorsk.

Warner Brothers Discovery, som står bak HBO Max, svarer på e-post til NRK at nynorskteksting ikkje er i planane deira. Men seier at dersom det skulle bli eit krav som vil gjelde dei, vil dei forhalde seg til det.

Publisert 19.11.2025, kl. 18.07

Read Entire Article