Ordførar slår alarm etter ras på Sørlandsbanen: – Dette er alvorleg

6 days ago 5



Onsdag førte mykje regn til at det gjekk eit ras over Sørlandsbanen mellom Heskestad og Moi i Lund kommune. Strekningen blei stengd, og buss for tog er sett inn for dei reisande.

I Lund treff NRK ekteparet Steinar og Ingrid Handeland ved staden der raset gjekk.

Dei er særs glade for at ingen vart skada i samband med hendinga.

– Då hadde det gått 200 meter ned til E39 og då hadde det vorte heilt smadra. Det er heilt vedunderleg at inga ulukke har skjedd, seier Steinar Handeland til NRK.

Ekteparet Steinar og Ingrid Handeland på togstasjon i Lund

Det kunne fått store følgjer dersom eit tog med passasjerar vart tekne av raset. Det er Steinar Handeland sikker på. Her er han med kona Ingrid Handeland.

Foto: NRK ROGALAND

Handeland er sikker på kva som kunne betra tryggleiken i Drangsdalen i Lund.

– Tunnel er det sikraste ein kan lage. Hadde dei laga ein tunnel gjennom her hadde dei vore fri for alle problem her i Drangsdalen.

– Det hadde vore ein av dei største katastrofane vi har hatt, seier Handeland om det som kunne skjedd om eit tog hadde blitt treft av ras, seier han.

Og held fram:

– Det er dauden kort og godt, om noko går gale der. Det er ikkje noko bøn, altså.

Torsdag ettermiddag seier prosjektsjef Arne Bujorde i Bane Nor til NRK at togstrekningen berre vil vere stengt ut torsdagen.

Skadane etter raset er omfattande, men ifølge Bujorde er dei i rute med reparasjonane.

– Vi klarer å fikse skadane, seier han.

Ordførar: – Dette er alvorleg

Ordførar i Lund Gro Helleland, frå KrF slår og alarm etter hendinga.

– Dette er alvorleg. Me må vite at me er trygge når me set oss på toget frå Kristiansand til Stavanger, seier Helleland.

Det har vore arbeid på staden i heile natt.

På bilete frå staden kunne ein sjå at skjenene hengde i lause lufta. Klokka 12 torsdag ettermiddag kjem Bane Nor med ei oppdatering om saka.

Allereie no får Rogalandsbenken på Stortinget ei klar oppmoding frå Lund-ordføraren:

– No må Drangsdalen igjen løftast. Det må ikkje sleppast. Den må løftast inn i NTP og det må kome satsingar, seier Helleland.

Ras mellom Moi og Heskestad på Sørlandsbanen

Slik såg det ut etter eit ras sør i Rogaland onsdag.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

– Opplever de å ikkje verte høyrde?

– I historia vår er det blitt lyft gong på gong på gong av ordførarar i Lund. Samferdselsministrar har vore her og sett, men me har ikkje opplevd å få skikkeleg hjelp. No er det eit alvorleg bodskap.

På bilete frå staden kunne ein sjå at skjenene hengde i lause lufta. Klokka 12 torsdag ettermiddag kjem Bane Nor med ei oppdatering om saka.

Go-Ahead: – Det ser svært ut

Det er Go-Ahead som køyrer tog på denne strekninga.

Torsdag morgon kunne Simen Rohde fortelje meir om kva som no skjer der.

– Bane Nor undersøker og ser på kva som må gjerast med underbygginga som har rast ut, sa Rhode til NRK.

Han og kollegaene kunne puste letta ut då ingen blei sette i fare då raset gjekk.

– Vi er veldig glade for at det ikkje gjekk noko tog der då det raste ut. Det ser veldig så satsar me på at Bane Nor gjer ein god jobb og får bygga opp underbygginga slik dei skal, sa han.

I 2022 vart eit godstog treft av steinras litt nord for der raset gjekk torsdag ettermiddag.

Ulukka førte til store skader på toget og sporet, og til at strekningen vart stengd i meir enn fem døgn.

Publisert 11.09.2025, kl. 11.07 Oppdatert 11.09.2025, kl. 12.59

Read Entire Article