Over 100 bilistar bøtelagde i ulovleg 40-sone. No må politiet betala bøter tilbake.

2 weeks ago 14



Bjørn Øystein Waage frå Stord er ein av dei som no får betalt tilbake ei fartsbot.

– Rettferda har sigra. Eg er nøgd, seier Waage, som meiner han har krav på renter for tida politiet har passa på dei 4200 kronene han måtte ut med.

Årsak til tilbakebetalinga:

Eit vegstrekkje gjennom Sagvåg sentrum på fylkesveg 545 i Stord kommune i Vestland har vore ugyldig skilta som ei 40-sone i fleire år.

Bjørn Øystein Waage

Waage er nøgd med å få att pengane, og håpar han får dei att med renter. Men han synest det har tatt lang tid.

Foto: Olav Røli / NRK

Fleire fartskontrollar på staden

For lova er klar. Om ein veg skal ha permanent lågare fartsgrense enn normalen i tettbygde strøk, altså 50 km/t, må det eit vedtak til.

Dette vart ikkje gjort då vegen vart bygd om, og fekk lågare fartsgrense i 2021.

Fylkeskommunen sette likevel opp skilta.

Etterpå har politiet gjennomført fleire kontrollar på strekninga. Med det dei trudde var ei 40-sone.

Waage er ein av dei som vart teke for høg fart.

No er han endeleg høyrt.

Gløymde ut saka

Fylkeskommunen søkte om å få endra fartsgrensa allereie i 2020, men då Statens vegvesen ikkje fekk noko tilbakemelding frå høyringspartane innan fristen, blei saka gløymd.

Det var avisa Sunnhordland som først skreiv om skilttabben.

Her har det skjedd ein glipp. Eg vart merksam på saka då eg sjekka ei anna skiltsak på Sagvågsvegen, seier Geir Sverre Andreassen i Vestland fylkeskommune.

Det var nemleg ikkje samsvar mellom informasjon i Nasjonal Vegdatabank og faktisk fartsgrense.

– No ventar me på svar frå Statens vegvesen om å få permanent 40-sone, seier Andreassen.

– Det skal ikkje settast opp skilt før eit gyldig vedtak ligg føre, seier Kjell Erik Myre, seksjonssjef i Statens vegvesen.

Kartet viser kvar det vart innført 40-sone.

Myre seier at det er sjeldan at dei har saker som denne.

Heller ikkje NAF har høyrt om liknande saker.

Det einaste unnataket er ein dom frå Borgarting lagmannsrett i 2011, der retten slo fast at miljøfartsgrenser i Oslo ikkje var heimla i vegtrafikklova, opplyser Nils Sødal i NAF.

Politiet: Må stola på at skilta er korrekte

Bjørn Øystein Waage er kritisk til at politiet ikkje sjekka at ting var i orden før dei hadde fartskontroll.

– Eg har ei plikt til å køyra etter fartsgrensa. Men eg meiner politiet også burde ha ei plikt til å sjekka at fartsgrensa var lovleg, seier han.

Politiet på side meiner dei må stola på at vegmyndigheitene gjer jobben sin.

– Når det gjeld permanent fartsskilting, så må me venta oss at det er korrekt gjort av dei som bestem dette, svarar UP-sjef i Vest politidistrikt, Terje Oksnes.

Der det er snakk om førebelse nedjusteringar av fartsgrenser, som vil seia at skilta er gule inni, så skal politiet undersøka at det er vedtak på skiltinga før dei utfører kontrollar.

– Her er det eitt eller anna som har skjedd i kommunikasjonen mellom fylket og Statens vegvesen, seier Oksnes.

Fleire kan få pengane sine tilbake

Politiadvokat Sveinung Andersen i Sør-Vest politidistrikt har jobben med å gå igjennom alle fartsbøtene. Til saman er det snakk om over 100.

– Som alt anna me gjer, har vi det spanande på jobb. Dette er også ei arbeidsoppgåve som me må utføra, seier Andersen.

Politiadvokaten seier politiet har god oversikt over dei som har blitt stansa, og at dei som har køyrt mellom 40 og 50 får førelegget oppheva.

Politiadvokat Sveinung Andersen, portrett nær

Politiadvokat Sveinung Andersen i Sør-Vest politidistrikt går no igjennom mange saker der bilistar har fått reaksjon for høg fart.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Dei som har mista førarkortet på feil grunnlag i denne sona, vil få lappen tilbake.

Også Andersen meiner politiet må stola på at skilt er sett opp korrekt.

– Har du vore borti liknande saker?

– Nei ikkje her i vårt område. Det har vore saker med mellombelse fartsgrenser, t.d. i eit arbeidsområde, men ikkje permanente fartsgrenser, seier han.

Bjørn Øystein Waage har førebels ikkje sett noko til pengane sine.

– Dei har sagt at dei skal betala ut over påske. Og no er det over påske. Så eg får håpa dei betalar ut i løpet av april, seier han.

Publisert 15.04.2024, kl. 07.21

Read Entire Article