Pengetrøbbel for storfilm: Greier ikkje å betale ut lønn til tilsette

2 days ago 7



I sommar blei delar av Knut Hamsuns klassikar «Markens Grøde» spelt inn på fjellgarden Ormelid i Sogn.

Ei rekkje personar har vore i sving – men lønna deira som skulle ha vore på plass 15. august – er enno ikkje på konto.

I ein e-post til statistane, kjem det fram at heller ingen i produksjonen, tilsette eller statistar har fått betalt.

En gruppe bygninger i en dal mellom fjell

Filminnspelinga skjer i Sogn på ein fjellgard. Neste haust skal filmen vere klar.

Foto: Venelaget Ormeli

NRK har snakka med fleire statistar, som ventar på utbetalingar alt frå 3000 kroner til over det doble.

Nokre av dei tok seg fri frå jobb for å vere med på innspelinga, og fleire stilte med utstyr til innspelinga.

Ein av statistane seier til NRK at situasjonen er verst for dei som hadde innspelinga som arbeidsstad i sommar, og som jobba mange og lange dagar.

I e-posten statistane har fått, står det at produksjonen mista ei mellomfinansiering i starten av juli, men at dei nærmar seg ei løysing på dette.

Produsent: «Ikke dramatisk»

Produsent Håkon Øverås i produksjonsselskapet 4 1/2 bekreftar betalingsproblemet ovanfor NRK.

en mann som står på en åker

Produsent Håkon Øverås vil ikkje stille til intervju hos NRK om pengeproblema til filminnspelinga. Her frå fjellgarden i Sogn der innspelinga fann stad i sommar.

Foto: June Erdalsdal Kolstad / NRK

Øverås har sagt ja til intervju, men har utsett det fleire gonger.

NRK ville mellom anna spørje om årsaka til forseinkinga, kor tid lønna kjem, kor mange som var råka og kor stor sum det er snakk om.

Men måndag skriv Øverås i ein tekstmelding at han ikkje kan stille, og med følgande kommentar: «Vi er bittelitt forsinket med betaling og rydder fort opp i det. Det er ikke dramatisk slik vi ser det»

Fagforbund: – Krevjande for medlemmene våre

– Dette har vore ein krevjande situasjon for medlemmene våre, seier Elisabeth O. Sjaastad, forbundsleiar i Fagforbundet Norsk Filmforbund.

Elisabeth O. Sjaastad

Elisabeth O. Sjaastad er forbundsleiar i Norsk Filmforbund. At så store filmproduksjonar får pengetrøbbel er uvanleg, seier ho.

Foto: NRK

Dei kjenner til saka og har hatt løpande dialog med produksjonsselskapet.

– Kor vanleg er det at pengetrøbbel hindrar lønsutbetaling?

– Det er uvanleg at det skjer midt i ein så stor filmproduksjon som dette. Det vi derimot ofte kjenner til, er at enkeltfaktura på mindre produksjonar kan stoppe opp.

Forbundet anbefaler medlemmene sine om å vere lønsmottakarar. Dersom det skulle bli betalingsproblem, kan dei få sin andel gjennom lønnsgarantifondet.

– Men det er alltid prekært for våre medlemmer, når lønsutbetalingar er forseinka eller blir borte.

en mann framfor et hus

Hans Petter Moland regissere Knut Hamsuns klassikar. Her frå innspelinga av Markens Grøde på Ormelid i Sogn.

Foto: June Erdalsdal Kolstad / ARNE STUBHAUG

Markens Grøde har tidlegare fått 17, 5 millionar kroner i tilskot frå Norsk filminstitutt, som er statens forvaltningsorgan på film- og spelområdet.

Filmatiseringa av Markens Grøde har også ved tidlegare høve skapt debatt.

Fleire kritiske røyster meiner filmskapar Hans Petter Moland burde ha valt Nord-Noreg, og ikkje fjellgarden inst i Sognefjord, som arena for innspelinga.

Knut Hamsuns "Markens Grøde" ble gjort i Røvassdalen i Rana i Nordland.

Den tidlegare innspelinga av Knut Hamsuns «Markens Grøde» blei gjort i Røvassdalen i Rana i Nordland.No er den flytta til Sogn.

– Djup krise

Sjaastad i Norsk Filmforbund seier det er tøffe tider i filmbransjen.

– Bransjen er i ei djup krise økonomisk. Det er veldig tøft for produksjonsselskapa for å få finansiering på plass, seier Sjaastad, og seier dei har full forståing for dette.

Ho peiker på prisstiginga i samfunnet, svak norsk krone, og for lite offentleg støtte som årsaker.

– Det er meir risikabel finansiering, fordi det blir et lappeteppe av ulike kjelder. Det gjør jo at risikoen også aukar. Det er ein situasjon som vi ser på med bekymring.

Også skodespelar Pia Tjelta er uroleg, og viser til at utlendingar droppar å filme i Noreg, fordi dei ikkje får gode nok økonomiske ordningar. Regjeringa har svart ut at det er for lite pengar til å auke opp rammene.

Filmen skal etter planen ha premiere neste haust.

Publisert 01.09.2025, kl. 16.58

Read Entire Article