Politiet innrømmer tabbe – mista kontroll over bevis

1 day ago 11



Natt til 15. januar 2025 vart ein mann (89) funnen død i eit brennande hus i Hausdalen i Bergen.

Det vart ikkje oppdaga der og då, men mannen var skoten to gongar i panna med ei salongrifle med 22 kaliber.

Som TV 2 nyleg omtalte, har bergenspolitiet no bestemt seg for å legge vekk saka som sjølvdrap. To av dei etterlatne er svært kritiske til politiets etterforsking.

Kritikken handlar særleg om at politiet ikkje kan fortelje dei korleis faren deira skal ha klart å skyte seg sjølv to gongar. 

Dei fann det politiet hadde oversett

Rifla var påmontert lyddempar. Ein Kripos-rapport seier 89-åringen ikkje kunne nå avtrekkaren med hendene.

No kan TV 2 avsløre at det i sluttfasen av etterforskinga har oppstått usikkerheit om ein viktig detalj frå soverommet der 89-åringen vart funnen død.

Tidlegare ikkje omtalt

TV 2 har visst om gjenstanden, men har av omsyn til den pågåande etterforskinga valt å ikkje omtale detaljen frå sjølve åstaden.

Det handlar om ei lita lommelykt, circa 13 centimeter lang og rundt 4 cm på sitt breiaste.

To røykdykkarar tok seg inn i det brennande huset og fann 89-åringen sitjande livlaus i ei seng inne på eit soverom.

Soverommet låg bak første dør til venstre i gangen innanfor ytterdøra. 

TV 2 er kjent med at ein av røykdykkarane, etter å ha henta ut den omkomne mannen, fortalde ein politimann at mannen «var fullt påkledd og hadde en lommelykt i hånden».

 Politiet
BLITT USIKKER: I ein politirapport rett etter brannen fortel ein røykdykkar at 89-åringen hadde denne lommelykta i handa. I det formelle avhøyret eitt år seinare, er han blitt usikker. Foto: Politiet

Innrømmer tabbe

Då politiet vart klar over at mannen var skoten i hovudet, starta dei ei etterforsking som handla om å avklare om dette var eit drap eller eit sjølvdrap. 

Og det er her politiet innrømmer feilvurderinga.

– Røykdykkarane blir avhøyrt først eitt år etter brannen. Det vil eg beklaga. Der gjorde vi ei feilvurdering, seier politiadvokat Are Nygård Bergh til TV 2.

Dei to røykdykkarane var dei einaste som var inni det brennande huset og inne på soverommet som etter alt og dømma er den sentrale åstaden for skytinga.

Veit ikkje kor lommelykta var

Men dei vart altså formelt avhøyrd først etter at TV 2 hadde omtalt den spesielle saka, og etter at TV 2 stilte spørsmål om lommelykta.

Etter eit møte med Statsadvokaten, vart det bestemt å utvide etterforskinga.

Eitt år etter brannen, er røykdykkaren blitt usikker på kor lommelykta faktisk var i rommet, fortel Bergh.

– Me kan diverre ikkje seie det med sikkerheit. Om den har vore i handa på avdøde eller ein anna stad i rommet, det har ein ikkje sikker informasjon om.

 Fride Sørensen / TV 2
SVARAR: Politiadvokat Are Nygård Bergh i intervju med TV 2 om bevisbiletet i Hausdalen-saken. Foto: Fride Sørensen / TV 2

– Men når røykdykkaren kort tid etter brannen fortel politiet at mannen hadde ei lommelykt i handa, så er det vel nærliggande å tru at det er det som er sant?

– Det var ikkje eit avhøyr av røykdykkaren, men ein politimann som har hatt ein samtale med han og så har han seinare skrive ein rapport. Kva som faktisk har blitt sagt i samtalen, er vanskeleg å vita, svarar Bergh.

Vil ikkje spekulere

Men detaljen med lommelykta i handa er tatt med i rettsmedisinaren sin obduksjonsrapport.

Som tidlegare omtalt, har Kripos undersøkt om 89-åringen kunne nå avtrekkaren med hendene sine.

Svaret var nei, men politiet argumenterer med at mannen kan ha brukt andre kroppsdelar eller gjenstandar til å fyre av med.

Derfor meiner politiet dei ikkje har oversett eit drap

Det er uklart om den vel 13 centimeter lange lommelykta var lang nok til å kunne nå avtrekkaren, om han hadde den i handa.

– Viss ikkje han kunne bruke den, men hadde den i handa, hadde han ikkje då ei hand mindre til å operere salongrifla med?

– Det er veldig mange moglegheiter for korleis denne salongrifla kan ha blitt fyrt av. Vi kan ikkje seie noko om korleis han har gjort dette. Vi har våre tankar, men det er ikkje riktig å spekulere offentleg om det, svarar Bergh.

Rokkar ikkje ved konklusjonen

– Viss røykdykkaren hadde sagt i avhøyret at han hadde ei lommelykt i handa, kva ville det gjort med dykkar hovudhypotese om sjølvdrap?

– Eg trur nok hypotesane våre hadde vore dei same uansett. Vi hadde hypotese om sjølvdrap og hypotese om drap. Ein ville uansett kome i ein situasjon der det samla bevisbiletet med styrke talte for sjølvdrap, seier politiadvokaten.

Politiet si innstilling om å legge vekk saka som sjølvdrap, vil bli oversendt til Statsadvokaten for endeleg avgjerd.

Trenger du noen å snakke med?

  • Mental Helses hjelpetelefon: 116 123 (døgnåpent)
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40 (døgnåpent)
  • Leve Landsforeningen for etterlatte ved selvmord: Tar imot henvendelser på epost: post@leve.no eller telefon 22 36 17 00 (hverdager 9-15)

Kilde: Helsenorge.no

Read Entire Article