Popkorn og Temu-varer: Sa «ja» til kvarandre i kinomørket

3 hours ago 1



Det luktar gjenkjenneleg av popkorn. Men rosene som ligg strødde utover det raude vegg-til-vegg-teppet, er nye.

Utanfor ein av kinosalane står det ein tydeleg nervøs type i grøn kappe.

– Vi tenkte jo at det hadde vore litt moro å gifte seg på kinoen da, i staden for dei vanlege bryllaupa i kyrkjer og sånt, seier Kim André Kristiansen.

– Gruer du deg?

– Eigentleg ikkje. Det eg grudde meg mest til er all pyntinga og stellet. Det å gifte seg er ålreit, seier Kristiansen.

en gruppe mennesker som sitter i stoler

Både forlovaren til brudgommen og brudgommen sjølv ser ut til å vere spente i kinosalen. Dagens reklamefilmar er avlyste.

Foto: Philip A. Johannesborg / NRK

– Men det er jenta mi som har pynta mest, for det er ho veldig flink til.

For det skal ikkje stå på estetikken.

Fredriksstad Blad omtalte saka først.

Gifteringenes herre?

Vandrar du inn i akkurat denne kinosalen på Fredrikstad kino ein vanleg laurdag i november, blir du møtt med eit eføy-blomstrande inngangsparti.

Rett innanfor heng eit stort lerret med skogkledde søyler, eit motiv henta frå Ringenes Herre-filmane.

En hvit vogn med røde seter

Allereie før dei fleste gjestene hadde komme, så var det nokon som naut dei nokså mjuke kinosalseta. Er dette slutten for kalde kyrkjebenker?

Foto: Philip A. Johannesborg / NRK

Lite er opp til tilfeldigheitene, og det meste er inspirert av fantasy-univers.

Idet brura entrar kinosalen, så er det ikkje til tonane av Felix Mendelssohns kjente brudemarsj, men til Ringenes herre-filmmusikken.

Et rom med stor skjerm

Mørket har senka seg i salen idet dei to gifteklare innvendig øver seg på å seie «ja».

Foto: Philip A. Johannesborg / NRK

Kinolerretet har blitt til ei altertavle, som gjennom store delar av vigslinga blir pryda av Viggo Mortensen i rolla som figuren Aragon.

– Eg har alltid likt å gjere ting litt annleis. Vi er begge to veldig store fans av den filmen. Det er ein film ein kan drøyme seg bort, seier bruda, Liv Maria Hagen.

Kaker inspirert av Ringenes Herre på et bord

Kakefatet er Ringenes Herre-inspirert, med blant anna hytta til Bilbo Lommelun.

Foto: Philip A. Johannnesborg / NRK

Fann kvarandre i mørket

Og det måtte visst bli kinoen.

Nokon vil nesten kalle det lagnadsbestemt.

I 2005 trappa det opp ei god handfull ungdommar på Fredrikstad Kino. Målet: sjå mest mogleg samanhengande kino og sette verdsrekord.

Sammenligning av to bilder

Før

To mennesker sitter ved siden av hverandre i en kinosal

Etter

en mann og en kvinne som står

Frå den gongen da: I 2005 sat Kim og Liv Maria ikkje berre ved sida av kvarandre, dei sat også verdsrekord i filmtitting. NRK Østfold var til stades den gongen og foreviga dei to som 20 år seinare skulle gifte seg.

Etter 70 timar og 33 minutt var verdsrekorden eit faktum, og igjen sat det fire stykke. To av desse var nettopp Liv Maria Hagen og Kim André Kristiansen, som 20 år seinare giftar seg på same adresse.

– Eg kjenner meg veldig æra for å ha fått lov til å gjere det her på kinoen, seier Hagen.

Pyntede glass og servise til bryllupet

Også kinosjefen i Fredrikstad, Jørgen Søderberg Jansen, er invitert som gjest.

Foto: Philip A. Johannesborg / NRK

– Dersom det er nokon som skal gifte seg på kino, så er det dei, seier Jørgen Søderberg Jansen, kinosjefen i Fredrikstad.

Han kan avsløre at det er første gong nokon «gir jaet sitt» i ein av framvisningssalane hans. Og han trong ikkje lang tid på å seie ja til brudeparet sjølv. Men skal ein gjere noko nytt, så må det ofte klarerast først.

En mann og en kvinne ser på hverandre foran et høyt bord. Kvinnen i brudekjole og mannen i kappe

NRK kan avsløre at begge partar sa ja i denne kinosalen denne novemberdagen.

Foto: Philip A. Johannesborg / NRK

Alt henta frå Temu

– Vi måtte søke prosten om å få lov, og der var det tre vilkår. Første vilkår var at det måtte vere ein prest. Ho kjente eg frå før, så det gjekk bra. I tillegg måtte det vere eit teppe til stades som vi kunne knele på. Og så måtte det vere stearinlys.

Stearinlys-biten var kanskje det vanskelegaste, for å unngå at brannalarmen skulle gå.

Stoler står rett opp og ned
En inngang pyntet med eføy

Stolane er henta frå kino-kantina og pynta med kvitt og sølvbelte. Inngangen til salen er omkransa av eføy og kvite roser. 

Philip A. Johannesborg / NRK

Mange er nok lykkelege for at kyrkjebenkene har blitt bytte ut med mjuke kinostolar. Og når det gjeld pynten, så kan bruda avsløre at heller ikkje ho er heilt tradisjonell.

– Alt er kjøpt på Temu faktisk. Både brudekjolen, sløret, hovudpynten, smykke og øyredobbar, og dessutan ledlys, kakefat, dukar og løparar, seier Hagen.

Alt til ikkje mindre enn rundt 10.000 kroner.

Bryllaupsplanleggar: – Ganske unikt

Bryllaupsplanleggar Bawer Abbasi, også kjent frå Bakemesterskapet på NRK, har brei erfaring med å hjelpe folk opp til alteret, og ikkje minst hjelpe dei gjennom festen i etterkant.

Han meiner det ikkje er noko fasit på kor mykje eit bryllaup kostar. Men sjølv om det er mogleg å gjere det ganske billig, så må dei fleste opp i noko som liknar ei årslønn.

en person med hatt
Et gelender pyntet

Kinosalen er pynta staseleg opp med ting ein vanlegvis ikkje ser i ein kinosal.

Philip A. Johannesborg

Abbasi fortel at det ikkje er uvanleg å bruke fleire hundre tusen kroner på eit bryllaup om ein har mange gjester og reknar med alt frå mat til antrekk og fotograf.

Han synest det er kult «kinoparet» har klart å få summen ned til 10.000 kroner.

– Dette hadde vanlegvis berre dekt å få leigd inn dj til eit slikt event.

Bryllupsfeber S01E04

Bawer Abbasi har sett varer frå Temu i alle bryllaupa han har arrangert.

Foto: NRK / NRK

– Eg opplever at det er ganske vanleg at folk kjøper inn ting frå Temu for bryllaupet sitt. Eg vil nesten tore å påstå at eg har sett minst éin ting frå Temu på alle bryllaupa eg har vore med på å planlegge.

Men han har aldri høyrt om at nokon har kjøpt brudekjole på Temu.

– Det synest eg er ganske unikt.

en person i hvit kjole

Bruda er temmeleg fornøgd, både med prisen på bryllaupet, men kanskje enda meir fornøgd med brudgommen.

Foto: Philip A. Johannesborg / NRK

Så snart vigslinga for Kim André Kristiansen og Liv Maria Hagen er over, er det venta mat og kaker. Så senkar lyset seg, og kinosalen kan igjen bli brukt til det han er meint for.

– Det blir film klokka tre. Vi skal sjå «Wicked 2», seier Liv Maria Hagen synleg fornøgd.

Publisert 13.12.2025, kl. 11.57

Read Entire Article