Var det deileg med skikkeleg langfri denne jula?
Ein kan seie det klaffa perfekt med julaftan på ein onsdag, 1. og 2. dag på ein torsdag og fredag, og helg rett etterpå.
Dei siste åra har vore fine sånn sett.
2024 var eit solid år med tanke på fridagane, då alle raude dagar som kan hamne på ein kvardag, gjorde nettopp det.
Det kan gi folk ein ekstra boost i kvardagen, ifølgje forskar ved STAMI, Jan Olav Christensen.
– Ekstra fridagar kan fungere som små «mini-feriar» i kvardagen, som gir oss litt ekstra avkopling mens vi ventar på hovudferiane. Dersom ein har eit ekstra krevjande arbeid kan dette gjere ein forskjell, og det kan bidra til å førebyggje uhelse.
I 2025 hamna ni av ti slike dagar på ein kvardag.
Men no ser festen ut til å vere over. I åra framover blir det færre og færre.
Påska er ei høgtid som hamnar på dei same dagane i veka kvart år.
Foto: Tore Ellingseter2. pinsedag på 17. mai
I 2026 får vi åtte raude dagar på ein kvardag. Noko som er det «dårlegaste» sidan 2022.
Totalt er det 13 raude dagar i løpet av eitt år.
Det er likevel berre ti av dei som kan gi ekstra fri, ettersom palmesøndag, 1. påskedag og 1. pinsedag uansett fell på søndagar.
Men slik ser altså fasit ut for det neste året:
Og i 2027 blir det enda dårlegare.
Då får vi sju raude dagar på ein kvardag.
I tillegg byr året på eit samanfall av både grunnlovsdagen og 2. pinsedag, samtidig som dei raude juledagane kjem i ei helg.
– Eg er ikkje sikker på kvifor vi nordmenn er så opptekne av dei raude dagane, eller om det gjeld spesielt for nordmenn. Men raude dagar representerer kanskje «ekstra fri» – og det er også ei viss spenning knytt til kor mange slike dagar vi får kvart år, seier Jan Olav Christensen.
– Kor mykje kjem vi til å merke at vi får to færre fridagar i 2026?
– Eg trur vi kjem til merke det mest fordi vi les om det i media og snakkar om det på arbeidsplassen. Det er lov å vere skuffa – men vi bør også huske at éin bra dag på jobb kan vere like bra som to fridagar.
I 2026 blir det 17. mai på ein søndag.
Foto: Privat2028 bringar meir fri
Men i 2028 så snur det.
Då er vi oppe i ni dagar igjen. Og i 2029 er vi tilbake til ti av ti moglege.
– Bør folk glede seg allereie no?
– Ja, eg har ikkje sett forsking som tyder på at det ikkje er bra å glede seg til noko, seier arbeidslivsforskar Christensen.
Om folk bør bruke tid på å planlegge fridagar på inneklemte dagar, er opp til kvar enkelt, meiner han.
– Folk er forskjellige – for nokon er det veldig viktig å optimalisere bruken av fridagane sine ved å planlegge og gjennomføre forskjellige aktivitetar. Andre kan synest det er optimalt å gjere minst mogleg, seier han og avsluttar:
– Som arbeidsmiljøforskar er det vanskeleg å seie noko bestemt om korleis folk burde forvalte eiga fritid, anna enn at ein må passe på å få nok mental avkopling – noko som kan gjerast på mange forskjellige måtar.
Publisert 28.12.2025, kl. 07.42 Oppdatert 28.12.2025, kl. 07.47

















English (US)