Reagerer på korleis guidane omtaler Olav den heilage: – Mobbing med tilbakeverkande kraft

21 hours ago 1



Det blir hevda, sjølv her i huset har eg høyrt av folk som har vore med på guida turar, at Olav berre var ein maktsjuk despot.

Tysdag blei Olsok – Olav den heilage sin dødsdag – markert med katolsk høgmesse i Nidarosdomen.

Der gjekk biskopen for den katolske kyrkje i Midt-Noreg hardt ut mot korleis Noreg sin nasjonalhelgen blir omtalt i vår tid, deriblant av guidane i Nidarosdomen.

Det som skjer her er mobbing med tilbakeverkande kraft av heile Noreg sin befolkning på 1000-talet, sa Varden frå preikestolen.

– Vi antar at folk var dumme

Det har blitt vanleg sjølv blant kristne å rakke ned på Olav den Heilage sin kristne hensikt, meinte Varden under messa.

Vi antar at folk var så dumme den gongen. At folk lét prakke på seg ein grufull grobian som nasjonalsymbol og deretter lét seg kue til å bøye kne for leivningane hans, sa Varden under messa.

Ny katolsk biskop Nidarosdomen

Erik Varden blei vigsla i 2020. Sist ein katolsk biskop blei vigsla i Nidarosdomen var i 1537.

Foto: Bjarte Johannesen

Onsdag forklarar Varden til NRK at hensikta med messa var å åtvare mot å ha forenkla og feilaktige oppfatningar om fortida.

– Det har kome ein slags veldig forenkla framstilling av tidleg norsk mellomalder, seier Varden og viser mellom anna til film og TV-seriar om perioden.

– Da er det viktig både kulturelt og religiøst å forhalde seg ansvarleg og objektivt til fortida.

Varden fortel at det er viktig å ha klart for seg kva ein helgen er og ikkje er, og at det var det preika handla om.

Biskopen er utdanna med ein doktorgrad innan historisk teologi.

– Nokon gongar morar det meg og andre gongar provoserer det meg at vi så lett forheld oss til fortida utifrå våre eigne førestillingar, korleis det var og korleis det burde vere.

Dersom guidane i Nidarosdomen gir eit unyansert bilete av Olavssoga, ser Varden på det med bekymring.

Varden fortel at han fekk høyre om versjonen har snakka om under preika frå to-tre besøkande.

– Det kan ha vore utypisk. Det veit eg ikkje, men ein kan håpe.

Dersom merknadane under høgmessa bidreg til djupare refleksjon om tematikken vil det vere gledeleg, fortel biskopen.

Erik Varden, ny katolsk biskop i Trondheim

Erik Varden åtvarar mot å ha eit forenkla bilete av korleis fortida var.

Foto: Bjarte Johannesen

– Vår oppgåve å framstille Olav som historisk person

Direktør for publikumsavdelinga ved Nidarosdomen, Anne Strømmen, fortel at ho ikkje kjenner seg igjen kva biskopen seier om omvisingane i domen.

– Ein sånn type framstilling ligg ikkje i noko av opplæringa vi gir til våre guidar, så eg kan ikkje seie at eg kjenner meg igjen i påstanden.

Ho presiserer at guidane får eit manus, men at dei har fridom til å tilpasse dette sjølv.

– Vår oppgåve er å framstille Olav som ein historisk person, helgenkåringa som blei gjort og den verknadshistoria som kom av helgenkåringa.

en stor steinbygning med mange vinduer med Nidarosdomen i bakgrunnen

I og rundt Nidarosdomen går føre seg Olavsfestdagane denne veka.

Foto: Gudbjørn Bondhus / NRK

Ho fortel at det er ulike innfallsvinklar for å forstå kongen som levde for 1000 år sidan.

– Også skal ein sjølvsagt ha respekt for at katolikkane behandlar helgene på ein annan måte enn det den norske kyrkje gjer og korleis vi, som ikkje har noko forkynning i vårt oppdrag, gjer.

Strømmen fortel at ho ikkje har prata med alle guidane, men at ho trur dei tar kritikken frå biskopen med ro.

– Han har sitt utgangspunkt og han kjem med ein påstand som eg ikkje kjenner igjen, seier Strømmen.

NRK er ikkje kjent med det nøyaktige innhaldet under dei guida turane i Nidarosdomen.

Meiner ein må forstå Olav i lys av sin tid

– Ein må alltid skilje mellom den historiske Olav og helgene Olav, seier Erik Opsahl.

Han er professor i mellomalderhistorie og leder for mellomaldersenteret ved NTNU.

Opsahl fortel at han som historikar må nærme seg Olav på den tida han levde på sine premiss.

– Eg er djupt ueinig i den nåtidige kritikken av Olav som maktsjuk og ærgjerrig. Det synest eg er heilt fullstendig misforstått.

– Dette er ein mann som lever på 1000-talet med andre rammar og føresetnadar. Det var ganske forskjellig frå vår tid for å seie det forsiktig.

Olav den heillige død på slaget på Stiklestad

Olav Haraldsson falt på Stiklestad i 1030. Etter sin død blei han utkåra til helgen.

Foto: Ukjent

Opsahl seier samfunnet Olav levde i var grunnleggjande forskjellig frå Noreg i 2025, både når det gjaldt normer, idear og livsvilkår.

– Det var eit brutalt samfunn samanlikna med vårt.

– Så kan ein tenke på dagens situasjon og spørje seg om ein har kome så mykje lenger med tanke på brutaliteten rundt om i verda.

Sjølv om mellomaldersamfunnet var meir brutalt enn vårt, var ikkje folk dumme, seier Opsahl.

– Ein skal ha respekt for at fortida er annleis.

– Og det er nok ein slags tendens i vår tid med tanke på moderniteten og at vi liksom er det ypparste innan den historiske utviklinga. Men fortidas menneske var ikkje dumme.

Publisert 30.07.2025, kl. 16.17

Read Entire Article