Kvar vinter fryktar Lida og Leif Kristian Gudbrandsen at det skal skje noko når ungane kjem heim med skulebussen.
Dei bur i Panoramavegen, ein bratt og svingete veg som går frå bygda Ulnes i Nord-Aurdal og opp til Vaset på fjellet.
– Det køyrer ut bilar her i hytt og pine heile vinteren. Det er litt risikabelt synest eg, seier Lida Gudbrandsen.
– Vi veit jo at vi bur etter ein trafikkfarleg veg, seier far Leif Kristian Gudbrandsen.
Bekymringa er ikkje blitt mindre etter dottera på sju år var like ved å bli treft av ein skulebuss som sklei på glatta.
Skulebussen vart ståande uti grøfta. Fleire skuleelevar sat inne i bussen då dette skjedde. Dei vart hjelpt ut og henta av ein annan buss. Ingen kom til skade i hendinga.
Foto: Brage Skattebo / Avisa ValdresRopte at 7-åringen måtte springe
Vanlegvis får Leanora og broren gå av i innkøyringa til huset deira, som ligg i den bratte oppoverbakken like før ein sving. No har dei fått beskjed om at bussen ikkje tør å stoppe der på vinterføre og dei må sitte på om lag 800 meter til.
Måndag 8. desember var det spesielt glatt. Ein trailer på veg nedover stod i grøfta rett rundt svingen. Leanora og mora Lida fortel at bussen stoppa i den skarpe svingen ikkje langt frå huset til Leanora, og sette henne av der. Altså ikkje ved neste stopp, som avtala.
Så begynte bussen å skli.
Leanora Gudbrandsen fortel til NRK at ho er blitt redd for å sitte på med bussen heim og håpar ho heller får ta taxi eller anna.
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK– Og så tuta han fordi han ville at eg skulle springe, men eg skjønte ikkje det. Og så ropte dama til meg at eg skulle springe, og det skjønte eg, fortel 7-åringen.
NRK har snakka med bussjåføren, som ikkje ønsker å kommentere saka. Selskapet han jobbar i svarer lenger ned i saka.
Mari Skavhaug-Flender og mannen Haakon Skavhaug-Flender var på veg til hytta si på Vaset og låg bak skulebussen. Dei såg det som var i ferd med å skje.
– Mannen min er lynrask på å få ned vindauga våre og begynner å rope «spring». Og eg òg begynner å rope «spring».
Mari Skavhaug-Flender og mannen Haakon Skavhaug-Flender køyrde rett bak skulebussen eit godt stykke og vart vitne til at den sklei mot 7 år gamle Leanora.
Foto: PrivatMari Skauvhaug-Flender fortel at dei såg 7-åringen fraus til litt før ho begynte å springe mot dei. Ikkje lenge etter hamna bakdelen på bussen i grøfta og låg nøyaktig der Leanora hadde stått like før, fortel ho.
– Hadde ho ikkje sprunge, så hadde ho blitt treft av bussen. Det er 100 prosent sikkert, seier ho.



Bussen sklei ut av vegen i svingen rett utanfor huset til familien Gudbrandsen. Rett rundt svingen hadde også ein lastebil hamna i grøfta, men hendingane skal ikkje ha noko med kvarandre å gjere. Videoen er teke av Lida Gudbrandsen.
- Meir enn kvart fjerde barn mellom fire og ni år er ikkje godt nok sikra i bil, ifølge Trygg Trafikk. Ein seksbarnsfar meiner fleire må orke å ta kampen.
Saka blir etterforska av politiet
Verken mor eller far var heime og såg det som skjedde. Dei etterlyste bilistane som kom bak på Facebook.
Dei fekk kontakt med paret på veg til hytta, som fortalde kva dei hadde sett.
– Så det er jo opplysningane vi har fått frå dei, som har gjort at vi har tenkt at det har vore litt uforsvarleg av bussjåføren, seier Lida Gudbrandsen.
– Vi skjønar ikkje heilt kvifor dottera vår vart sleppt av i den krappe, glatte svingen der. Vi føler at det var ein ganske farleg situasjon, seier mora.
Ho meiner bussjåføren handla aktlaust.
Lida Gudbrandsen er glade det gjekk bra denne gongen. Ho har lenge vore bekymra for ungane som går langs den bratte og svingete vegen på vinterstid.
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK
Lida Gudbrandsen er glade det gjekk bra denne gongen. Ho har lenge vore bekymra for ungane som går langs den bratte og svingete vegen på vinterstid.
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK
Politiet opplyser at dei har oppretta ei sak etter hendinga.
Det er opplysningar dei har fått som gjer at dei vurderer at dei vil undersøke dette vidare. Dette fortel Bård Sørumshaugen, som er vakt- og beredskapsleiar i Politiet i Valdres.
Dei skal etterforske saka vidare for å sjå om det kan ha skjedd noko straffbart. Sørumshaugen seier det kan bli aktuelt å hente inn fleire forklaringar.
NRK har vore i kontakt med bussjåføren og lagt fram kritikken mot han. Han ønsker ikkje å kommentere saka, men kjenner til at politiet har oppretta sak mot han.
- Les også: Bilane dundrar forbi i 80 km/t på skulevegen til Åste (7) og Halldor (9): – Det er skummelt
– Kunne lett vere å stoppe der
Det er Innlandstrafikk som er ansvarlege for skulebuss-tilbodet. Men dei har leigd inn selskapet Connect bus som køyrer bussane. Sjåførane er tilsette i dette selskapet.
Trond Egil Kvisten er regiondirektør i Connect bus region midt. Han seier sjåføren også opplevde situasjonen som veldig skremmande, men vil ikkje gå inn på vurderingane som vart gjort.
Connect bus seier dei ser alvorleg på det som skjedde i denne svingen og at det også var skremmande for sjåføren. Dei tar med seg tilbakemeldingane, ifølge Trond Egil Kvisten.
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRKMen han seier bussjåføren har fortalt at det vart trykka seint på stoppknappen.
– Sett i ettertid, så kunne vi lett vere å stoppe der. Slik at eleven hadde måtte bli med til den haldeplassen som vedkommande eigentleg var registrert på. Men vi har også fått kritikk for det i forhold til avstand heim. Vi tar jo dei tilbakemeldingane som har kome på alvor og tar det med oss, seier han.
Han seier dei støttar vurderingane som sjåførane deira gjer, og at det er for tidleg å seie kva som burde vore gjort annleis når uhellet var ute.
Men dei evaluerer slike hendingar for å lære av det.
– Kva tenker du om at politiet har oppretta sak og vil etterforske dette for å sjå om det er skjedd noko straffbart?
– Det får vere deira vurdering. Men vi registrerer at politiet som var på staden, ikkje gav oss signal i den retning. Vi vil samarbeide med alle myndigheiter i denne type saker etter beste evne.
Vil ha alternativ skyss
No lar ikkje familien Leanora ta bussen heim frå skulen. Dei hentar henne sjølv og håpar på å få betre alternative løysingar.
Leanora seier det er skummelt og ho er redd for skuleskyssen.
– Fordi eg vil ikkje at bussen skal skli ned igjen og eg må springe, seier 7-åringen.
Familien har sendt e-post til Innlandstrafikk og ber dei vurdere blant anna om ungane kan få taxi heim i staden for å vere med bussen. Det er ikkje aktuelt, ifølge Tommy Forseth, som er einingsleiar for rutetilbod i Innlandstrafikk.
– Slik vi vurderer det, er det like sikkert å køyre stor buss. Er det for glatt til å køyre med stor buss, så er det for glatt til å køyre med taxi.
Lida Gudbrandsen seier dei håpar å få alternativ skyss til dottera. Enn så lenge så vil dei heller hente henne sjølv enn å la ho ta bussen heim.
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRKPublisert 17.12.2025, kl. 19.35



















English (US)