– I boka mi, og i mange av bøkene til spelarane, trur eg han vaks veldig etter det der.
Det er i NRK-podkasten Bakrommet at Ståle Solbakken fortel ei til nå ukjent historie om Erling Braut Haaland – som kan ha bidratt til å bli eit vendepunkt for landslaget.
– Fort gjort at dei beste går amok
For etter det famøse 1-5-tapet mot Austerrike i oktober i fjor, da Haaland var vikarierande kaptein i Martin Ødegaards skadefråvær, har Noreg gått 12 kampar på rad utan tap, og er klare for VM.
Solbakken trur handlingane til jærbuen etter den kampen bidrog til at landslaget sidan den gong har vore uovervinnelege.
– Etter ei sånn oppleving er det fort gjort at dei beste spelarane, dei med størst autoritet og CV, vernar seg sjølv og går amok i ein garderobe. Kor mange gonger har vi ikkje sett det? At dei beste da kjem med «faen, dette er ikkje godt nok» og ditt og datt, innleier Solbakken i podkasten.
Slik var det ikkje med Erling Braut Haaland, fortel han i podkasten.
– I staden tar han ordet etter at eg er ferdig, og seier: «Dette kan skje alle, gutar. Eg har vore med på det før. Eg speler i den beste ligaen i verda, med dei beste spelarane i verda. Dette kan skje alle. Nå skjedde det oss. Sjå tilbake på kva vi har gjort før, dei siste kampane. Ta vare på det. Så sest vi neste gong, så rettar vi det opp», røper Solbakken.
TUNG KVELD: Noregs vikarkaptein Erling Braut Haaland under kampen mellom Austerrike og Noreg på Raiffeisen Arena Linz.
Foto: Fredrik Varfjell / NTBRosar Haaland: – Ei velsigning
Utetter fekk kaptein Haaland mykje kritikk for å ha gått rett forbi pressa etter det pinlege tapet.
Men bak kulissene gjorde superspissen akkurat det laget trong etter ei sånn vond oppleving, meiner landslagssjefen.
– For dei gutane som sit igjen i den garderoben, så er jo dette ei velsigning. At den beste spelaren går rundt til alle og seier: «Det kan skje alle. Det skjedde oss nå. Vi har vore fantastiske nå i fem av dei siste seks omgangane. Dette lèt vi oss ikkje prege av. Punktum finale. Sest neste gong.»
ENORM KVALIK: Erling Braut Haaland har verkeleg levert varene for Noreg i 2025. Her med pressesjefen for landslaget, Morten Skjønsberg, etter 4-1-sigeren mot Italia i Milano.
Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån– Kva tenker du når han grip ordet etter deg?
– Det er ikkje sjølvsagt. Eg tenker at det er langt unna sjølvsagt. For han er jo veldig skuffa sjølv. Han gjer jo sjølv ein middelmåtig kamp og er veldig lite involvert. Men det han gjer etter kampen, det er restitusjon for heile den troppen. Det er ingen som føler at den største stjerna ikkje vernar dei. Og det er utruleg mykje verdt, meiner Solbakken.
– Eg trenar ikkje Haaland
Noreg er klar for VM etter ei perfekt kvalifisering med åtte sigrar på åtte kampar, 37-5 i målforskjell og ein festfotball nasjonen aldri har sett maken til.
I bresjen for suksessen har nettopp Haaland fått ein stor del av æra.
Jærbuen skåra 16 mål på dei åtte kvalikkampane og blei den overlegne toppskåraren til VM-kvaliken, med dobbelt så mange mål som Nederlands Memphis Depay, England-stjerne Harry Kane og Austerrike-profil Marko Arnautovic på delt andreplass.
Tysdag kveld blei Haaland historisk som han raskteste spelaren til 100 mål i Premier League, da han skåra eitt mål i 5-4-sigeren over Fulham.
I NRK-podkasten får Solbakken spørsmål om korleis han trenar ei superstjerne som Haaland.
– Nei, altså ... Eg trenar jo ikkje han. Det eg prøver å gjere er å sette opp laget på ein måte som gjer at han flest mogleg gonger kjem i situasjonar han er best til. Og som gjer at han så ofte som mogleg får bruke alle hestekreftene han har i løpet av kampen, seier Solbakken.
– Han er fødd med noko
Han påpeikar at mykje av utfordringa er å finne rett balanse, slik at Noreg ikkje blir avkledd defensivt.
– Men samtidig så er han den beste målskåraren i verda, den beste spissen i verda, og da må vi prøve å legge til rette for at han kan vere det. Det er måten eg trenar han på, seier landslagssjefen.
Så langt har det gitt effekt. Haaland står med spinnville 55 mål på 48 landskampar, og er for lengst den mestskårande landslagsspelaren i historia for Noreg.
Å gi Haaland konkrete direktiv på kor han skal springe, korleis han skal posisjonere seg, det held Solbakken seg for god for.
– Det kjem eg ikkje til å gjere. Det trur eg ikkje er vits i heller, for han er jo fødd med noko som vi andre ikkje er fødde med, og som ikkje kan lærast, meiner han.
Høyr heile praten med Ståle Solbakken her:
Behov for eigentid
– Korleis har forholdet dykkar utvikla seg sidan 2021, da du tok Noreg-jobben?
– Ja, det er vel gradvis, ein får stadig meir tillit og kjenner kvarandre betre. Og så er vi alle ulike typar. Erling har behov for litt eigentid, men vi har eit veldig godt forhold. Vi er ærlege med kvarandre, og det ser jo ut som han trivst OK ut frå prestasjonane, seier Solbakken.
– Korleis merkar du at han treng eigentid?
– Av og til trur eg at alle treng det. Men om han ikkje skårar ei helg, så er det ein verdssensasjon. Og du skal leve med det presset døgnet rundt, nesten året rundt. Og da må du ta forholdsreglane dine. Du må vere flink til å balansere livet ditt. Og der trur eg han har vore veldig god no når han har blitt pappa. Men han må også ha nokre andre verkemiddel som gjer at han kan slappe av litt.
Fredag kveld kan Haaland skru på NRK og slappe av med VM-trekking frå 17.30 og utover kvelden.
Da får superspissen vite kva forsvar han skal opp imot når Noreg for første gong sidan 1998 skal delta i eit verdsmeisterskap.
Her kan du sjå trekkinga direkte:
Direkte frå trekkinga av puljespelet i VM i fotball i 2026.
Publisert 03.12.2025, kl. 05.33

















English (US)