Vil straffa lastebilsjåførane for fiskeslim og blod på norske vegar: – Absurd å peika på oss

1 hour ago 2



Kvart år fraktar vogntog enorme mengder norsk laks ut av landet. Men når isen smeltar i lasterommet, renn blodig vatn og fiskeslim rett ut gjennom hola i kassane og ned på norske vegar.

– Det er eit kjempestort problem. Det er meir regelen enn unntaket at det renn fiskevatn når me stansar lastebilar med fisk, seier utekontrollør Knut Namtvedt Sylta i Statens vegvesen.

Denne helga gav han fleire bruksforbod i bergensområdet.

– Sjåførane veit ofte at dei køyrer ulovleg. Då får dei beskjed om å venta hos oss til det ikkje lenger renn slimvatn. Dei spør: «Me parking?», og får svaret: «Yes, you parking», seier Sylta.

En lastebil som lekker fiskevann på en ferjekai på Vestlandet.

RENN: Dette biletet tok Sylta under ein kontroll på Krokeide ferjekai i Bergen.

Foto: Statens Vegvesen

80 prosent får køyreforbod

Nær 80 prosent av alle fisketransportar som blir kontrollerte, får ikkje køyra vidare. Det viser tal NRK har fått frå Statens vegvesen.

Det nedslåande talet har lege stabilt høgt over fleire år. Størst er problemet i Møre og Romsdal og Trøndelag, opplyser Statens vegvesen.

– Talet er veldig høgt, seier seksjonssjef Roy Harald Holm.

Difor vil Vegvesenet no gi både sjåfør og firma 25.000 kroner i gebyr dersom fiskevatn renn frå vogntoga.

En mann i skjorte og blazer står foran et stort vogntog som transporterer norsk oppdrettslaks til utlandet.

VETERAN: Stein Inge Larsen framfor ein av sine fire vogntog som fraktar fersk fisk. Han meiner det er på tide å stilla krav til oppdrettsbransjen om å nytta lukka emballasje.

Foto: Privat

– Rammar heilt feil

Det skjer ikkje utan reaksjonar.

Stein Inge Larsen har køyrt fisketransport i mange tiår. Frå basen sin i Gulen i Vestland bygde han opp Byrknes Auto til å bli ein av landets største termotransportørar før han selde bedrifta. No har han ein flåte med fire vogntog i sitt nye firma.

Han reagerer kraftig på forslaget.

– Me kan ikkje få bøter for noko me ikkje kan påverka. Det er ikkje fisken vår, ikkje emballasjen vår og me rår ikkje over måten kassane blir produserte på. Likevel blir me straffa. Det er absurd å retta straffa mot oss, meiner Larsen.

– Stort problem

Eitt vogntog kan ha opp mot 900 laksekassar om bord. Er kjernetemperaturen i fisken for høg når han blir pakka, smeltar isen raskt. Og kombinerer du det med eit for lite nedkjølt kjølelager, smeltar isen raskt og blodig fiskevatn renn ut gjennom hola i kassane.

Ifølge estimat frå Statens vegvesen kan det dreia seg om så mykje som 3.600 liter smeltevatn per transport.

Denne videoen viser eit av vogntoga til Larsen der smeltevatnet blir samla opp i tank.

– Ofte er temperaturen på fisken så høg at smeltinga er i gang før me forlèt lastehallen. Her gjekk tanken full og me hadde ingen stad å tømma det, fortel den mangeårige transportøren.

I dag får lastebilane bruksforbod heilt fram til avrenninga stansar. For å hindra at smeltevatn renn ut, må lasten frysast ned ned til mellom minus ti og minus tjue grader.

Men då er dei på dei kollisjonskurs med Mattilsynet sine krav. Fersk fisk skal transporterast mellom null og fire grader. Sjømaten må ikkje utsettast for temperatursvingningar eller andre forhold som reduserer kvaliteten på fisken.

– Situasjonen er ute av kontroll. Konsekvensen er at me bryt lovverket den eine eller den andre vegen, konstaterer Larsen.

Blod, slim og fiskevatn har frose til is på fisketransport og ligg som ei blodig kake bak i vogntoget. Dette kan bli resultatet dersom eit vogntog får bruksforbod på grunn av avrenning, og må setta i gang frysaren for å hindra lekkasje.

Blod, slim og fiskevatn har frose til is og ligg som ei blodig kake på golvet i vogntoget. Dette kan bli resultatet dersom eit vogntog får bruksforbod på grunn av avrenning, og må sette aggretat frå 0-2 til -10-20 grader å hindra lekkasje, fortel Larsen.

Foto: Byrknes Servicesenter

Kallar forslaget urimeleg

Norges Lastebileier-Forbund (NLF) er også svært kritiske til lovforslaget. Dei meiner lovverket rammar feil bransje.

– Dette er urimeleg og uakseptabelt. Transportørane skal ikkje betala for problem dei ikkje kan styra, seier Knut Gravråk, administrerande direktør i NLF i ei pressemelding.

– Skal ein handheve lastesikring på denne måten, er det berre ei løysing som fungerer: krav om tette kassar for all fisketransport frå ein fast dato. Då blir det likt for alle, meiner Larsen i Gulen.

Fuktig golv inne på laksepakkeri, fisketransportør meiner det viser at fisken har smelta før kjøreturen startar

SMELTAR FØR AVREISE: Larsen har tatt dette biletet inne i ein pakkehall der lastebilane lastar laks. Han meiner det våte golvet synleggjer at fisken er for varm når han blir levert, og at smeltinga startar før transporten startar. – Me har tatt stikkprøver av fisk som har vore langt over grensene.

Foto: Byrknes servicesenter

Sjømatbedriftene: – Årsaka ligg begge stader

Direktør i Sjømatbedriftene, Robert Eriksson, meiner ansvaret er delt:

– Det er to hovudårsaker til avrenning. Den eine er for høg kjernetemperatur når fisken forlèt slakteriet. Det er næringa sitt ansvar. Den andre er at transportørar slår av kjøleaggregatet for å spare diesel. Då smeltar isen, og du får avrenning, seier Eriksson.

Han meiner både slakteri og transportørar må skjerpe seg:

– Det blir for enkelt å ropa på tette kassar. Om isen smeltar i tette kassar, blir fisken liggande i vatn, og det toler ikkje mattryggleiksreglane. Når avrenninga skuldast transportøren, må transportøren også ta det økonomiske tapet, seier han.

Stein Inge Larsen lar seg forbausa over kritikken frå Eriksson.

– Eg har aldri i mine 30 års fartstid verken sett eller høyrt om transportørar som skrur av aggregatet for å spara på diesel. Om det stemmer at det blir brukt aktørar som er så useriøse at dei ikkje brukar kjøleanlegg, så bør laksebransjen gjennomføra strakstiltak for å luka dei ut.

Sjømat Norge: – Hygienen gjer løysingane vanskelege

Sjømat Norge peiker på at EU er i ferd med å innføre krav om gjenbrukbare fiskekassar – men at det ikkje finst lukka, hygieniske og gjenbrukbare kassar på marknaden i dag.

Bransjeforeininga har samstundes forståing for at både sjåførar og transportørar har innvendingar mot forslaget.

– Kvar teknisk løysing må ivareta mattryggleik, og fisken må ikkje ligge i vatn. Det gjer dette svært krevjande, seier direktør Trond Davidsen.

Men verdas største havbruksselskap, Mowi, har gått over til tette kassar. Saman med ein emballasjeprodusent meiner dei å ha eliminert problemet med avrenning.

– Løysinga ligg hos dei som eig fisken. Teknologien finst, kassene kan vere tette, og då slepp ein avrenning, meiner Larsen i Gulen.

Statens vegvesen har lagt ut høyringsforslag med frist i februar.

Sidan denne saka no er på offentleg høyring, ser Statens vegvesen fram imot at aktuelle aktørar kjem med sine svar på forslaget, seier seksjonssjef Holm i Statens vegvesen.

  • Ein mann som snakkar

    Sjømatbedriftene

    Administrerande direktør i Sjømatbedriftene, Robert Eriksson

    Sjømatbedriftene synest det blir for enkelt frå transportørane å rope på tette kassar. Problemet med tette kassar er at om du får smelting av is, så vil fisken bli liggjande i vatn, og det vil gjere at maten ikkje tilfredsstiller dei krava som Mattilsynet set. I dei tilfella smelting av is skuldast transportøren, så må også dei i dei tilfella bere det økonomiske tapet.

  • Mann sitter ved kontorpulten foran en datamaskin.

    Sjømat Norge

    Direktør for internasjonal avdeling i Sjømat Norge, Trond Davidsen

    Bruk av tette kassar kan umiddelbart framstå som ei enkel løysing, men dette kan vera ei utfordring fordi fisken ikkje skal bli liggande i eit vassbad.

    Me har fleire gongar oppmoda medlemsbedrifter til å sørga for god nedkjøling av fisken før pakking, og til at traller på vogntog er godt nedkjølte før lasting. Me har også bede bedriftene vurdera bruk av vogntog med oppsamlingstankar for smeltevatn.

  • Kontroll med statens vegvesen på Berkåk

    Jøte Toftaker / NRK

    Seksjonssjef for utekontroll i Statens vegvesen, Roy Harald Holm

    Vår vurdering er at talet med bruksforbod for avrenning frå fisketransport er veldig høgt. Dette er også noko av grunnlaget for at det no ligg føre eit forslag om strengare sanksjonar av slike regelbrot.

    Sidan denne saka no er på offentleg høyring, ser me fram imot at aktuelle aktørar kjem med sine svar på forslaget. I oppsummeringa etter høyringa vil me vurdere innspela og kommentere desse nærare.

  • Administrerende direktør, Norges Lastebileier-Forbund

    Christian Nygaard-Monsen / NRK

    Administrerande direktør i Norges Lastebileier-Forbund, Knut Gravråk

    Transportørane er fanga i eit krysspress mellom Mattilsynet, vegmyndigheitene og politiet. Uansett kva dei gjer, bryt dei reglane. Dette er uhaldbart, seier Gravråk i ei pressemelding.

    NLF meiner avrenning er eit emballasje- og produksjonsproblem. Mange transportørar mottar fisk som ikkje er kjølt godt nok ned, og som vert pakka i kassar med opning til at smeltevatn kan renna ut.

Publisert 03.12.2025, kl. 05.32

Read Entire Article