Så mykje har nordmenn spart på å teikne noregspris

1 day ago 6



Nye berekningar frå RME viser at hushald i Sør-Noreg totalt har spart meir enn 1,6 milliardar kroner med noregspris i oktober og november.

Om vi reknar éin straummålar per hushald, betyr det at norske straumkundar har spart litt meir enn 1300 kroner på å teikne fastpriskontrakt.

Brote ned på dei ulike straumsonene ser tale slik ut (tala inkluderer ikkje fritidsbustader):

  • NO1 (Austlandet): 843 millionar kroner
  • NO2 (Sørlandet og Vestland sør for Sognefjorden): 632 millionar kroner
  • NO5 (Vestland nord for Sognefjorden): 140 millionar kroner

I sonene NO3 (Midt-Noreg) og NO4 (Nord-Noreg) gjer låge straumprisar at nesten ingen kundar har teikna noregspris-avtale.

Regjeringa: – Tala gir tryggleik i kvardagen

Noregspris kjem i forlenginga av den første straumstøtteordninga som blei lansert i desember for fire år sidan.

Pandemirestriksjonane låg framleis som eit klamt teppe over landet, og på toppen fekk norske forbrukarar ei akutt straumpriskrise i fanget.

For å ta unna dei mest akutte toppane kom derfor regjeringa opp med ein «mellombels» og «forbigåande» støtteordning.

Grunngjevinga for avgrensinga var dobbel:

  • Regjeringa ynskja ikkje å «svekke insentiva til å redusere straumbruken» meir enn nødvendig.
  • I tillegg forklarte statsminister Jonas Gahr Støre at makspris på straum var «sosialt urettferdig» og først og fremst kom «rikfolk som varmar opp basseng» til gode.

Fire år seinare argumenterer energiminister Terje Aasland for at den utvida fastprisordninga er god sosialpolitikk.

– Tala viser at ordninga har stor effekt på lommeboka til folk, og at ho gir tryggleik i kvardagen for mange familiar, seier han til NRK

– Godt over éin million har valt noregspris allereie. Eg anbefaler alle å gjere ei vurdering av om noregspris er eit rett val for dei.

Sjå ei oppsummering av kritikken mot noregspris under.

  • Pengar

    Gorm Kallestad / NTB

    Kritikk #1

    Ordninga gir mest til hytteeigarar og dei som har mykje frå før, og mindre til låginntektsgrupper og andre som «faktisk treng ei handsrekking».

  • Acer-demonstrasjon utanfor Høgsterett 2023

    Frederik Ringnes / NTB

    Kritikk #2

    Støtta er ein potemkinkulisse som tilslører at det trengst meir radikale grep. «Det er eit paradoks at staten bruker milliardar på subsidiar for å sminke eit underliggande marknadssystem som er dysfunksjonelt», skriv Klassekampen-kommentator Bjørgulv Braanen.

  • Fastpris stimulerer til auka straumforbruk og svekker motivasjonen for energieffektiviseringstiltak. Kraftanalytikar Olav Botnen i Volt Power Analytic siger til Dagens Næringsliv at ordninga kan auke

    Colourbox / colourbox.com

    Kritikk #3

    Fastpris stimulerer til auka straumforbruk og svekker motivasjonen for energieffektiviseringstiltak. Kraftanalytikar Olav Botnen i Volt Power Analytic seier til Dagens Næringsliv at ordninga kan auke straumforbruket med 10 prosent.

  • Luftfoto Holmestrand vinter Speira (tidl. Hydro Aluminium)

    H. Philip Hofgaard / NRK Luftfoto

    Kritikk #4

    Om hushaldningane brukar meir av straumen og straumen er knapp, så blir det mindre straum att til industrien.

  • Auka kunnskap om samanhengen mellom kraftproduksjon og kapasitet i nettet kan brukast i dimensjoneringa av framtidige kraftleidningar.

    Heimdall Power

    Kritikk #5

    Auka forbruk skaper meir press i topplasttimane der nettet allereie i dag blir pressa det reimar og tøy kan halde.

  • solkraft

    Kritikk #6

    Ordninga demper investeringene i solkraft, og gjer energieffektivisering mindre attraktivt

  • Dagleg leder i Baker Hansen trekker tralle med brød ut av stekeovnen.

    Peder Martin Bergholt / NRK

    Kritikk #7

    Ordninga omfattar ikkje bakaren, slaktaren og andre næringar, som framleis må ut på den «vanlege marknaden».

  • Martin Bech Holte.

    NRK

    Kritikk #8

    Straumstøtta inngår i ein større klientifisering der Ola Nordmann blir slapp og venner seg til stadig nye «almisser» frå myndigheitene. Jf. systemkritikken i «Landet som ble for rikt» av Martin Bech Holte.

  • Landsmøte i Arbeidarpartiet 2023

    Heiko Junge / NTB

    Kritikk #9

    Arbeidarpartiet er ikkje er ideologisk konsistente. I februar 2023 sa Jonas Gahr Støre (Ap) til NRK at ein makspris på 70 øre kilowattimen kunne føre til «kraftkollaps». Året før, under straumpriskrisa, sa han at «makspris kan verke forlokkande», men at det var «vektige grunnar» til stå i mot freistinga til å overstyre marknaden.

– Kan bli veldig dyrt for staten å subsidiere noregspris

Basert på forventningar til kraftprisen og kor mange som vil velje ordninga, tar regjeringa høgde for å bruke 9,1 milliardar kroner på noregspris neste år.

Summen er omdiskutert, og fleire ekspertar meiner at staten har «bomma grovt» i estimata sine.

– Det kan oppstå lange periodar med høge straumprisar i framtida. I så fall kan det bli veldig dyrt for staten å subsidiere noregspris, seier redaktør i EnergiWatch, Anders Lie Brenna.

– I verste fall snakkar vi om langt over 10 milliardar kroner.

I Tyskland ligg framtidskontraktane på straum i 2026 på meir enn 1 krone per kilowattime.

en mann med hånden opp

– For å trygge folk og lommeboka i møte med svingande og tidvis svært høge straumprisar innførte vi noregspris. Ordninga er enkel å forhalde seg til, da ein betaler ein fast pris kvar time og kvar dag. Slik bidrar noregspris til at folk får ein meir føreseieleg økonomi, seier energiminister Terje Aasland.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

52,5 milliardar kroner i straumstøtte siste fire år

Eig mogleg trøyst er at høgare straumprisar slår begge vegar. Staten må grave djupare for å dekke inn fastprisavtalane, men får til gjengjeld meir å rutte med.

Ei oversikt frå Energidepartementet viser at staten hadde 180 milliardar kroner i kraftinntekter i perioden 2019–2023.

I tillegg hadde kommunane og fylkeskommunane 81 milliardar i inntekter i den same perioden.

Sidan innføringa av straumstøtta i desember 2021 har det blitt utbetalt 52,5 milliardar kroner i straumstøtte til norske hushald.

  • Dunkelflaute

    NRK

    7 faktorar som påverkar straumprisen

    «Dunkelflaute» er eit tysk omgrep som kan omsettast med «mørkt-vindstille», og beskriv ein situasjon der vindturbinane står stille og vintermørket slår inn over solkraftanlegga.

  • LÅGE TEMPERATURAR

    Roar Andre Berntsen / NRK

    LÅGE TEMPERATURAR

    Når kulda set inn aukar behovet for oppvarming i bustader, kontor og offentlege bygningar. Felles tidssone gjer at «toppane» hender nesten samtidig i dei ulike europeiske landa.

  • PRISSMITTE

    NRK

    PRISSMITTE

    Under den såkalla «straumpriskrisa» i 2022 sa Statnett at dei nye kablane til Tyskland og England var forklaringa på «rundt 10 prosent av dei svært høge prisane». Riksrevisjonen har tidlegare kritisert Statnett for «varierande kvalitet» på analysane sine.

  • Tysk atomkraftanlegg i Essenbach

    Armin Weigel / AP / NTB

    FÆRRE KOLKRAFT- OG ATOMKRAFTVERK

    Nedstengde atomkraftverk og kolkraftverk i Tyskland som stenger før tida aukar presset på det europeiske kraftsystemet. Kampen mot atomkraft har vore ein symboltung del av den tyske miljørørsla sidan 70-talet, og i 2011 vedtok landet å avvikle all atomkraft innan 2022 etter atomulykka i Fukushima. Fleire tyske politikarar har seinare karakterisert vedtaket som eit «forhasta feilsteg».

  • Vi ser den gule flammen frå et tårn som brenner gass, fakling. Det er et kvitt piggtrådgjerde framfor tårnet. Ein haug med rør ligg på bakken som ikkje er installert. Skylaget i bakgrunnen er grått, og framhevar flammen.

    Hilda Lishaugen Nyfløt / NRK

    GASSPRISEN

    Etter at Russland strupte gasstilførselen har Europa blitt meir avhengig av gass (LNG) frå USA, som i tur og orden må kjølast ned, fraktast og til sist tinast opp igjen. Det kostar pengar, og driv i sin tur straumprisen opp. I rapporten Økonomiske utsyner, som blei publiserte i november, varslar EU-kommisjonen at dei ventar «jamt høge» energiprisar fram til 2026.

  • Vasskraftverk Aurlandsdalen

    NRK

    AVGRENSA KAPASITET

    Vatn lèt seg ikkje omgåande konvertere til straum. Sjølv om «fyllingsgrada» er god og vassmagasina nesten renn over, kan ikkje norske vasskraftverk produsere meir kraft enn reimar og tøy kan halde. I tillegg er det avgrensa kapasitet i kraftnettet.

  • Prisane på utsleppsrettar i det europeiske kvotesystemet for CO (EU ETS) har auka dei siste åra. Dette påverkar kostnadene for kraftverk som bruker fossile brensel, som gass- og kolkraftverk. I dag l

    AP

    HØGARE KVOTEPRIS

    Prisane på utsleppsrettar i det europeiske kvotesystemet for CO₂ (EU ETS) har auka dei siste åra. Dette påverkar kostnadene for kraftverk som bruker fossile brensel, som gass- og kolkraftverk. I dag ligg dei tyske framtidskontraktane på straum på meir enn 1 krone per kilowattime – både for 2025 og 2026.

Publisert 11.12.2025, kl. 06.00

Read Entire Article