Sakna sunnfjording fall i elva i Polen

1 week ago 7



Ein mann i 20-åra frå Sunnfjord som er sakna i Polen har falle i elva Wisla og blitt teken av straumen, skriv politiet i ei pressemelding.

Vest politidistrikt melder at hendinga framstår som ei ulukke.

Dei pårørande har vore i Polen og snakka med politiet der.

Dei ønskjer å formidla og stadfesta at dei har sett video frå overvakinga langs elva Wisla.

– Der ser dei at han står ved elvekanten, sklir og fell uti vatnet. Etter at han dett uti, prøver han å svømme mot land, men blir tatt av straumen og ført nedover elva.

Det seier etterforskingsleiar ved Sunnfjord politistasjon, Oda Elvegård Thorstad. Ho legg til:

– Polsk politi har eit eiget elvepoliti som patruljerer langs elva dagleg, men dei har formidla at det aktive søket går mot slutten.

Read Entire Article