Sju vikingstadar tilrådde som verdsarv

2 hours ago 2



Gjellestad i Østfold.

Borrehaugene, Oseberghaugen og Gokstadhaugen i Vestfold.

Storhaug i Rogaland. Herlaugshaugen i Trøndelag.

Og Rundehågjen på Myklebust i Nordfjordeid.

Det er desse sju stadane Riksantikvaren no tilrår å føre opp på Noregs venteliste for verdsarv for Unesco.

Den faglege tilrådinga blei måndag levert til Klima- og miljødepartementet.

– Skipsgravhaugane i Noreg er utan sidestykke i verda. Dei er dei viktigaste kulturmiljøa vi har frå vikingtida, seier riksantikvar Hanna Geiran.

– Litt uverkeleg, eigentleg

Rundehågjen på Myklebust ved Nordfjordeid kan snart få status som verdsarv. For grunneigar Marita Melheim Myklebust er det både stort og uverkeleg.

– At vår vesle gard plutseleg kan bli verdsarv, det er heilt utruleg, seier ho.

Ho tok over garden i 2021 og har sidan fått eit nært forhold til historia som ligg i jorda.

– Når vi står på gravhaugane og veit at det er ei ekte gravhaug frå vikingtida, og sannsynlegvis Noregs største vikingskip, det er eigentleg litt uverkeleg, fortel Myklebust.

Verdsarvstatus kan få stor betyding for bygda.

– Det vil setje vesle Nordfjordeid på kartet, og vi håpar det kan gi bygda eit løft, seier ho.

Arkeologisk utgravning pågår i en gressdekket skråning, avgrenset med rød-hvite bånd. Utgravningsområdet viser eksponert jord med hvite presenninger. I bakgrunnen sees bolighus og skogkledde fjell. Det er overskyet vær. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Rundehågjen på Myklebust ved Nordfjordeid.

Foto: NRK

Ein unik kulturarv frå vikingtida

– Eg synest dette er aldeles fantastisk. Vikingtida er ei særdeles viktig tid for Noreg og ein del av identiteten vår. At vi kanskje får det på Unescos verdsarvliste, er kjempestort og viktig.

Det seier dagleg leiar ved Sagastad, kunnskapssenteret som formidla vikinghistorie på Nordfjordeid, Synnøve Aabrekk.

Ho har vore med i arbeidet lenge, og peikar på kor mykje som ligg bak.

– Vi har jobba med å bygge Sagastad og gjenskape Myklebustskipet i 30–40 år. At vi endeleg blir lagt merke til og får ta vare på denne arven, betyr enormt mykje. Det er ein stor dag for oss på Nordfjordeid, seier Aabrekk

Ho meiner Myklebust er heilt unik.

– Området har fleire vikinggraver med spektakulære funn. Det viser at det var ein mektig gard i vikingtida, og det må vi ta vare på og formidle til nye generasjonar, seier ho.

En kvinne med brunt hår er avbildet utendørs i en hage. Hun har på seg en mørk jakke og et skjerf med blå prikker. I bakgrunnen ses vegetasjon og en moderne bygningsstruktur. Omgivelsene gir inntrykk av et urbant område. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Dagleg leiar ved Sagastad, Synnøve Aabrekk er stolt over at vikinggrava på Nordfjordeid kan bli ein verdsarv

Foto: Svein Sundsdal

Vikingarv under jorda i Nordfjord

Rundehågjen er rekna som ei av dei største skipsgravene frå vikingtida som er funne i Noreg.

Hausten 2024 opna arkeologane gravhaugen på nytt.

Der fann dei restar etter eit stort vikingskip som var brent og gravlagt.

Utgraving av vikinggrav på Nordfjordeid

Utgraving av vikinggrav på Nordfjordeid i fjor haust.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

– Gravhaugane bind saman landskapet med forteljingar frå mytologi og sagaer. Mange av desse historiene lever framleis, og gjer skipsgravene til kulturminne med verdsarvverdi, seier Geiran.

Ho fortel at Unesco har strenge kriterium for verdsarv.

– Berre kulturminne som framleis ligg på funnstaden kan bli nominerte.

Noreg har tidlegare prøvd å få vikingarven inn på Unescos verdsarvliste i samarbeid med fleire land, men forslaget falt i 2015.

Regjeringa avgjer vegen vidare

Riksantikvaren har samarbeidd med fleire fagmiljø og fylkeskommunar om arbeidet.

Samstundes peikar dei på at fleire av kulturminna er sårbare og treng betre vern.

Det er no opp til regjeringa å avgjere om vikingarven blir ført opp på Noregs tentative verdsarvliste. I tillegg beslutter dei om ein skal gå vidare med forslaga på ventelista og starte ein nominasjonsprosess til Unesco.

Noreg har i dag åtte stader på verdsarvlista.

Publisert 15.12.2025, kl. 13.19

Read Entire Article