Skal ha fått utbetalt millionbeløp etter å ha skulda på korona

5 days ago 4



Koronaviruset sette ein effektiv stoppar for mange arrangement og samlingar, då smitten kom til landet våren 2020.

No er ein mann tiltalt for å ha svindla til seg millionbeløp. I regi av ein sportsklubb skal han ha klart å lure til seg over 1,1 millionar kroner frå krisepakken som regjeringa løyvde som følgje av koronautbrotet.

Totalt dreier det seg altså om utbetalingar og forsøk på utbetalingar på nesten 2,5 millionar kroner.

No er han tiltalt for grovt bedrageri etter Straffelova 372, og påtalemakta meiner det er grovt fordi det skal ha gått føre seg over lang tid og ved hjelp av misbruk av verva hans.

Hilde Haugen

Politiadvokat Hilde Haugen møter som aktor i saka, når den går for retten i desember.

Foto: Politiet i Møre og Romsdal

– Pengane skulle raskt ut

I fleire søknader til Lotteri- og stiftelsestilsynet skal han ha gitt opp at klubben hadde over 600 aktive medlemmer, og hadde hatt store tap på grunn av avlyste arrangement.

Men ifølgje tiltalen var det ikkje hundrevis av medlemmer i klubben - og dei arrangementa han bad om erstatning for, skal aldri ha blitt arrangert.

Frå Lotteri- og stiftelsestilsynet åleine skal mannen ha fått utbetalt nesten ein million kroner. NRK har stilt tilsynet spørsmål om kontrollane var for dårlege.

Dette var tillitsbaserte ordningar i krisetid, og pengane skulle raskt ut. Det var lagt opp til kontrollar i etterkant, og vi har no, i godt samarbeid med politiet, følgt dette opp, skriv seniorrådgjevar Marianne Alværen Torset i ein epost til NRK.

en person med langt hår

Seniorrådgjevar Marianne Alværen Torset seier det var lagt opp til kontrollar i ettertid.

Foto: Fotograf Dagrun Reiakvam / NRK

Skal ha opplyst at han jobba i Equinor

Det er ikkje første gang nokon har forsøkt å lure til seg pengar frå krisepakkane som regjeringa løyvde:

I Ifølgje den ferske tiltalen skal mannen også ha klart å få utbetalt 500.000 kroner i lån frå ein bank, ved å lyge om at han jobba i Equinor og hadde 1,4 millionar i årsløn.

For å få det til, skal han ha sendt inn ein forfalska lønnsslipp til banken.

Seinare skal han ha fått ut endå meir frå ein annan bank.

Equinor ASA i Bergen

Mannen skal ha opplyst at han jobba i Equinor og dermed fått utbetalt eit lån på 500.000 kroner.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Skal ha loge om verdsmeisterskap

Politiet meiner mannen gjorde fleire forsøk på å lure seg til pengar og støtte ved å late som om klubben har var tilknytt hadde fått tildelt eit verdsmeisterskap, som skulle gå av stabelen i Ålesund hausten 2024.

  • han skal ha forfalska ein e-post frå den internasjonale hovudorganisasjonen i si sportsgrein som fortalde om tildelinga – og ei løyving på 12.000 euro
  • ei stadfesting frå Ålesund kommune på at han hadde fått tildelt ein idrettshall til verdsmeisterskapen
  • eit vedtak der det gjekk fram at sportsklubben allereie hadde fått støtte til VM frå Kjell Holm-stiftinga, kommunen, ein lokal bank og den norske toppleiinga i sportsgreina hans

Politiet varslar at dei kjem til å be om at han blir dømd til å betale tilbake over ein million kroner.

Torgeir Langva er mannen sin advokat. Han har ingen kommentar til korvidt mannen vedgår straffskuld.

Publisert 10.09.2025, kl. 19.15 Oppdatert 10.09.2025, kl. 20.25

Read Entire Article