Slår cannabis-alarm etter dette

2 hours ago 1



– Det er akkurat som det har gått sport i å trakassere Mathieu van der Poel.

Det seier TV 2s sykkelekspert Mads Kaggestad om det som skjedde i sykkelkross-rittet i belgiske Hofstade måndag.

På veg ut på den sjuande av ni rundar i rittet skjedde det som overraska fleire:

Idet Van der Poel passerte, blåste ein tilskodar ut ei stor røyksky rett mot ansiktet til sykkelstjerna. Det heile skjedde mens ein annan tilskodar såg ut til å filme mannen som pusta ut røyken.

– Det er jo ikkje bra. Det høyrer ikkje heime i sporten, seier den norske sykkelprofilen Jonas Abrahamsen.

Jonas Abrahamsen Mathieu van der Poel

PROFILAR: Mathieu van der Poel (til høgre) var raskt framme for å gratulere Jonas Abrahamsen etter etappesigeren til sistnemnde i Tour de France i sommar.

Foto: Christophe Petit Tesson / AP / NTB

Van der Poel sjølv vrei seg tydeleg unna da røyken kom mot han, og bekreftar også overfor Sporza etter rittet – som han vann – at han merka røyken.

Han la samtidig til at han ikkje visste om det var med vilje eller ei.

I kommentatorboksen i Belgia blei tilskodaren kalla både klovn og idiot, mens lagsjefen til Van der Poel, Christoph Roodhooft, kalla det heile «upassande».

  • Mathieu van der Poel jubler når han passerer mållinjen i sykkelkrossrittet i Hofstade

    VANT TROSS RØYK: Mathieu van der Poel krysset mållinjen først i Hofstade.

  • Mathieu van der Poel triller sykkelen underveis i sykkelkrossrittet i Hofstade

    I AKSJON: Mathieu van der Poel underveis i mandagens sykkelkrossritt i Hofstade.

    Foto: JASPER JACOBS / AFP / NTB
  • Mathieu van der Poel

    I AKSJON: Mathieu van der Poel underveis i mandagens sykkelkrossritt i Hofstade.

    Foto: JASPER JACOBS / AFP / NTB

Har kjent på cannabis-frykt

Samtidig er også leiar for ryttarforeininga (CPA), Adam Hansen, bekymra for noko anna:

Ei positiv dopingprøve.

– Det er ein stor fare for ein potensielt positiv test. Vi veit ikkje kva det (røyken) var og han blei pusta inn av Van der Poel. Eg har personleg lukta cannabis når eg har sykla ritt og vore bekymra på eigne vegner for dopingkontrollen, seier Hansen til NRK.

– Dersom det hadde THC (verkestoffet i cannabisprodukt) i seg, så er Van der Poel i store problem. THC kan bli verande i systemet ditt i fleire dagar. Van der Poel vil ha pusta djupt på det tidspunktet, så han ville ha fått mykje inn i systemet, meiner Hansen.

Han meiner at arrangørane må ta grep for å få større avstand mellom publikum og ryttarane, dersom det kjem fleire slike hendingar.

– Dessverre vil da alle tilskodarane måtte lide som følge av handlingane til nokre få individ, seier Hansen.

Adam Hansen

SYKKELLEIAR: Adam Hansen har leidd ryttarforeininga i fleire år. Her frå tida som aktiv ryttar.

Foto: Marco Alpozzi / AP / NTB

– Kjenner du til nokon positive prøver som følge av røyk dei har pusta inn frå publikum?

– Nei, men du veit aldri, svarer Hansen.

Jonas Abrahamsen seier til NRK at cannabis-frykt ikkje er noko han har reflektert rundt tidlegare.

– Forsiktig må ein i alle fall vere. Slike stoff høyrer ikkje heime på ein idrettsarena, seier han.

Fleire hendingar dei siste åra

Abrahamsen har sjølv konkurrert tett mot Van der Poel i fleire ritt dei siste åra. Spesielt i brusteinsklassikarane har den nederlandske sykkelstjerna fått gjennomgå:

– Eg tenker kanskje at slike episodar kan oppstå når ein har så store stjerner som er såpass overlegne. Det kan vere at folk blir sjalu og misunnelege på andre resultata sine. Slik skal det ikkje vere. Det er utruleg kjedeleg at tilskodarar øydelegg på den måten, seier Abrahamsen.

Også Kaggestad trur Van der Poels mange overlegne sigrar er ein faktor i kvifor akkurat nederlendaren har fått kjenne på publikums vreide fleire gonger dei siste åra.

– Eg trur nokon blir provosert over at han leikar seg til siger, seier han, og legg til:

– Det kan stamme litt frå at sykkel skal vere ein traust arbeidarklasseidrett. Det er kanskje noko jantelov over det? Han representerer ikkje den tradisjonelle slitaren. Det er kanskje for glamorøst for nokon?, spør Kaggestad.

Ståle Solbakken: –Jeg hater det

Publisert 25.12.2025, kl. 20.39

Read Entire Article