Slik vil norsk firma at falske KI-bilde over heile verda skal merkast

5 hours ago 2



– Vi ønskjer å gi ærlege aktørar eit verktøy for å vise at dei brukar KI på ein ansvarleg måte, seier Bjørn Ravlo-Leira, designar i det norske designbyrået Comte.

Dei meiner at uansett om det er falske bilde av Donald Trump eller falske modellar brukt av Brilleland, så bør og må dei merkast.

På eige initiativ har Comte utvikla eit merke som kan brukast for å synleggjere bruk av kunstig intelligens (KI) i design og reklame.

Merket kan lastast ned og brukast av alle gratis.

– Ideen kom då vi såg at retusjert reklame må merkast, men at ein kan omgå regelen ved å bruke KI. Det er jo ganske spesielt, seier Leira.

Merket er inspirert av kjende symbol frå KI-verktøy som Gemini og Figma, og har element som minner om dagens retusjeringssymbol.

– Vi har ikkje funne opp hjulet på nytt. Tanken er å gjere det gjenkjenneleg og enkelt å bruke, forklarer Ravlo-Leira.

Benedicte Løvdal

Benedikte Løvdal er dagleg leiar i Kreativt Forum.

Foto: Kreativt Forum

Bransjen ser behovet

I dag er det krav om merking av retusjerte bilete i Noreg, men ikkje for KI-generert innhald.

– Det er eit kjempeparadoks. Å sleppe unna alle merkekrav harmoniserer dårleg med dagens regelverk.

Det seier Benedikte Løvdal, dagleg leiar i Kreativt Forum.

Ho meiner at dersom det skal innførast regulering, må det knytast til det kreative resultatet – og harmoniserast internasjonalt.

– Alt som berre gjeld Noreg, rammer dei seriøse aktørane og opnar for smotthol for internasjonale aktørar. Vi treng eit felles regelverk, helst på europeisk nivå, seier Løvdal.

KI-reklame for AtB med merke

Trafikkselskapet AtB i Trøndelag fekk massiv kritikk for bruk av KI i ein kampanje. Slik ville bildet ha sett ut om det var merka slik Comte vil.

Foto: Skjermdump AtB

– Dårleg reklame

Ho peikar på at fleire kampanjar med KI-generert innhald har fått negativ mottaking.

– Eg kjenner ikkje til ein einaste kampanje der hovuddelen som er KI-generert har fungert. Det er rett og slett dårleg reklame, seier ho.

Designbyrået Comte meiner at all KI-bruk i innhald bør merkast – ikkje fordi KI er negativt, men for å sikre forbrukarane og fremje openheit.

– Vi meiner ikkje at bruk av KI er dårleg i seg sjølv. Men det bør vere mogleg å vite om det er brukt, seier Leira.

Publisert 07.10.2025, kl. 19.39

Read Entire Article