Snur i fråværspraksis: – Regelverket bør vere likt for alle

1 hour ago 1



I går kunne NRK fortelje at elevar avlyser timar hos helsesjukepleiar etter nye fråværsreglar som tredde i kraft 1. august.

Tidlegare var besøk hos skulehelsetenesta halde unna fråværsregistrering, men no blir det på lik linje behandla med anna helsehjelp.

Likevel er det ikkje slik i alle fylke. Det nye regelverket blir nemleg tolka ulikt.

Fylke som Agder og Trøndelag, førar ikkje fråvær for slike besøk, mens det gjer Troms, Møre og Romsdal, og Nordland.

Men no snur sistnemnde.

– Vi fryktar at elevar som treng å gå til skulehelsetenesta ikkje vil gjere det, fordi dei etter dagens reglar vil få fråvær som tel med på fråværsgrensa. Sånn kan vi ikkje ha det. Derfor endrar vi no praksis og kuttar fråvær for dei som bruker skolehelsetenesta på vidaregåande skole.

Det seier fylkesråd for utdanning Joakim Sennesvik (H).

Joakim Sennesvik sitter ved et skrivebord og skriver på PC-en.

Fylkesråd for utdanning i Nordland Joakim Sennesvik (H).

Foto: Vetle Mathiesen Knutsen / NRK

At fylket når snur, synest elev på Bodø vidaregåande skule, Bendik Haaland er bra.

– Det er flott. Det viser jo berre at Nordland fylkeskommune har høyrt på resten av fylka i landet. Sidan dette er eit nasjonalt reglement, så burde det vere like strengt for alle.

Han trur no at fleire elevar vil bruke skulehelsetenesta.

– Da blir ein ikkje like stressa for å snakke med helsesjukepleiar om enkelte problem.

– Unaturleg skilje

Fylket sender no ut eit brev til alle vidaregåande skule i Nordland der dei presiserer at besøk hos skulehelsetenesta ikkje er fråvær.

I ei pressemelding skriv Sennesvik at det dei gjer no eigentleg er i strid med regelverket.

I opplæringsparagraf 9–8 i forskrifta, blir det nemleg sagt at det skal førast fråvær for alt helserelaterte fråvær. Det er sett ei fråværsgrense på 10 prosent i kvart fag for å få vurdering i faget.

Elever på videregåendeskoler i Nordland får fravær hvis de ønsker å dra til helsesykepleier.

Helsesjukepleiarane i Bodø har merka at elevar hadde avlyst avtalar på grunn av det nye fråværsreglementet.

Foto: Ine-Sofie Bruhaug / NRK

Forskrifta presiserer likevel at førespurnader til eksempelvis rådgivar på skulen som ikkje er helserelatert ikkje vil gi teljande fråvær.

– Tilbakemeldingane frå skulane, både elevar og lærarar, er at regelverket er vanskeleg å tolke, seier Sennesvik til NRK.

Han seier også at dette blir eit unaturleg skilje.

– Skulehelsetenesta er ein integrert del av vår elev- og lærlingteneste. Det vil gi skulane mykje arbeid å skulle skilje mellom kva som er klart helseretta førespurnader og kva som ikkje er det, seier Sennesvik.

– Ikkje akseptabelt

Det synest ikkje regjeringa.

Innstramminga i opplæringsforskrifta kom fordi regjeringa ikkje ville gi elevane høve til å utnytte «smotthol» for å vere borte frå timane unødvendig.

Det sa statssekretær Sindre Lysø (Ap) til NRK i går.

Og dei held fast på at besøk til skulehelsetenesta skal teljast med i fråværet til elevane.

– Dersom dette regelverket fører til at elevane i større grad møter på skulen, så er det bra og i tråd med det vi ønsker, seier statssekretær Lysø.

Fylkesråden i Nordland er på lik linje med helsesjukepleiarane i Bodø, bekymra for at elevane lèt vere å dra til helsesjukepleiar for å sleppe fråvær.

– I verste fall kan det føre til at elevar som treng hjelp ikkje får det. Det er ganske enkelt ikkje akseptabelt.

– Derfor innfører vi no ein praksis der eleven fritt kan besøke helsesjukepleiar utan å få det registrert som ugyldig fråvær. Fleire andre fylkeskommunar i Noreg har elles tatt same val, avsluttar fylkesråd Sennesvik.

Det har fylke som blant anna Vestland og Innlandet gjort.

Sistnemnde har laget eigne reglar der dei gjer tydeleg at timar hos skulehelsetenesta ikkje skal reknast som fråvær.

Dei reknar det som «rettsfråvær».

Rettsfråvær er fråvær som ikkje påverkar fråværsgrensa og som ikkje blir ført på vitnemålet/kompetansebeviset.

Publisert 19.09.2025, kl. 16.55

Read Entire Article