Det har gått to timar og 15 minutt sidan Karsten Warholm sprang i mål til ein skuffande femteplass i finalen på 400 meter hekk i Tokyo. Han kjem gåande, eller rettare sagt småhaltande, saman med trenar Leif Olav Alnes.
– Eg har vore på dopingkontroll. Men det var ikkje nødvendig med dagens prestasjon, fastslår han.
Skuffelsen er framleis mogleg å spore i ansiktet til verdsrekordhaldaren.
– Korleis har du det? spør NRKs reporter.
– Det blir ikkje betre, men det er sånn det er. Det er sørgjeleg. Det er veldig kjipt for meg, men det finst verre problem i verda. Men det er dette vi lever og andar for, og vi hadde lagt alt til rette for at det skulle blir bra. Så skjer det som skjer og det er ikkje bra, svarar han.
– Trur ikkje det må amputerast
Rett etter løpet forklarte Warholm at han fekk ein kjenning i beinet rett ut av startblokka. Han krasja grovt i ein hekk. Ein krampe trudde han det var.
– Det begynte som ei lita greie etter som eg kunne springe med det, men det blei ikkje betre av å fullføre runden. Eg veit ikkje kva det er, og det er ikkje veldig alvorleg, men alt må vere på stell om ein skal hamle opp i dette selskapet, seier 29-åringen.
Han er ikkje sikker på kva som er gale, bortsett frå at det er litt vondt i beinet.
– Vi må sjå kva det eigentleg er, men eg såg noko var «off» – det var ikkje vanskeleg å sjå, seier trenar Leif Olav Alnes.
– Eg har eigentleg ikkje planlagt nokon sjekk, men eg må finne ut kva det er. Eg har ikkje komme så langt, og det er siste stemne for sesongen, vi er ferdige. Eg trur ikkje det må amputerast, men vi må finne ut kva det er. Så langt har vi ikkje tenkt, det er mest skuffelse som sit i, fortset Warholm med ein liten latter.
Assisterande sportssjef i Norges Friidrettsforbund, Håvard Tjørhom, seier til NRK at skaden skal undersøkast i morgon, laurdag.
GOD STØTTE: Karsten Warholm saman med kjærasten Oda Djupvik og mor si Kristine Gølin Haddal etter finalen i 400 meter hekk i VM i Tokyo
Foto: Heiko Junge / NTB– Ho fortener å bli brukt litt tid på
Sjølv om både sesongen og VM er over, reiser ikkje Warholm med ein gong heim. I staden blir det ferie i Japan saman med sambuar Oda Djupvik, som nærast så sjokkert ut under hekkefinalen.
– Eg har jo lagt opp til ferie her og den skal eg på uansett. Det hadde vore kjipt å både miste gullet og miste dama, så eg må stille opp. Det er heilt greitt, for ho fortener å bli brukt litt tid på nå, forsikrar han.
– Korleis blir det på ferie etter dette?
– Eg prøver å vere rakrygga i alle situasjonar. Vi har hatt mange oppturar og så har det kome nokre nedturar. Eg prøver å handtere det som ein mann så får vi sjå kor godt eg lukkast med det, svarer Warholm.
Publisert 19.09.2025, kl. 17.23 Oppdatert 19.09.2025, kl. 17.40