Soldatar i første­gongs­tenesta har mangel på viktig nærings­stoff

17 hours ago 6



Norske forskarar har sett på korleis krevjande øvingar i militæret påverkar kroppen og jernlageret hos norske soldatar.

Deltakarane i studien var i førstegongsteneste, og dei blei følgde under opptak til jegertroppen og fallskjermjegertroppen.

Resultata viste at soldatane hadde for lite jern i systemet både før og etter øvingane. Jentene hadde lågare nivå enn gutane.

– Dette er viktig kunnskap, særleg fordi talet på kvinnelege soldatar har auka mykje sidan allmenn verneplikt blei innført. Studien gir grunnlag for tiltak som kan styrke helse, prestasjon og robustheit i militære operasjonar.

Det seier professor Siv Kjølsrud Bøhn til NRK. Ho er tilsett ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Påverkar kroppsfunksjonar

For soldatar ute i felt, gjeld det å vere i god fysisk form. Men rett ernæring og tid til restitusjon er også heilt nødvendig.

Forskarane ønskte derfor å undersøke om jernstatus hang saman med yting. Dei ville også sjå om kvileperioden mellom øvingane var nok til å få statusen normalisert igjen.

Jern er essensielt for blodcellene som fraktar oksygen rundt i kroppen. Jern påverkar også mange andre vitale funksjonar i kroppen vår.

– Sjølv etter ein restitusjonsperiode kom ikkje jernstatusen opp på anbefalt nivå. Og etter den følgande øvinga gjekk nivåa ned igjen.

Det seier Stine Sofie Strømland. Ho er stipendiat ved NMBU.

Forskarane meiner Forsvaret bør vurdere tiltak.

En kvinne med langt brunt hår smiler til kameraet. I bakgrunnen ser man en veg og grønne trær.

Stine Sofie Strømland.

Foto: Alexander Benjaminsen / All Rights Reserved

Har forska mest på menn

Det var i 2015 at allmenn verneplikt blei innført. Dermed blei det like sjølvsagt at unge kvinner skulle kallast inn til Forsvaret som unge menn. Og i dag er kvar tredje i førstegongstenesta ei kvinne.

– Talet på kvinnelege soldatar i teneste og utdanning i Forsvaret har auka mykje sidan allmenn verneplikt blei innført.

Det seier seksjonssjef for menneskeleg yteevne i Hærens våpenskole, major Thomas A. Valnes.

Han forklarer at ein tidlegare, både i forsking i militæret og i idretten, har fokusert på menn. Derfor manglar det kunnskap om korleis negativ energibalanse og fysisk belastning påverkar risiko for skadar og prestasjon hos kvinner.

Valnes meiner resultata frå denne studien bidrar til å gi viktig bakgrunn for om Forsvaret bør innføre tiltak for å betre helse og prestasjon hos soldatane i samband med øvingar.

Thomas Valnes. en mann i kamuflasjeuniform

Thomas A. Valnes.

Foto: Erik Waagbø / NRK

Lite mat er ein del av gamet

Det er kjent at soldatar ofte har eit lågt matinntak under feltøvingar, og at dette er eit bevisst val.

Men lite mat og mykje aktivitet kan føre til eit stort underskot av energi. Noko som igjen kan svekke både det fysiske uthaldet og den mentale evna til å prestere.

Grønnkledde soldater i klynge med sekk på ryggen. De står på en grusete veg.

Forskinga blei utført i 2017. Nå er resultata publiserte.

Foto: Hilde K. Teien 2017 / FFI

Det forklarer Hilde Teien ved Forsvarets forskingsinstitutt. Ho har leia gjennomføringa av prosjektet.

– Resultata våre viser at jernstatusen hos enkelte deltakarar låg heilt i nedre sjikt av det anbefalte nivået. Dette kan tyde på at nokre soldatar har behov for jerntilskot under dei mest krevjande øvingane, spesielt når energiunderskotet er stort, seier ho.

Analysane tyder også på at kvileperioden mellom øvingane bør aukast for å sikre optimal restitusjon, forklarer forskaren.

Forsker Hilde K. Teien smiler til kamera. Hun har på seg en lys, rosa skjorte.

Hilde Teien er forskar ved FFI.

Foto: FFI / FFI

Ser om jerntilskot kan hjelpe

Professor Siv Kjølsrud Bøhn fortel at dei eigentleg venta at jernstatusen ville endre seg i løpet av øvingane. Sidan øvingane var såpass krevjande.

Men dei blei overraska over at ein stor del av soldatane hadde mindre jern i kroppen enn anbefalt før dei starta.

Ho seier det nå går meir forsking føre seg på området, slik at ein kan få enda betre svar i framtida.

En kvinne med brunt hår smiler til kamera. Hun har på en hvit frakk.

Siv Kjølsrud Bøhn er professor ved NMBU og har leia arbeidet med artikkelen om jernmangel.

Foto: Alexander Benjaminsen / All Rights Reserved

– Parallelt med denne studien har vi, saman med Noregs idrettshøgskole, også gjennomført ein studie med norske kvinnelege fotballspelarar. Dette er for å sjå om ein låg dose med jerntilskot kan vere ein god strategi for å unngå jernmangel gjennom sesongen. Vi testar og om det har effektar på tarmfloraen.

– Forhåpentleg vil resultata frå denne studien kunne bidra til at vi kan seie litt meir om nytta av ein slik strategi, forklarer Bøhn.

Publisert 14.12.2025, kl. 16.25

Read Entire Article