Staten ankar Førdefjorden-saka til Høgsterett

3 hours ago 1



Etter nederlaget i Borgarting lagmannsrett der det blei slått fast at tømming av gruveavfall i Førdefjorden er ulovleg, har staten bestemt seg for å anke.

– Vassforskrifta legg føringar for mange ulike saker. Vi ankar dommen fordi det er prinsipielt viktig med ein tydeleg avklaring frå Høgsterett i denne saka, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i ei pressemelding.

Miljøorganisasjonane la ned påstand om at regjeringa si tillating til tømming av gruveavfall frå 2016 og driftsløyvet frå 2022 er ugyldige.

I fjor konkluderte Oslo tingrett med at staten handla i tråd med lova då det vart gitt løyve til å tømme gruveavfall i Førdefjorden.

Lagmannsretten var ikkje einig i det, og konkluderte i august at løyvet var gitt i strid med vassdirektivet og vassforskrifta, og at vedtaka om å tømme gruveavfall i Førdefjorden av denne grunnen er ugyldige.

– Dei miljømessige konsekvensane av sjødeponiet er grundig greia ut. Løyvet stiller strenge krav til utslepp, miljøovervaking og rapportering, seier klima- og miljøminister Bjelland Eriksen vidare i pressemeldinga.

Aksjonister demonstrerer mot deponi i Førdefjorden

Aksjonistar demonstrerer mot deponi i Førdefjorden.

Foto: Ole Berg-Rusten / Ol

Næringsminister: – Viktig for Noreg

Metallgruva på Engebøfjellet inneheld store mengder rutil.

Næringsminister Cecilie Myrseth seier at den sikkerheitspolitiske situasjonen gjer prosjektet ekstra viktig.

– Engebø er viktig for Noreg fordi den sikrar tilgang på et kritisk og strategisk viktige mineral, og skaper lokale arbeidsplassar. Det er den første nye metallgruva på fleire tiår.

Ho legg til at prosjektet har brei politisk støtte og stor lokal oppslutning, og har allereie bidratt med verdiskaping,

Anlegget ved Førdefjorden hadde offisiell opning i mai i år.

No jobbar 115 personar i anlegget.

Dronebilete av Nordic Mining

Då Miljødirektoratet første gong vurderte søknaden, konkluderte dei med at alternativa med deponi på land eller i ferskvatn «ikkje vil vere vesentleg betre» enn fjorddeponi, men vesentleg dyrare.

Foto: Oddmund Haugen

Naturvernforbundet trur på siger i Høgsterett

Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet, seier i ei pressemelding at sjansen for at staten vinn i Høgsterett er svært liten.

– Dommen frå lagmannsretten er så knusande at det einaste ansvarlege er å trekke utsleppsløyvet tilbake. Sjølv om staten har rett til å anke, kan ikkje det bety at gruveselskapet skal få lov til å øydeleggje fjorden mens saka går sin gang, seier han.

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom saksøkte staten i 2022 for løyvet til å tømme opptil 170 millionar tonn med gruveavfall i Førdefjorden.

– Staten kjem til å tape i Høgsterett, men vi må redde Førdefjorden, seier Sigrid Hoddevik Losnegård, leiar i Natur og Ungdom.

en gruppe mennesker som står ved sjøen og holder frem skilt som seier nei til dumping i førdefjroden

Det har vore fleire demonstrasjonar mot tømminga av gruveavfall.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Publisert 15.09.2025, kl. 16.51 Oppdatert 15.09.2025, kl. 17.54

Read Entire Article