Statkraft går vidare med vindkraftplanar i Bygland

6 hours ago 2



Statkraft vil starte planlegginga av vindkraftverk på Urdehei i Bygland kommune. Det statlege foretaket har sendt inn eit planinitiativ til kommunen.

Planområdet er utvida til totalt 16,7 kvadratkilometer etter at selskapet har inngått avtale med endå ein grunneigar i tillegg til dei fyrste 11, skriv Setesdølen.

Prosjektleiar Mina Karina Weydahl i Statkraft anslår at det kan ta mellom 7 og 10 år før eit eventuelt anlegg er i drift, dersom kommunestyret seier ja til å starte utgreiingane.

Leiar i Motvind Bygland, Gunnar Birger Attestog, reagerer på tempoet. – Det er særs overraskande at saka kjem så fort opp i kommunestyret. Me er sjølvsagt sterkt i mot at det vert sett i gang ein planprosess i det heile, seier han til avisa.

Read Entire Article