– Det er aldri gøy å sjå andre kopiere designet ditt og tene pengar på det.
Det seier strikkedesignar Stine Erikstad.
For rundt to år sidan opna ho sin eigen nettbutikk. Der sel ho oppskrifter på ullgenserar ho sjølv har designa.
Men ho er ikkje den einaste som sel dette.
Fast Fashion-aktørane Temu og Shein sel også genserar som er prikk lik designet hennar.
– Å stele andre sine design er ein uetisk måte å drive butikk på, meiner ho.
Genserdesignet som heiter «Simone sweater», blir annonsert på nettsidene til Temu som «Simone sweater light». Bilda som er brukt i annonsen er også stolne.
– Bilda har Temu stole frå nokon som har kjøpt strikkeoppskrift frå meg, seier ho.
Dette er original designet til Stine Erikstad. Bildet er av en som har kjøpt oppskriften og strikket genseren.
Foto: PrivatDette er Temu sin kopi av Stine Eriksdatters genser-design.
Foto: SkjermbildeShein sin kopi av Stine Eriksdatters ullgenser.
Foto: SkjermdumpTopshops sin kopi av Stine Erikstads design.
Foto: SkjermdumpAsos sin kopi av Stine Erikstads genser.
Foto: Skjermdump
Kulingen omtalte saka først.
Inspirasjon eller rein kopi?
Strikkehandverkar og forfattar Tone Loeng meiner lovverket for kopiering og inspirasjon av andres strikkedesign er utydeleg.
– Det er vanskeleg fordi design kan vere likt utan å vere kopiering. Eg har vore borti fleire tilfelle der det er designarar som har hatt same ideen, og da lagar oppskrifter ut frå det.
Ho er over gjennomsnittet interessert i kufter, og har gitt ut over 350 strikkedesign.
Strikkehandverkar Tone Loeng misliker sterk at fast fashion bedrifter stel andres design.
Foto: petter melsom / petter melsom– Det er lov å strikke etter ei kjøpt oppskrift til privat bruk. Det er også lov å gjere små endringar for personleg bruk. Men det er ikkje er lov å dele oppskrifta gratis eller selje produkt laga med den, utan avtale med designaren.
Om du skriv ei oppskrift frå botnen av, har du automatisk rettane til den. Ingen kan kopiere eller dele han utan løyvet ditt.
Men om nokon ser eit bilde av genseren din og lagar sin eigen versjon utan å bruke oppskrifta di, er det ikkje nødvendigvis ulovleg, seier Loeng.
– Temu kan ikkje haldast ansvarleg
Magnus Stray Vyrje er ein av dei leiande advokatane i landet innan opphavsrett. Han seier at plattformer som Temu i utgangspunktet ikkje er ansvarleg.
– I den grad nokon kan haldast ansvarleg, er det dei produsentane som bruker plattforma til å formidle sal av kopiprodukt.
Men det finst måtar å verne strikkedesigna sine på, som gjennom design- eller åndsverklova.
Likevel er ikkje alle strikkedesign automatisk verna av åndsverklova, ifølge Vyrje.
– Strikkedesign kan vere beskytta av opphavsrett, men det kjem an på om designet fyller det kravet til originalitet som er i opphavsretten.
Det kjem an på om strikkedesignet har såkalla verkshøgde. Enkelt sagt er det den terskelen eit produkt må overstige for å bli rekna som eit åndsverk.
Advokat Magnus Stray Vyrje
Magnus Stray Vyrje er ein av dei leiande advokatane i landet innan opphavsrett.
Det er eit krav til originalitet. Du vil ikkje få opphavsrett til ein heilt enkel blå strikkegenser, for det er ikkje noko originalt ved han.
Dette kravet kan vere ganske så strengt. Til og med designet til den kjente Marius-genseren har ikkje rett på vern av opphavsretten.
Ifølge Vyrje er det ein gammal dom frå 1959 som sa at Marius-strikkemønsteret ikkje oppfylte kravet til originalitet. Grunnen til det er at mønsteret var for likt gamle mønster.
Designet til den kjente Marius-genseren har ikkje rett på vern av opphavsretten. Derfor er det fritt fram å bruke mønsteret akkurat som ein vil, som her.
Foto: Thomas Ystrøm/NRK– Slik at ein ikkje hadde tilført nok originalitet når ein då skapte Marius -mønsteret. Ein hadde berre laga ein slags variant av gamle strikkemønster, og då var ikkje det nok.
Viss strikkedesignet er beskytta av opphavsretten, varer det i 70 år og designaren har i utgangspunktet einerett til å framstille eksemplar av mønsteret og dessutan gjere det tilgjengeleg, seier advokaten.
– Du kan seie ein er rettslaus
Strikkedesign som ikkje er beskytta av opphavsretten, kan bli beskytta av designlova.
– Designvernet føreset ikkje «verkshøgde». Men vernet føreset registrering hos Patentstyret, seier Vyrje.
Då må ein betale kontingent, og ein får ein tidsavgrensa einerett. Her kan ein registrerer alle slags gjenstandar som til dømes klede, bilar og møblar.
Strikkehandverkar Tone Loeng misliker sterk at fast fashion bedrifter stel andres design.
Foto: Katrine Rohde JohannessenDifor anbefaler Loeng å registrere mønster hos Patentstyret om du vil verne arbeidet ditt.
Loeng anbefaler også å bruke vassmerke eller copyright-symbol på digitale filer, og vere tydeleg i oppskriftene dine om kva som er lovleg bruk.
Men kva hjelper dette når store kommersielle aktørar gir blaffen?
– Bak Temu er det massevis av sånne små produsentar. Sjølv om Temu stenger ned produsentar som sel kopiane, så opprettar gjerne produsenten berre ei ny side på Temu, og så er vi i gang igjen. Ein er på ein måte rettslaus, seier advokat Vyrje.
Sa unnskyld
Erikstads reagerer også på kva kopien av genseren blir seld for.
– Når ein genser kostar 49 kroner er det gjerne nokre andre som betaler prisen, seier Erikstad.
Stine Erikstad tok kontakt med aktørane som hadde stole genser-designet hennar. Det førte til unnskyldningar og erstatning.
Foto: Karoline KjopstadEtter at NRK tok kontakt med Temu har dei fjerna genseren hennar, seier dei i ein e-post.
– Temu forbyr sal av produkt frå samarbeidspartnarar som krenker immaterielle rettar, skriv dei vidare.
Erikstad har ikkje berre blitt kopiert av Temu, men også Shein, Asos, Topshop og det polske merket Elementwear.
Ho såg seg lei av å bli kopiert og gav beskjed til aktørane. Det har vist seg å vere lurt.
– Det enda opp med eit samarbeid med Elementwear. Dei betalte erstatning for at dei plagierte. Også bad dei om unnskyldning.
Asos og Topshop har også erkjent at produktet dei selde var for likt verka hennar.
Publisert 03.02.2026, kl. 05.25











English (US)