Stod fram som jenta i Øygardsaka – no får ho ytringsfridomspris

1 day ago 5



Lisanne Djikstra gjekk gjennom tre rettssaker i 2012 og 2013. På tiltalebenken sat ein mann som var 36 år eldre enn henne, tiltalt for seksuelle overgrep.

Ordføraren vart dømd, og Lisanne har levd livet sitt vidare.

I dag er ho 30 år og i haust har ho fortalt si historie for heile landet gjennom podkasten «Hele Historien: Jenta og ordføraren».

Fritt Ord er ei stifting som mellom anna jobbar for ytringsfridom. Honnørprisen deira blir gjerne delt ut i samband med ei aktuell sak.

6. januar får altså kvinna frå Gudbrandsdalen prisen både for å ha stått opp mot urett medan ho var barn. Og for å fortelle si historie igjen som vaksen.

Fra en pause i rettsaken mot Rune Øygard i Tingretten i 2012

I 2012 og 2013 stod Lisanne opp for seg sjølv i tre rettsrundar.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Vart overraska

Djikstra innrømmer at ho vart veldig overraska da Fritt Ord tok kontakt om prisen.

– Men eg synest det er kjempehyggeleg.

Etter podkasten og artikkelen kom ut hos NRK i haust har ho fått veldig mange meldingar. Alle hyggelege, fortel 30-åringen.

Ei historie som vedkjem alle

Styreleiar Bård Vegard Solhjell i Fritt Ord, seier til NRK at Lisanne minner oss om kor viktig sivilt mot er for oss som samfunn og enkeltmenneske.

– Ho har vist kor mykje det frie ord har å seie for demokratiet, lokalt og nasjonalt, seier Solhjell.

– Og ved å fortelje om det nå i ettertid, så har ho òg gjort den historia relevant for oss og heile samfunnet. Så ho har vist stort mot i bruken av det frie ord, og det har fått viktige konsekvensar.

Bård Vegard Solhjell, leder i Fornybar Norge i møte med Sametinget.

Styreleiar i Fritt Ord, Bård Vegard Solhjell, seier at Lisanne har brukt det frie ord til å avsløre maktovergrep.

Foto: Nils John Porsanger / NRK

Fritt Ords Honnør er ein pris som blir delt ut med jamne mellomrom.

Det kan komme som eit forslag frå styret, men ganske ofte er det òg innsende forslag.

Bård Vegard Solhjell fortel at i dette tilfellet har dei fått inn forslaget.

– Men mange i styret har jo høyrd podkasten eller lese artikkelen om Lisanne. Og ho framstår som eit veldig viktig eksempel på korleis ein enkeltperson bruker det frie ordet.
Til å få fram sanninga og avsløre maktovergrep.

Prisen til Lisanne Djikstra er ei vase og 100.000 kroner frå stiftinga. Dette blir delt ut til henne 6. januar neste år.

I grunngjevinga skriv Fritt Ord at ho formidlar si oppleving lågmælt og på ei måte som gjer historia hennar til ei historie som vedkjem oss alle.

Les heile grunngjevinga her:

Håpar historia kan hjelpe andre

Lisanne Djikstra innrømmer at det har vore vanskeleg å opne seg opp att, så mange år etter rettssaka. Ho seier Fritt Ords Honnør fortel henne at historia ho har fortald også er viktig for andre.

– Eg håper jo det gjer at det kan bli lettare for andre å kunne si frå om ting som ikkje er greitt.

Publisert 11.12.2025, kl. 06.00

Read Entire Article