SV-lokallag med mistillit mot leiinga

2 hours ago 2



Denne helga held Troms SV fylkesårsmøte. Blant punkta i programmet finn ein «Mistillit til partileiinga etter evaluering av valkampen». Forslaget er levert av lokallagsleiar og varaordførar i Tjeldsund kommune, Odd-Are Hansen.

– Det stemmer. Vi har over lang tid vore frustrerte over leiinga – og då tenker vi spesielt på partileiar Kirsti Bergstø, seier han til VG.

NRK har vore i kontakt med pressekontakta til partiet sentralt, men ikkje lukkast med å få noko kommentar om mistillita i lokallaget i Troms.

Til VG seier SVs kommunikasjonssjef Espen Løkeland-Stai at leiinga ikkje vil uttale seg om mistillitsforslaget før behandlinga av forslaget på fylkesårsmøtet.

Fylkeslaget skal stemme over forslaget frå lokallaget på søndag.

Lokallagsleiaren i Tjeldsund SV fortel til avisa at mange medlemmar i lokallaget har mista gneisten og engasjementet eller til og med meldt seg ut av partiet.

– Då har vi spurt oss, kva er den rette måten å uttrykke frustrasjonen vår på? Eg har ikkje noko til overs for hemmeleghald eller at vi skal prøve å halde den openberre misnøya i partiet internt. Det skaper berre meir misnøye, seier Hansen til VG.

Om forslaget får fleirtal på fylkesårsmøtet vil neste steg vere å fremme eit forslag på SVs landsmøte.

Publisert 21.02.2026, kl. 12.51 Oppdatert 21.02.2026, kl. 13.07

Read Entire Article