Svensk gullhåp knust av netthets: – Fattar ikkje at folk kan skrive sånt

10 hours ago 2



Gull til Linn Svahn, sølv til Jonna Sundling og bronse til Maja Dahlqvist. Frå tribunen fekk kong Karl Gustaf oppleve ein historisk dag for svensk langrenn.

Men da «Du gamla, du fria» runga over OL-stadion, hadde dagen for lengst tatt ein vond slutt for den fjerde kvinna på det svenske laget.

Tårene trilla da Johanna Hagström blei intervjua av NRK. Ikkje fordi det var ein stor skuffelse å bli slått ut i kvartfinalen, men på grunn av det som møtte ho da ho sjekka telefonen.

Johanna Hagström

KNUST: Johanna Hagström gjekk for gull, men rauk allereie i kvartfinalen.

Foto: Joel Marklund / Bildbyrån

Ville absolutt ikkje sjå

– Når ein sit og prøver å fordøye at ein har roke ut, så det er klart eg har fått mange fine meldingar. Men eg såg kjapt over, og fekk med meg ein kommentar på Instagram som dukka opp og som eg absolutt ikkje ville sjå, seier ein tydeleg prega Hagström.

– Kva tenker du om at det kjem?

– Det var tøft å sjå, og heilt feil høve. Eg fattar ikkje at folk kan skrive sånt.

– Kva gjer det med deg?

– Akkurat nå er det tøft, men eg trur at om eit par dagar så ... Det var berre heilt feil.

Johanna Hagström fortalde om fleire nedsettande meldingar etter at ho rauk ut av OL-sprinten.

Hagström seier ho ikkje har opplevd mange liknande tilfelle sjølv, men veit at andre har gjort det.

– Folk tenker ikkje før dei skriv og skal ha så mange meiningar om saker og ting, og det forstår eg ikkje. Ein får halde det for seg sjølv. Dei kan meine, men ein treng ikkje skrive det, seier Hagström.

Til SVT fortel ho at kommentaren handla om at uttaket til OL-sprinten.

– Eg veit at eg fortener denne plassen, men det var nokre kommentarar om at Emma (Ribom) absolutt ikkje hadde roke ut i kvarten, forklarer ho.

Drivenes: – Forferdeleg

Julie Bjervig Drivenes hadde ein strålande dag i Val di Fiemme, og tok ein knallsterk fjerdeplass i sin OL-debut.

Men når ho høyrer om Hagströms oppleving, blir ho alvorleg.

– Det synest eg er forferdeleg. Vi hadde vel litt av det med Kristin i fjor òg, seier Drivenes, og siktar til reaksjonane Kristin Austgulen Fosnæs fekk etter at ho var ankerkvinne for Noreg i VM i Trondheim for eit år sidan.

Julie Bjervig Drivenes

TYDELEG BODSKAP: Julie Bjervig Drivenes oppfordrar folk flest til å gi støtte, ikkje hat.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Det gjer så vondt, for dette er draumen vår, og vi gjer alt vi kan. Eg synest det er veldig synd at det skal vere sånn. Eg trur folk ikkje tenker seg om når dei sender sånne ting, seier Drivenes.

Og held fram med ein klar beskjed:

– Eg håpar dykk der heime gjer det, for vi treng heller støtte. Eg skal love dykk at vi klandrar oss sjølve nok når det går dårleg. Så om de har noko vondt å seie, ikkje seie det, og så får de heller heie på oss i staden.

– Mange nettroll

– Det synest eg er heilt feil. Det høyrer ikkje heime. Det kunne like gjerne vore Johanna som stod her med ein medalje, seier Hagströms lagvenninne Maja Dahlqvist, med ein bronsemedalje rundt halsen.

Sveriges landslagssjef Anders Byström seier at hans råd er at utøvarane ikkje følger med på kva som blir skrive til dei i ein meisterskap.

Likevel aksepterer han ikkje at det Hagström opplevde.

– Ein må tenke på at desse utøvarane har kjempa for dette i fire år, og så får ein ei sånn avslutning, da skal ein ikkje strø meir salt i såret. Det er mange nettroll som sit der, seier Byström til NRK.

Publisert 10.02.2026, kl. 21.11 Oppdatert 10.02.2026, kl. 21.28

Read Entire Article