Synshemma ungdommar blir haldne utanfor: – Skulen meinte det var for vanskeleg

1 day ago 4



– Eg sat heime og såg snaps av vennene mine som var på hyttetur, fordi skulen meinte det var for vanskeleg å leggje til rette for synshemma på ein slik tur, seier Silje Solvang.

Ho er turleiar på leir for blinde og svaksynte ungdommar, og styreleiar i Noregs Blindeforbunds Ungdom. Leiren blir arrangert for tredje gong, og går føre seg på Geilo.

Kart og kompass

– No skal alle deltakarane lære seg å lage mat på stormkjøkken. Det er noko av det me skal gjera på turen, seier Solvang.

Silje Solvang

Silje Solvang er leiar i Noregs Blindeforbunds Ungdom.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Dei lærar alt frå å bruke kart og kompass, til å lage mat og setje opp telt. Målet er å gi ungdommane meistring og sjølvtillit. Og ein sjanse til å delta i fellesskap som tidlegare har vore utilgjengelege.

– Me brukar våre eigne sansar. Det taktile, er vel det me brukar for å ta oss fram i dette her, seier Shazab Mohammed, ein av deltakarane på leiren.

Shazab Mohammed

Shazab Mohammed går tur i fjellet.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Ein «random» tur

Tiril Wiksèn Elofsson har berre 10 prosent syn, men det stoppar ikkje henne frå å vera aktiv ute.

– Eg synest det er veldig gøy å vera i aktivitet. Det er noko alle er, seier ho.

Tiril Wiksen ELofsson

Tiril Wiksèn Elofsson likar å vera i aktivitet.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

For mange er det å lære praktiske ferdigheiter ein viktig veg inn i fellesskapet.

– Det hjelper ikkje å berre melde seg på ein «random tur», og tenkje at det går bra om ein ikkje har fått tilrettelegginga og lært, seier turleiaren Solvang.

Ho fortel at ein treng å lære gjennom hendene, og andre sansar enn synet. Slik at ein kan meistre naturen på eiga hand.

Telt i ei veke

Leiren er finansiert med stønad frå Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), og blir driven på frivillig basis.

– Alle me tillitsvalde arbeider frivillig, så me er avhengige av slike eldsjeler som lyst å vera turleiarar, og ta initiativ til slike turar som dette. Dei hjelper oss heile turen, og bidreg med alt frå ledsaging til å hjelpe der det trengst, seier Solvang.

To personer som giv hverandre high five

Highfive!

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Ho håpar fleire kan få kjenne på meistringskjensla ho sjølv har opplevd, og at fleire får høve til å bli med.

– Eg har sove ute ei veke. Eg har lært å setje opp hengekøye, og mitt eige telt. Då blir terskelen lågare for at ein skal kunne vera med, seier ho.

Publisert 30.07.2025, kl. 09.56 Oppdatert 30.07.2025, kl. 09.57

Read Entire Article