Verdskjente idrettsutøvarar strøymer til den sosiale plattforma Snapchat.
Erling Braut Haaland og OL-vinnar Markus Rooth, er to av ein rekke kjente utøvarar som dagleg tar i bruk den lysegule firkanten.
Også Jakob Ingebrigtsen har nyleg kasta seg på Snapchat-trenden.
– Eg prøver å dele ting frå kvardagen min som eg tenker kan vere interessant for følgarane mine, fortel Rooth til NRK.
På Snapchat får publikum upolert innhald frå elles utilgjengelege idrettsstjerner.
Det usminka innhaldet er likevel ikkje på slump, men nøye planlagt, meiner merkevare-ekspert, Magnus Forseth.
STERK MERKEVARE: – Snapchat er ein attraktiv kanal for sponsorar og kommersielle aktørar, meiner Forseth.
Foto: Sigve Mejdal– Det viktigaste ein idrettsutøvar har i 2026 er si eiga merkevare. Dei som klarer å forvalte merkevara si best, er også dei som gjer det inntektsmessig best, seier Forseth til NRK.
Han meiner at merkevarebygging aldri har vore viktigare for idrettsutøvarar.
– Som utøvar har du i gjennomsnitt ein karriere på rundt 15 år og for å få maksimalt økonomisk ut av dei, må du ha ei sterk merkevare.
Attraktivt for sponsorar
Snapchat har blitt ei gullgruve for influensarar som hyppig publiserer til store følgarskalaer.
Eksempelvis har influensar Isabel Raad tidlegare uttalt til Nettavisen at ho kan tene opptil to millionar kroner frå appen på éin månad.
Erling Braut Haaland har i nyare tid vekt oppsikt for dei humoristiske bilda og selfiane sine frå Snapchat.
POPULÆR: Innhaldet i Manchester City-stjerna engasjerer på Snapchat.
Foto: Erling Braut Haaland/SnapchatPosering med hummar eller ironiske selfiar om søndagstrening er noko av det vi får sjå frå kontoen til jærbuen.
Forseth ser likevel på det som meir enn berre enkle situasjonsrapportar.
– Det ufiltrerte innhaldet kjennest ærleg og utøvarane får ein heilt anna truverd i kommunikasjonen som sponsor, kunngjer eksperten.
Avviser pengefokus
Markus Rooth blei i rekordfart ein av dei mest folkekjære idrettsprofilane i landet etter OL-gullet i Paris.
Like fort voks også populariteten hans på Snapchat som gjer at han i dag har ein av dei største følgarbasane blant norske idrettsutøvarar på Snapchat.
– Eg fekk inntrykk av at folk ønskte å sjå ein meir ufiltrert versjon av meg, meir enn at det er ei inntektsgreie, seier den olympiske meisteren.
Rooth fortel at han allereie heilt nede i barneskulealder publiserte glimt frå kvardagen til venene på Snapchat.
– Eg har gjort det i ti–tolv år, så det er jo ikkje noko nytt for meg. Den einaste forskjellen er at det er «litt» fleire som ser han i dag, kunngjer Rooth lattermildt.
24-åringen innrømmer at det også handlar om å bygge seg sjølv som merkevare.
KNIPS, KNIPS, KNIPS: Rooth sper på med innhald til følgarane.
Foto: Markus Rooth/Snapchat– Det er nok viktigare enn før, men det blir bygd på mange måtar, frå resultat og dei andre litt meir kommersielle sosiale medium òg.
– Mange vil nok lure på om mykje tid på Snapchat tar merksemd vekk frå idretten?
– Det tar aldri energi fordi eg publiserer berre det eg har lyst til. Det gir faktisk tilbake igjen når eg får så mykje respons, seier tikjemparen.
Kva kjente idrettsprofilar vel å legge ut, må likevel følge strenge krav, ifølge forbrukarjurist Nora Gløersen i Forbrukarrådet.
Hva synes du om idrettsutøvere på Snapchat?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Åtvarar utøvarane
– Utfordringa med «ekte» og ufiltrert innhald er at det blir vanskeleg å sjå om noko er reklame eller ikkje, seier Gløersen til NRK og legg til:
– Idrettsprofilar som brukar Snapchat bør vere klare over at det er veldig mykje som fell inn under marknadsføringsomgrepet.
KRITISK BLIKK: – Brot på regelverket om skjult reklame kan få konsekvensar, kunngjer Gløersen.
Foto: ForbrukerrådetMange utøvarar har generelle avtalar med store selskap som for eksempel Nike eller Adidas.
– Innhald som viser eller omtalar den merkevara, er reklame, konstaterer Gløersen.
Forbrukartilsynet har gjort fleire vedtak for å motverke skjult reklame.
Brot på lovverket kan straffast med opptil 20.000 kroner i bot per innlegg som inneheld feilaktig eller ulovleg marknadsføring.
– Det er ikkje noko i vegen for å bygge opp si eiga merkevare, men det må alltid skje ope, påpeikar Gløersen.
Hei!
Har du tanker om saken du har lest, eller innspill til andre ting vi i NRK Sport burde sjekke ut? Send meg gjerne en e-post!
Publisert 15.01.2026, kl. 16.59 Oppdatert 15.01.2026, kl. 17.20














English (US)