– Telenor har forrådd dei 18 millionar brukarane sine. Selskapet har utsett dei for overvakinga og undertrykkinga til militærjuntaen.
Det seier Ko Ye. Han er frå Myanmar og var telenorkunde. Ko Ye er ein av dei som står bak ei omfattande klage mot Telenor. Denne veka kom konklusjonen.
Fleire kritiske punkt
Det er OECDs norske kontaktpunkt (NCP) som har komme med sin dom.
Og der er kritikken tydeleg. Telenor følgde ikkje retningslinjene for ansvarleg næringsliv da selskapet trekte seg ut av Myanmar.
Telenor er ikkje samd i kritikken. Selskapet meiner han byggjer på eit ufullstendig faktagrunnlag. Sjå svaret frå Telenor lengre ned i artikkelen.
Rapporten slår blant anna fast at:
- Telenor var ikkje førebudd på situasjonen som blei skapt av militærkuppet i februar 2021.
- Telenor utførte ikkje løpande aktsemdvurderingar for menneskerettar.
- Selskapet hadde ingen exitstrategi på plass før kuppet.
- Det var ikkje i samsvar med retningslinjene å systematisk prioritere Telenors eigne tilsette.
Ein farse
Det siste punktet er særleg interessant.
Telenor har heile tida forklart handlingane sine med omsynet til eigne tilsette. Derfor utleverte selskapet store mengder sensitiv kundeinformasjon til det valdelege regimet.
– Telenors historie om dette har vore ein farse. Mange av dei tilsette vi har snakka med, har meint det motsette, seier Joseph Wilde-Ramsing.
Han er direktør i den nederlandske organisasjonen SOMO. Det er den som har koordinert klaga.
– Dei ville ikkje dele informasjonen. Fordi dei frykta for å bli sett på som forrædarar, seier Ramsing.
Ein seig prosess
Det er ein lang og seig prosess som nå har fått konklusjonen sin.
Allereie sommaren 2021 klaga 474 sivile, burmesiske organisasjonar Telenor inn for OECD. Det skjedde da det blei kjent at selskapet var til sals.
Lokalbefolkninga frykta at sensitiv informasjon ville hamne i hendene på den brutale militærjuntaen.
Joseph Wilde-Ramsing, direktør SOMO
Foto: Marjory Haringa / SOMO– Avgjerda til NPC bekreftar bekymringane våre, seier Wilde Ramsing.
– Telenor sveik aktivt tilliten til kundane. Fordi selskapet etterkom kvar einaste førespurnad frå militæret om sensitive personopplysningar. Dette kan ha ført til arrestasjonar og tortur. Ja, til og med dødsfall blant aktivistar. Noko NRK nyleg avslørte.
NRKs artikkelserie er omtalt fleire stadar i den ferske rapporten.
– At Telenors etterleving av lovpålagde krav direkte førte til arrestasjonar, tortur eller drap, stemmer ikkje med konklusjonane i NCP-rapporten, seier informasjonssjef David Fidjeland i Telenor.
Langt høgare
SOMO-direktøren meiner det nå er grunnlag for eit stort erstatningsbeløp.
– Telenor burde akseptert det første kravet vårt.
Han viser til at SOMO i førehandlingane med Telenor har kravd kompensasjon. Totalt har det dreidd seg om 180 millionar dollar. Det vil seie ti dollar per kunde. Eller 1,8 milliardar norske kroner. Dette har det norske, statseigde selskapet avvist kontant.
– Nå kjem vi til å gå for eit høgare beløp, seier Joseph Wilde-Ramsing.
Kravet kjem til å bli fremma i det sivile søksmålet som er varsla mot Telenor.
– Kor mykje kan det vere snakk om?
– Vi held på å rekne på det. Vi har Telenor på kroken. Vi kjem til å krevje eit mykje høgare beløp.
Telenorkunde Ko Ye er samstemt.
– Nå må Telenor hjelpe dei som har blitt skadelidande av handlingane til selskapet, seier han.
Publisert 11.12.2025, kl. 09.55
















English (US)