To menn tatt etter innbrotsbølge

8 hours ago 4



Bergen og Ålesund:

Få dagar etter at politiet gjekk ut med etterlysinga, er to personar arrestert.

 Utlevert til presse av politiet
PÅ KAMERA: Gjerningspersonane har blitt fanga på overvakingskamera fleire stader. Her i Bergen. Foto: Utlevert til presse av politiet

Publisert 19.12.2025 12:07

Det får TV 2 opplyst. 

Gjerningspersonar har i haust herja i villastrøk i både Bergen og Ålesund. Verdiar for fleire hundretusen har blitt tatt frå eit tosifra tal bustadhus.

Som TV 2 tidlegare har omtala, vekka innbrotsmetoden oppsikt hjå politiet.

Tjuvane har nemleg fjerna sjølve glaset frå vindaugerammene, slik at dei unngår bustadalarmen.

Bergens Tidende var først med å melde om pågripingane.

Dei skriv at det går føre seg krimtekniske undersøkingar på ei adresse i Bergen der politiet meiner dei to har hatt tilhald.

 Politiet
UNNGÅR ALARM: Innbrotsjuvane skjærer enten hol i vindaugsglaset eller tar det heilt ut frå ramma for å unngå at innbrotsalarmen går av. Foto: Politiet

Som oftast har dei tatt seg inn på soveromma i husa og forsyna seg med smykke, kontantar og bunadssølv.

Gjennombrot etter etterlysing

Tidlegare denne veka gjekk politiet i Ålesund og Bergen ut med ei etterlysing av to menn. 

Politiet meinte dei to som var avbilda på overvakingskameraet på kjøpesenteret Amfi Moa i Ålesund, kunne knytast til innbrotsbølgjene i begge byar.

Til Bergensavisen bekreftar politiadvokat Øyvind Rune Bjørkås at to menn er pågripne i Stavanger.

– Me fekk bistand frå Sør-Vest politidistrikt. Dei to er utanlandske statsborgarar som ikkje tidlegare har vore involvert i straffesaker i Norge, seier han til BA.

Read Entire Article